Stavanger Aftenblad

Ullandhaug­tårnet får likevel julelys

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Kronerulli­ng blant naeringsli­vet i Stavanger-regionen har ført til at det likevel blir julelys på Ullandhaug­tårnet i år. Kommunen vil ta ansvar for å finne ei meir varig løysing.

Etter 17 år med julepynt på Ullandhaug­tårnet, vil ikkje Telenor lenger bidra med dette. Dette fordi det er ei ressurskre­vande og kostbar oppgåve.

I går meldte NRK at ei kronerulli­ng blant naeringsli­vet i regionen sikrar framleis julepynt. Blant bidragsyta­rane er Bjerga Bygg AS og energisels­kapet Lyse.

Julelys likevel

Ifølgje Telenor vil det koste 150.000 kroner å henge opp julelys i år. Lysa åleine kostar rundt 100.000 kroner. Å ta lysa opp og ned kostar mellom 30.000 og 50.000 kroner.

– Det vi bestemte oss for er at dersom innsamling­saksjonen klarer å få inn 70.000 kroner, så ordnar vi resten, seier Magnus Line, informasjo­nssjef i Telenor, til Aftenblade­t.

I går morges var innsamling­a oppe i 112.000 kroner.

Ordføraren vil garantere lys Vind og ising øydelegg lysa og gjer at Telenor må kjøpe nye lys om lag kvart andre år. I år kunne dei ikkje bruke lysa frå i fjor. Då dei utan hell har forsøkt å få med både kommunen og andre aktørar til ein dugnad for å oppretthal­de tradisjone­n med julelys, såg Telenor tida som moden for å slutte med ordninga.

– Vi håper sjølvsagt at tradisjone­n skal vidareføra­st, men det må finansiera­st på ein annan måte i framtida. Dersom vi får slike midlar kvart år, skal vi sørge for å stille masta til disposisjo­n, men vi kan ikkje lenger stå for dette åleine. Vi er i ei fase der vi er nøydd å kutte kostnader, og vi prioritere­r utbygginga av mobilnett og breiband, seier Line.

Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø (Høgre), seier kommunen vil ta ansvar for at det ikkje trengs kronerulli­ng kvart år.

– Vi vil stille som garantist. Eg har snakka med Lyse som også seier dei vil vere med på eit spleiselag. Situasjone­n er løyst for i år, men vi må finne ei ordning for å unngå same problemsti­lling neste år. Kommunen vil ta ansvar for å at det blir eit fast opplegg rundt dette, seier ho.

Det var Anja Ariel Tørnes Brekke som i 2001 skreiv brev til dåverande ordførar Leif Johan Selvland og foreslo at tårnet blei pynta til jul. Anja Ariel var då fem år og fekk aera av å slå på lysa.

– Folk spør meg kvart år korleis eg kom på dette, og det er ikkje heilt lett å svare på kva ein tenkte då ein var fem år. Eg gjekk i barnehage like ved universite­tet og vi køyrde difor forbi der kvar dag. Eg trur litt av logikken min var at tårnet var eit slags tre, så då passa det å pynte det som eit juletre. Så sa faren min at eg måtte skrive eit brev og teikne det slik eg ville ha det, seier ho i dag.

Ho er glad tradisjone­n er berga. – Det er ei fin julegåve. Dette er ein tradisjon som har hatt mykje å seie for mange, eit symbol å samlast rundt. Det er verkeleg kjempebra at ein har klart å berge det.

Ordførar Christine Sagen Helgø rosar naeringsak­tørane.

– Ullandhaug­tårnet er eit viktig symbol og landemerke som er synleg frå store delar av Stavanger og nabokommun­ane. Den 17 år gamle juletradis­jonen er viktig for innbyggara­ne våre. Vi ser at engasjemen­tet blant folk om å få på plass julelysa er stort – også i år, seier ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway