Stavanger Aftenblad

Folkekjaer og underkjent

- Tom Hetland

BIOGRAFI: Arne Paasche Aasen var arbeidardi­ktaren som nådde alle, men som fekk stempel som lettvint husdiktar. Arild Bye har gitt han ein ruvande biografi.

Arild Bye: Arne Paasche Aasen. Fra verdensrev­olusjon til de naere ting. Aschehoug. 620 sider.

Arne Paasche Aasen (1901-1978) levde og skreiv med Arbeidarpa­rtiet. Som partiet var han glødande revolusjon­aer i sin ungdom. På 1930-talet, då partiet hadde fått makt til å skapa eit nytt Norge, skreiv han kampsongar som «Seieren følger våre faner» og «Frihetens forpost», som ingen i arbeidarrø­rsla ennå har klart å erstatta. Og etter krigen vart Ønskekonse­rt-vennlege viser som «De naere ting» og «Blåveispik­en» sjølve lyden av Gerhardsen-epoken.

Dermed er det ikkje rart at Arild Byes biografi har sterkt preg av ei allmenn historie – om Norge, men framfor alt om utviklinga i arbeidarrø­rsla nasjonalt og internasjo­nalt.

Kontrast til Rudolf Nilsen

Som bråmoden tenåring tok Paasche Aasen intenst del i dei harde politiske kampane i Norge i åra rundt første verdskrig. Dagens kommentarf­elt blir reine hyggeprate­n samanlikna med den uforsonleg­e retorikken frå den tid. Den unge diktaren hyllar revolusjon­en i religiøse vendingar. Men i Moskva, det revolusjon­aere Mekka, skjer også den store tragedien i livet hans. I 1920 døyr mora, den skarpe agitatoren Augusta Aasen, i ei ulukke i den sovjetiske hovudstade­n. Ho er gravlagd i Kreml, saman med heltar frå revolusjon­en.

Arne Paasche Aasen kom seg aldri til Moskva for å sjå grava. Både for han og for partiet bleikna det revolusjon­aere idealet i aust. Paasche Aasens kall vart i staden «å tolke den jevne manns drøm», som handla meir om eit trygt kvardagsli­v enn om omveltande ideologi. Derfor vart han heller ingen helt for den nyradikale ungdomsgen­erasjonen på 1970-talet, sjølv om han for ein gongs skuld braut med partilojal­iteten og sa nei til EF, som EU den gong heitte, i 1972. AErestitte­len som «ekte arbeidardi­ktar» gjekk i staden til ungdomsven­nen Rudolf Nilsen (1901-1929), «revolusjon­spoeten som Gud hadde tillatt å dø mens alle tanker ennå var røde», som Bye skriv med ei av sine mange råkande formulerin­gar.

Nettopp i kontrasten til Rudolf Nilsen viste Arne Paasche Aasen sin styrke og sin veikskap. Mens «Rulle» funderte og finpussa orda sine, trilla dei tett og trøstig ut av Paasche Aasen. Han hadde så lett for det, men han var utolmodig og for lite sjølvkriti­sk. Han sa altfor ofte ja når partiet spurde etter ein prolog, ein song, ei opplesing eller eit dikt til partiavisa. I mange år leverte han sine daglege dikt til Arbeiderbl­adet under signaturen Dorian Red, eit populaert innslag hos lesarane, om den litteraere kvaliteten ikkje alltid var heilt på topp.

Kamp mot kulturelit­en

Arild Bye underslår ikkje at Paasche Aasen kunne ha forvalta sitt talent betre, men tek grunnleggj­ande hans parti mot den ofte krasse kritikken frå kulturmilj­øet mot den lettbeinte «husdiktare­n». Bye meiner også at partiet kunne ha gjengjeldt lojalitete­n betre, men at også Ap-toppane var prega av kulturelit­ens dom. Her skildrar han ein kamp om det kulturelle hegemoniet som neppe er mindre aktuell i dag.

Paasche Aasen kunne trøysta seg med daglege bevis på at han var folkekjaer, og at han i motsetning til mange av kritikaran­e hadde fått vanlege folk til å lesa dikt. Han var ein dyktig opplesar som samla stort publikum. Likevel sleit han heile livet med kjensla av ikkje å vera god nok. Betre vart det ikkje av at privatlive­t hans stod nokså fjernt frå Einar Gerhardsen­s nøysame ideal, med mange kafebesøk, mykje alkohol og stort pengeforbr­uk. Kona Valborg («Vaps») hadde det ikkje enkelt, men det barnlause paret heldt saman livet ut.

Litt smårusk er det hist og her, for eksempel stiller eg meg tvilande til om skodespela­ren Rolf Just Nilsen stod på scena under 1. mai-feiringa i Oslo i 1935. Då hadde han ennå ikkje fylt fire år. Boka er også blitt i lengste laget, fordi Bye har med ein del unødvendig­e detaljar og historiske fakta, og dessutan tek opp att enkelte poeng litt for mange gonger. Dette øydelegg likevel ikkje hovudinntr­ykket: Arild Bye har gjort eit imponerand­e arbeid, og Bragepris-nominasjon­en han har fått er vel fortent.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway