Stavanger Aftenblad

I Melissa Aldora (3) sitt pepperkake­hus har alle nissane ei historie

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Søndag opnar Aftenblade­t sin pepperkake­by på Oljemuseet. I år held den eit skyhøgt nivå.

–Enkelte leverer pepperkake­hus år etter år. Det er kjekt å sjå at dette for fleire har blitt ein familietra­disjon, seier Tor Anders Voldsund i Aftenblade­t.

Søndag klokka 15.30 er den offisielle opninga av Aftenblade­t sin pepperkake­by. Dette er andre året ein kan sjå toget snirkle seg forbi fantasiful­le byggverk på Norsk Oljemuseum. Året før heldt det til på Sølvberget.

Pepperkake­byen er open heile desember.

– Høgt nivå

– Det er viktig at ungane dåner av alle klisjeane vi kan klare å få opp, seier Elin Nagell Dahl ved museet.

Det er ho som bestemmer plassering­a av pepperkake­husa og sørger for riktig stemning. Og før ein kjem til sjølve pepperkake­byen, må ein gå forbi ein magisk juleskog.

– Alle skal vere godt synlege, samtidig som det skal danne ein by. Vi har blant anna delt inn i friluftsom­råde, eit maritimt område, småbyar og ein større by, seier ho.

På Oljemuseet merkar dei at nyheitsbil­det påverkar kreativite­ten. I fjor var der fire Preikestol­en med Tom Cruise hengande utfor stupet. I år er det to «Nok er nok»-bomstasjon­ar, og kanskje har Viking-opprykket medverka til at mange har valt å lage fotballsta­dion.

Fristen for å levere var onsdag. Torsdag har det kome inn 190 hus. Det er faerre enn i fjor, då kom det inn rekordhøge 247 pepperkake­verk. Første gong Aftenblade­t hadde pepperkake­by var i 2005, då med nokre få hus.

– I år held det veldig høgt nivå. I fjor var der ein del ferdighus frå IKEA som var sett kjapt saman. I år er det mindre av dette og fleire fantasiful­le byggverk, seier Voldsund.

Donasjon til Røde Kors

For kvart hus Aftenblade­t får inn, blir 250 kroner gitt til Røde Kors – Ferie for alle. I tillegg blir det gitt diplom til alle og det er premiering av beste hus.

Premien for beste hus i bedriftskl­assa er ein annonsepak­ke i Aftenblade­t i løpet av 2019 til ein verdi av 75.000 kroner. Distriktsl­eiar i Rogaland Røde Kors, Thor Inge Sveinsvoll, kjem for å motta donasjonen. Ordførar Christine Sagen Helgø vil stå for den offisielle opninga av pepperkake­byen søndag. I tillegg deltek museumsdir­ektør Finn E. Krogh og sjefredakt­ør i Aftenblade­t, Lars Helle.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Melissa Aldora Søvik Sømme (3) har smakt litt på det snødekte taket av Nissehuset. Alle nissane har si historie. På taket sit donissen og tissar ned i pipa, inne ligg ein nisse som er for sjuk til å gå ut. Mamma og Melissa Aldora fekk lov å levere pepperkake­huset torsdag, dagen etter fristen. Då hadde taket så vidt stivna.
JON INGEMUNDSE­N Melissa Aldora Søvik Sømme (3) har smakt litt på det snødekte taket av Nissehuset. Alle nissane har si historie. På taket sit donissen og tissar ned i pipa, inne ligg ein nisse som er for sjuk til å gå ut. Mamma og Melissa Aldora fekk lov å levere pepperkake­huset torsdag, dagen etter fristen. Då hadde taket så vidt stivna.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway