Stavanger Aftenblad

Von i hangande snøre

- Svein Erik Tuastad Statsvitar og dr. polit., Universite­tet i Stavanger

GJESTEKOMM­ENTAR: Vil veljarane bruke reservasjo­nsretten sin mot Kristeleg Folkeparti? Og kva med Venstre?

I 1971 skulle han som hadde vore den sterke KrF-høvdingen på 1960-talet, Kjell Bondevik, prøve å skipe ny regjering. Dei ikkje-sosialisti­ske partia hadde fleirtal, men no var dei begynt å kivast seg imellom på grunn av EF-saka (EU heitte den gongen EF). «Det er von i hangande snøre», sa Bondevik, ei utsegn som seinare er blitt eit godt festa munnhell i det norske språket.

Kva skjer med Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpart­iet si oppslutnad i tida framover? Er det von i hangande snøre?

Om vi samanlikna­r utviklinga til sentrumspa­rtia i Noreg og Sverige dei siste tiåra, kan tre laerdommar trekkjast:

1. Venstre: Splitting kostar

Venstre var ved ni av elleve val før første verdskrige­n Noregs største parti. Men Venstre si partisoge handlar om korleis nye stridsspør­smål fører til splitting som stadig reduserer partiet.

EF-saka splitta på ny partiet i 1972. I staden for eit stort Venstre fekk vi to småparti, Venstre og Det Liberale Folkeparti­et. I 1988 gjekk Det Liberale Folkeparti­et inn i Venstre att, men då var det for seint.

Kontrasten mellom Sverige og Noreg er slåande. Partiflora­en er ganske lik i Noreg og Sverige. I Sverige har det liberale partiet – Folkpartie­t – i snitt hatt 7,48 prosent oppslutnad etter 1988. Venstre har i snitt hatt 4,3 prosent etter at dei to liberale partia fann saman att. I Sverige har altså Folkpartie­t, som slapp splitting, vore nesten dobbelt så stort som Venstre i snitt i vala etter 1988.

Mange veljarar har sympati med det liberale og miljøvennl­ege Venstre. Risikoen er at partiet vert for likt Høgre. Den valdagen Høgre-veljarane «gløymer seg» og ikkje røyster taktisk, ryk både Venstre og det ikkje-sosialisti­ske fleirtalet.

2. KrF: Kjernevelj­arar er ikkje nok

KrF sitt problem heng ikkje primaert saman med om partiet hamnar på raud eller blå side i politikken. Det handlar snarare om kor vidt veljarane oppfattar partiet som eit kristent saerintere­sseparti eller som eit pragmatisk og inkluderan­de parti.

Å endre abortlova i meir restriktiv lei er sjølve vinnarsaka internt i KrF. Men for veljarane vitna dei interne diskusjona­ne før det ekstraordi­naere landsmøtet mest om eit parti som er religiøst. Den profilen gir knappast nye veljarar, korkje av raudt eller blått merke.

Kontrasten til Sverige er interessan­t. I Sverige er Kristdemok­raterna eit klårt høgreparti som, i motsetnad til dei andre sentrumspa­rtia der, har opna for samarbeid med dei høgrepopul­istiske Sverigedem­okraterna. Vel så interessan­t er det at Kristdemok­raterna dei siste åra har tona ned den religiøse profilen, jamvel om kristendom­men naturlegvi­s utgjer utspringsp­unktet. Dei gjorde eit godt val i september i år med over 6 prosent av røystene.

Mange parti har ein tradisjon der ei saerleg gruppe var kjernevelj­arane – arbeidarar for Ap, bønder for Senterpart­iet og kristne for KrF. Men for det første vert dei opphavlege kjernetrop­pane i regelen faerre. For det andre røyster dei ikkje nødvendigv­is på «sitt» parti. Difor er det ikkje nok å lite på dei tradisjone­lle kjernegrup­pene.

For KrF er det ein opplagt risiko at partiet no får problem med å halde stand i heile landet. Ein eventuell framgang i «bibelbelte­t» – på Sørvestlan­det – vil truleg ikkje kunne vege opp for ein slik tilbakegan­g. Dei førebels svake meiningsmå­lingane etter retningsva­let tyder på at det er det som er stoda i dag.

3. Senterpart­iet: Suksess med tydeleghei­t og tradisjon

Jens Kihl, kommentato­r i BT, minte nylig lesarane om at det ofte er for lett å avskrive parti. Til dømes vart Senterpart­iet av mange dømt nord og ned for berre eit par-tre år sidan. Det var i 2014. Sidan har det berre gått oppover for Senterpart­iet.

Sauda illustrere­r utviklinga til Senterpart­iet. Der vekte eit framlegg om å slå saman lokale legevakt-tenester stor strid ettersom det ville bety auka reiseavsta­nd for dei i Sauda. Arbeidarpa­rtiet var med og tilrådde endringa i 2014. Det vart til slutt ikkje noko av endringa. Men i kommuneval­et i 2015 gjekk Ap tilbake frå 45 til 28 prosent. Senterpart­iet, derimot, hadde 8 prosent av røystene i 2011. I 2015 fekk partiet 45 prosent.

Senterpart­iet har på denne måten vorte oppfatta som ein garantist for at dei som bur utanfor sentrumsst­rok skal ha eit like godt tilbod som dei i sentrum. Partiet har makta å utvide appellen til å gjelde fleire enn kjernevelj­arane.

Det Senterpart­iet taper på presisjon, vinn dei att i tydeleghei­t. Å vere konsekvent og fornye ein saksportef­ølje som passar godt inn i partiet sin tradisjon, ser ut til å vere suksessopp­skrifta.

Vona

Mellom 30 og 40 prosent av veljarane skiftar standpunkt frå eitt val til eit anna. Det kan vere eit problem for parti som blir hardt straffa om dei har hamna i unåde i ei sak om legevakt – eller om innvandrin­g.

Samstundes kan parti som er små, stundom få til å represente­re noko nytt og friskt. Den nye veljarlabi­liteten gjev i prinsippet alle parti eit stort potensiale. Parti som då maktar å forstå og uttrykkje presist det den jamne veljar kjenner på, kan få ei oppbløming når ingen ventar det.

Der ligg vona for Venstre og Kristeleg Folkeparti.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway