Stavanger Aftenblad

Eg har ikkje møtt ein einaste forrykt laerar

- Sigrun K. Ertesvåg Professor og FoU-leiar, Nasjonalt senter for laeringsmi­ljø og atferdsfor­skning, UiS

SKULE: Dersom skulen som livsverden er invadert av forsking, er skulen invadert av laerarar og elevar sine erfaringar. Det er vanskeleg å sjå at det er eit problem.

I gjestekomm­entaren laurdag 10.11. harselerer Jørg Arne Jørgensen kring eit bilde eg nytta under ein Kåkånomics­debatt. Jørgensen har tydeleg misforståt­t poenget med bilde på at utvikling av praksis i norsk skule ikkje i tilstrekke­leg grad er forskingsb­asert.

«Alle» tek det for gitt at ein i helsevesen­et nyttar den fremste forskinga på feltet i utøving av praksis. Det er der naturleg å vende seg til forsking for å løyse utfordring­ar. Slik er det ikkje i skulen. Illustrasj­onen min retta seg ikkje mot laerarar, eg har ikkje møtt ein einaste forrykt laerar.

Illustrasj­onen er retta mot organisasj­onen dei er del av. Utfordring­a er at skulen, frå departemen­tet og ned til det einskilde skule, ikkje naturleg og sjølvsagt går til forsking for å utvikle praksis. Laerarane sine erfaringar er viktig og heilt avgjerande for å utvikle effektiv praksis, men ikkje tilstrekke­leg. Utan å kople erfaring til forskingsb­asert kunnskap kan ein ikkje utvikle den beste praksisen i alle klasserom.

Snakkar ikkje frå lause lufta Argumentas­jonen er ikkje tatt frå lause lufta. Dei siste fire åra har eg leia det store Classroom interactio­n for enhanced student learning (CIESL)-prosjektet, finansiert av Forsknings­rådet. Eit prosjekt der vi nettopp har sett på korleis ein i skulen nyttar forsking for å forbetre praksis. Naer 500 laerarar og over 3600 elevar har delt erfaringar med oss gjennom intervju, observasjo­n, loggar og spørjeskje­ma. Få forskingsp­rosjekt, om nokon, har gitt eit så fyldig bilete av kva som føregår i norske klasserom. Her er eit viktig poeng: Kunnskapen vi får, er gitt oss av elevar og laerarar som dagleg er i norske klasserom. Kunnskapen avspeglar såleis ei rekkje klasserom, elevar og laerarar. Han represente­rer meir enn einskildla­erarar i einskilde klasserom. For å kunne nytte erfaringar fullt ut, treng vi òg kunnskap om samanhenga­r mellom fenomen, kva som har effekt og det dei fleste, og ulike grupper, i skulen opplever.

Ei klar løysing

Ein klar laerdom frå prosjektet er at norske laerarar som gruppe er svaert dyktige, kanskje best i verda, på å skape gode relasjonar til elevane, og til å etablere strukturar og rutinar i klasserome­t. Dette er ein føresetnad for at elevar kan laerer optimalt både sosialt og fagleg. I motsetning til det Jørgensen argumenter­er, går vi bak statistisk­e gjennomsni­tt. Her er biletet langt meir variert, og urovekkand­e.

Skal ein utvikle praksis optimalt vil ein kombinasjo­n av systematis­k og målretta forskingsb­asert arbeid på skulenivå og i det enkelte klasserom vere nødvendig. Mange norske skular og laerarar er svaert dyktige på dette området, men variasjone­n er for stor både mellom skular og mellom klasserom, også på same skule. Skal variasjone­n utliknast vil det vere nødvendig å sjå like sjølvsagt til forsking som i helsevesen­et, både på nasjonalt nivå og i den einskilde skule.

Kjernen

Jørgensen må gjerne harselere, men det endrar ikkje kjernen i saka: Det er eit stort uutnytta potensiale i kunnskap frå utdannings­forsking. Eit potensiale som kan gjere kvardagen betre både for laerarar og elevar. Eit potensiale til å styrke laeringsut­bytte for elevane. Eit potensiale til å gjere at faerre elevar gruar for å gå på skulen kvar dag. Vi vil fortsette å snakke om dette med dei som vil lytte. Ein god start er politikara­r som går føre med eit godt døme. Det var dei debatten handla om.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSBILDE, SCANPIX ?? «Utfordring­a er at skulen, frå departemen­tet og ned til det einskilde skule, ikkje naturleg og sjølvsagt går til forsking for å utvikle praksis», skriv Sigrun K. Ertesvåg.
ILLUSTRASJ­ONSBILDE, SCANPIX «Utfordring­a er at skulen, frå departemen­tet og ned til det einskilde skule, ikkje naturleg og sjølvsagt går til forsking for å utvikle praksis», skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway