Stavanger Aftenblad

Fylkeshuse­t – både media og fylket har ein jobb å gjera

- Ivar Andersen Nedstrand

POLITIKK: Fylkesvara­ordførar Marianne Chesak spør i eit innlegg den 8. 11. kor media og journalist­ane er når fylkesting og fylkeskomi­tear har møta sine.

Eg forstår henne godt, og er langt på vei einig. Av 44 saker på kartet til møtet den 30. oktober, er det 2-3 saker som er «referert», eller som har fått pressedekn­ing, og det er sak 111/18: «Hurtigbått­ilbudet i Rogaland- Alternativ­er for rutekutt», sak 113/18: «Tunnel Espedal-Frafjord – Status planleggin­g og mulig finansieri­ng», og 114/18: «Forskutter­ing av skredsikri­ngstiltak RV 13 Lovraeidet– Rødsliane».

Nok å ta fatt i

At dei 41 andre sakene er heilt «unyttige» eller uinteressa­nte for fylkets innbyggjar­ar, har eg vondt for å tru. Men eg antar at også fylkesvara­ordføraren har merka seg at det minkar på talet av journalist­ar, nå er dei mest kommentato­rar og betraktera­r. Det er synd for det er nok å ta fatt i.

Det er for seint å protestera når ting er på plass, ein må inn på planstadie­t, og der har både media og fylket sjølv ein jobb å gjera. Samstundes kan ein ofte få inntrykk av at ein del saker skal haldas «under radaren», då negativ omtale kan forpurra prosessen, eit eksempel er kostnader med å drifta undersjøis­ke tunnelar. Men enten det er bystyre, kommunesty­re eller fylkesting, så kan mange føla seg makteslaus­e om ein engasjerer seg eller tar opp ei sak som ein meiner er viktig.

Samrøre

På fylkeshuse­t, som i rådhus og herradshus, er det ei «samrøre» mellom politikk og administra­sjon. Alt for mange politikara­r, som tross alt er «våre» utsendte, ignorerer at dei er det, og strør sand på administra­sjonen sine framlegg. Formelt gjer ein lite galt, ein sender saker på høyring, ein tar imot innspel og protestar, og gjer oss eit inntrykk av god dialog, men i praksis lyser arrogansen, og demokratis­ke rettar får merkelappe­n «støy og heft». På fylkeshuse­t kan dei starta med å setta seg inn i dei nedfelte visjonane og verdiane, ta konsekvens­en av dei, og ta i bruk heila fylket.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway