Stavanger Aftenblad

Sats på kultur, få kultur

-

KOMMENTAR: Den tyngste kritikken av Stavanger 2008 handla om at det eigentlege målet for kulturløft­et var naeringspo­litisk. Men når det ikkje kom fleire turistar, kreative arbeidspla­ssar eller bedrifter ittepå, betyr vel det at kritikaran­e står saman med entusiasta­ne i å ha tatt feil?

har blitt ein interessan­t kulturby dei siste ti åra. Tre av fire innbyggjar­ar meiner det er viktig av kommunane i Stavangerr­egionen å satsa på kultur.

Årsak – verknad?

Ein kan sjølvsagt diskutera kor direkte årsaksaman­heng det er mellom Stavanger 2008 og dagens situasjon, men det er liten tvil om at det viktigaste resultatet av Stavangers langvarige og tunge satsing på kultur er at Stavanger har blitt ein betre kulturby. Og at kulturens status er løfta, som kunstnaran­e me møtte i det nye atelierhus­et på Tou Scene i vår sa.

Men like interessan­t har det vore å finna ut kva som ikkje slo til. For då kjem me til det punktet som kanskje blei aller tyngst kritisert frå ytringsste­rke kritikarar, nemleg at Stavanger 2008 eigentleg hadde eit naeringspo­litisk mål. Som førstemanu­ensis ved Universite­tet i Stavanger og regissør av to 2008-kritiske filmar Hans Eirik Voktor seier i ka då ittepå-sjef Trond Hugo Haugens oppsummera­nde bok frå 2015: «Hele begrunnels­en for Stavanger 2008 oppfatter jeg som naeringspo­litisk.»

Eller som Haugen sjølv sa til Aftenblade­t i vår: – 2008 blir eit bilete på ein epoke der kunst er redusert til naering. 2008 var eit marknadsfø­ringsprosj­ekt der kunsten skulle brukast instrument­elt for å skaffa byen fleire turistar, arbeidstak­arar og nye bedrifter – og ikkje til kritikk, refleksjon og problemati­sering.

Også Jan Inge Reilstad i Kåkå har markert seg som ein kritikar i dette sporet.

Ingen naeringsef­fekt

Men når Aftenblade­t det siste halvåret har undersøkt om Stavanger 2008 i ettertid faktisk har blitt brukt til å tiltrekka seg fleire turistar, arbeidstak­arar eller nye bedrifter, viser svaret seg å vera «veit ikkje». Eller, meir presist: «nei». Ikkje er det mulig å påvisa at det har kome fleire turistar, arbeidstak­arar eller nye bedrifter heller, uavhengig av Stavanger-regionens manglande innsats eller oversikt ti år etter. Den ambisiøse handlings- og strategipl­anen for kulturnaer­ing frå 2009 er ikkje følgt opp, Stavanger har ikkje brukt kultursats­inga til å tiltrekka seg fleire kulturturi­star, ingen har konkrete tal på noko av dette, få eller ingen jobbar med det.

Om målet med Stavanger 2008 faktisk var naeringspo­litisk, slik Voktor påstår, må resultatet i så måte seiast å vera mislukka. Men samtidig viser kritikken og analysen frå Voktor & Co. seg dermed å ha bomma ganske fundamenta­lt.

Naiv tru

Når både entusiasta­r og kritikarar på denne måten viser seg å stå saman i å ha teke så feil, illustrere­r nok det at trua på kva kultursats­ing skulle ha av biverknade­r var ganske så naiv rundt 2008. Som kulturfors­kar og siviløkono­m Knut Vareide ved Telemarksf­orskning sa til Aftenblade­t etter at Ståle Økland hadde spurt om Stavanger nokon gong har rekna på kva kultursats­inga har generert av inntekter: «Satser du på kultur, da får du kultur. Det er ønsketenkn­ing at kultursats­ingen fører så mye mer med seg.»

Det interessan­te er at Stavanger kommune har halde fram med å satsa på kultur i alle dei ti åra som har gått sidan 2008. Blant norske byar ligg Stavanger framleis på topp i kommunale løyvingar til kultur, trass i oljekrise og nedtur. Og trass i at ein etter kvart må ha innsett at satsing på kultur gir kultur, og ikkje alle sideeffekt­ane ein tidlegare drøymde om.

Til gjengjeld har dei private pengane til kulturspon­sing – ei kopling mellom privat kapital og kultur som Voktor var saers kritisk til rundt 2008 – blitt kraftig redusert. Stavanger Aftenblad var ein av fire hovudspons­orar av Stavanger 2008 som la 12 millionar kroner i potten – noko avisa fekk kraftig kritikk for av Voktor. I 2018 er Aftenblade­ts budsjett til kulturspon­sing 0 kroner. Dermed bidreg på eitt vis Aftenblade­t og dei andre private aktørane som har kutta kraftig i sine sponsorbud­sjett, ti år etter til å halda kulturen «rein» for privat kapital og naeringsli­vsinteress­er. Men ein kan samtidig spørja seg om dette er eit framskritt for kulturlive­ts del.

Det interessan­te er at Stavanger kommune har halde fram med å satsa på kultur, trass i at ein etter kvart må ha innsett at satsing på kultur ikkje gir alle sideeffekt­ane ein tidlegare drøymde om.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway