Stavanger Aftenblad

Elevane får politikara­ne si støtte

-

Tre jenter ved Nylund skole har starta underskrif­tskampanje for å hindre at skulen mister gulfargen sin. Per A. Thorbjørns­en (V) håper administra­sjonen lyttar til elevane.

Liv Tjelta Thorshaug (11), Mille Eia Richter (10) og Helene Gabrielle Van Blaricum (11) synest det er trist at Nylund skole mister gulfargen sin.

I løpet av 2019 skal det lysegule bygget vere heilt grått, og kommunen har allereie malt den første veggen. Sjetteklas­se-jentene har starta underskrif­tskampanje for å stoppe dette, og har i løpet av første veka fått inn rundt hundre underskrif­ter.

Administra­sjonen i Stavanger kommune fremjar ei sak om prosjektet på møtet i kommunalst­yret for miljø og utbygging (KMU) 20. november. Då skal politikara­ne behandle andre byggefase i restaureri­nga av skulen, med oppstillin­g av kostnader etter anbodsrund­a.

– Når elevar har sterke meiningar om fargebruk skal vi lytte til det. Det er elevane som går der kvar dag og må forhalde seg til det, ikkje byråkratan­e, seier Per A. Thorbjørns­en (Venstre), leiar i KMU.

Fleire politikara­r har i sosiale medium og i saka sitt kommentarf­elt uttrykt støtte til elevane. Blant anna har Ingebjørg Folgerø (Høgre) varsla at ho vil sørge for at dette blir tema i neste KMUmøte. Også Rune Askeland (MDG) samt dei to Ap-politikara­ne Øyvind Jacobsen og Dag Mossige, skriv at skulen bør forbli gul.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway