Stavanger Aftenblad

To av tre rusmisbruk­arar slit med psykiske problem

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: – Hadde eg fått hjelp med det psykiske tidlegare, hadde eg ikkje hamna så langt inn i rusen, seier ein mann i slutten av 20-åra som byrja å ruse seg då han var 12 år.

– Eg har vore deprimert så lenge eg kan hugse. Mest depresjon, men også panikkangs­t. Eg byrja å ruse meg då eg var 12 år, først hasj og etterkvart sterkare narkotika. Depresjone­n blei enda verre etter dette. Først då eg var 23 år fekk eg behandling for rusen. Før dette hadde eg heller aldri fått hjelp med det psykiske, seier den tidlegare rusmisbruk­aren.

Han trur han hadde sluppe å hamne så langt inn i rusen dersom han hadde fått hjelp for depresjone­n tidlegare.

Behandlar i dag

– På skulen trur eg at dei tenkte at eg hadde dårleg vilje, og på vidaregåan­de styrer ein seg meir sjølv. Eg ønska nok hjelp, men visste ikkje kva som fantest. Samtidig er eg sta og ville gjerne klare meg sjølv.

Om lag to av tre brukarar med rusproblem (ROP-brukarar) har også psykiske vansker, viser tal frå Stavanger kommune (2016). Det vil seie 427 av 676 rusmisbruk­arar. I dag skal politikara­ne i kommunalst­yret for levekår behandle ein plan for psykisk helsearbei­d i Stavanger kommune.

Nye typer bustader

I planen som i første omgang skal sendast på høyring, står det at kommunen har store utfordring­ar med å hjelpe enkelte av ROPbrukara­ne. Dei vil ha nye typer butilbud for desse brukarane.

– Det er ikkje alle som likar å bu tett innpå andre, samtidig som dei treng naerleik til og oppfølging frå fagpersona­le. Dette er gjerne personar som vi tenker treng hjelp, men som ikkje alltid ønsker det. Vi må bli betre til å skreddarsy den hjelpa vi skal gi, seier Gunn Hinna ved Helse og velferd i Stavanger kommune.

Kommunen foreslår i planen å etablere fleire separate leileghete­r med naerleik til ein base med fagpersona­le.

– I basen skal brukarane sjølv kunne henvende seg. Dei har gjerne behov for hjelp på andre tidspunkt enn vi har planlagt. Så tenker vi at det også kan vere ein tryggleik for naboar at ein kan henvende seg der dersom det oppstår hendingar med bebuarane.

Dette meiner Hinna ein bør sjå på som ein del av eit forsknings­prosjekt. I 2017 sette bystyret av 10 millionar kroner til forskning på nye tenester til ROP-brukarane.

Tilsette manglar utdanning

I overkant av 40 prosent av dei tilsette i bufellessk­apa psykisk helse og verksemda Bu og aktivitet psykisk helse har i dag bachelorgr­ad eller annan høgare utdanning innan helse og sosial.

– Det handlar ikkje om at vi treng fleire tilsette, men vi treng fleire med høgare utdanning. Dei siste åra har det vore vanskeleg å rekruttere nok, seier Hinna.

Mannen Aftenblade­t har snakka med, er under utredning for å få ei diagnose. Han har vore gjennom langtidsbe­handling i spesialhel­setenesta, men treng framleis oppfølging.

– Eg trur eg er kronisk deprimert og at dette alltid vil vere noko eg vil slite med. Tidlegare har eg gjerne tenkt at å få diagnose ville gjere meg sjukare, seier han.

Han bur i ein overgangsb­ustad som kommunen driv i samarbeid med Helse Stavanger. Her har brukarane stor fridom, men om dei sprekk, får dei ikkje lenger bu der.

– Sist eg sprakk, var eg heldig og hadde vener eg kunne bu hos. På institusjo­nar er det ofte ventetid og mange hamnar difor på hospits. Der er det lett tilgang på narkotika. Det manglar eit mellomledd her, eit betre butilbod for dei som sprekk, seier han.

Gunn Hinna i Stavanger kommune viser til samarbeids­avtalen dei har med Helse Stavanger der det står at det ved tilbakefal­l er fleire moglege løysingar: «Eksempler på tiltak kan vaere tilbud om avrusing ved Rogaland A-senter (RAS), stabiliser­ingsopphol­d ved FAB eller tiltak i institusjo­nen beboeren har oppholdt seg i».

 ?? RUNE VANDVIK ?? Han har vore deprimert så lenge han kan hugse. Då han var 12 byrja han å ruse seg. Først 23 år gamal fekk han for første gong behandling.
RUNE VANDVIK Han har vore deprimert så lenge han kan hugse. Då han var 12 byrja han å ruse seg. Først 23 år gamal fekk han for første gong behandling.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway