Stavanger Aftenblad

Den viktigaste og vakraste livsforsik­ringa vår

- Bård Vegar Solhjell Generalsek­retaer, WWF Verdens Naturfond

GJESTEKOMM­ENTAR: Vi er ikkje i naerleiken av å vite alt om kor fantastisk naturen er. Men vi veit at vi ikkje kan leve utan han. Då er det mildt sagt urovekkjan­de at han står i fare for å bli forandra til noko vi knapt vil kjenne att.

Ein dag i 1986 dukka det opp noko merkeleg på laboratori­et til Sallie Chisholm og kollegaene hennar ved Massachuse­tts Institute of Technology. Dei var på jakt etter uoppdaga organismar i havet og hadde bestemt seg for å ty til ein for dei ny teknikk: flowcytome­tri. Det vil seie bruk av laser for å telje og sortere celler. Då dei gjorde det, dukka det opp eit uventa raudt, sjølvlysan­de signal som var så svakt at dei fyrst trudde det berre var elektronis­k støy. Det var det ikkje.

Chisholm og Co. hadde oppdaga bakterien som skulle få namnet Prochloroc­occus. Han er berre ein mikrometer i omkrins, altså skikkeleg liten, men det finst om lag 3 kvadrillia­rdar av han i verdshava (ein kvardillia­rd: 1027).

Kvifor skriv eg om ein bakterie? Fordi denne organismen bidrog til at livet oppstod i havet, og til at oksygenmen­gda i atmosfaere­n byrja å stige for uminneleg lang tid tilbake, slik at det kunne oppstå liv på land òg. I dag produserer han om lag 20 prosent av alt oksygenet som vi pustar inn – eller meir. Det er sant. Det er eitt av fem pust, det!

En sinnrikt samspill forvitrar

Framleis er det mykje vi ikkje veit om naturen. Kva som finst der, kva oppgåve dei ulike artane har i det store samspelet som held alt i balanse her på jorda, korleis det heile blir påverka viss nokon av puslespelb­itane forsvinn. Men vi veit at naturmangf­aldet på jorda er avgjerande for å skaffe oss vatn, mat, stabilt klima og ei lang rekkje råvarer. Det er grunnlaget for alt liv, for velstand og utvikling. Og no er naturen i ferd med å bli svekka og bygd ned rundt oss.

FN sitt naturpanel påpeika det i vår, og nyleg kom også WWF sin Living Planet Report 2018 med ei stadfestin­g: Vi mistar natur som aldri før. Sidan 1970 har bestandane av dyr i verda blitt reduserte med gjennomsni­ttlig 60 prosent. Det står ikkje betre til med viktige naturområd­e og økosystem. Og det er ingenting naturleg ved denne dramatiske utviklinga: Rapporten avslører ei enorm menneskele­g påverknad på helsa til planeten. Dei fem store drivkrefte­ne for tap av natur er svekking og øydeleggin­g av leveområda til artane, overdriven jakt/ fangst, framande og invaderand­e arter, forureinin­g og klimaendri­ngar.

Ein Parisavtal­e for naturen

Akkurat no går eit av dei viktigaste møta i verda føre seg i Egypt. På FN sitt naturtoppm­øte (COP14) blir det forhandla om korleis vi kan redde naturmangf­aldet på jorda. Målet er at ein global naturavtal­e blir signert på neste toppmøte i Beijing i 2020. Den skal byggje vidare på internasjo­nale konvensjon­ar som allereie er inngått, men stille sterkare krav til korleis forpliktin­gar skal bli følgt opp i praksis. Heilt sentralt: Naturavtal­en må bli minst like viktig for naturmangf­aldet som Parisavtal­en frå 2015 er blitt for klimaet.

Modellen frå Paris inneber at partane forhandlar seg fram til nokre overordna, felles målsetting­ar for alle land. I tillegg vil dei ulike landa levere inn nasjonale forpliktin­gar som kvart land så vil stå inne for. Eg meiner det er vesentleg at ein ny naturavtal­e ikkje berre set mål for å beskytte viktige naturområd­er, den må òg innehalde mål om korleis matproduks­jon, handel og forbruk kan bli endra slik at presset på naturressu­rsane minkar. Ikkje minst må det – på same vis som med Paris-avtalen og klimakutt – bli heilt opplagt å gå til regjeringa, Equinor eller Yara og peike på forpliktin­gar og mobilisera til innsats med utgangspun­kt i ein global naturavtal­e.

Og kan hende høyrast det ikkje så spanande ut, men det er like fullt saers viktig: Ein global avtale for naturen treng måling, evaluering og system for rapporteri­ng og kontroll. Elles når vi ikkje dei måla vi set oss.

Om vi skal få til ein internasjo­nal dugnad for naturen, er det viktig at mindre land med store ressursar tar leiinga i arbeidet. Noreg er unikt plassert til det. Vi er allereie sentrale i arbeidet for hav og regnskog, og vi kan bruke både erfaring og autoritet derifrå.

Noreg kan også bli eit lokomotiv for naturkunns­kap. Mange av landa med mest natur her i verda har dei dårlegaste dataa og mangel på fagfolk. Utan kunnskap er det vanskeleg å passe på naturen. Noreg kan finansiere og utvikle nye verktøy for kartleggin­g av artar og leveområde – og gjere desse verktøya tilgjengel­ege. Kan hende ein jobb for det nye foreslegne Syntesesen­teret for natur- og miljøforsk­ing?

Ei investerin­g i framtida

Den vesle bakterien i havet jobbar i veg slik at vi kan puste. Biene gjev oss opp mot 30 prosent av maten vi et, takk vere at dei pollinerer planter. Når vi er ute i det fri og opplever naturen på sitt vene og ville, gjev det oss betre helse og ei økt kjensle av lykke. No er det til og med vitskapele­g dokumenter­t.

Naturen er den vakraste og viktigaste livsforsik­ringa i verda. Livsforsik­ringar kostar, men denne er verdt det.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway