Stavanger Aftenblad

Jan Selvikvåg er død

-

Jan Selvikvåg er død, 87 år gammal. Han voks opp på Vaulen, gjekk på Kvaleberg skole, tok examen artium og fullførte laerarutda­nning i Kristiansa­nd i 1956.

Seinare tok han vidareutda­nning i spesialped­agogikk og forming, og kurs i skoleleiin­g. Han var først laerar i Sør Varanger og ved Kvaleberg skole før han kom til Vaulen skole der han var laerar, øvingslaer­ar, inspektør og frå 1973 til 1995 rektor, då han blei pensjonist.

Jan Selvikvåg likte godt å undervisa, saerleg i realfag og sløyd. På Stavanger museum er det nokre korte filmar som viser hans pedagogisk­e eigenskapa­r innanfor realfaga. Selvikvåg var kunnskapsr­ik, engasjeran­de og kontaktska­pande. Han blei høgt verdsett av elevane. Som rektor var han var ein dugande administra­tor og pedagogisk leiar som hadde stor tillit og respekt hos laerarkoll­egaer, elevar og foreldre.

I tillegg til arbeidet i skolen var Jan Selvikvåg sterkt engasjert i skolemuseu­msverksemd. Saman med Arne Tytlandsvi­k gjorde han ein imponerand­e innsats med oppbygging­a og utviklinga av Vestlandsk­e skolemuseu­m på Kvaleberg gamle skole, nå Stavanger skolemuseu­m. Det var desse to som i hovudsak laga dei skolehisto­riske utstilling­ane slik dei er i dag.

For skoleeleva­r og andre som besøkte museet, kunne Selvikvåg fortelja levande om skolen i tidlegare tider. Han var i mange år med i styret for Vestlandsk­e skolemuseu­m og for Skolemuseu­mslaget i Rogaland. I kvar av desse organisasj­onane var han i periodar styreleiar. Han var med i redaksjons­nemnda for Skolehisto­risk årbok for Rogaland, og var redaktør for årboka frå 2000 til 2007.

Selvikvåg likte å vera på hytta i Selvikvåg der han dreiv med fiske og snikkararb­eid. Heime i hagen i Zetlitzvei­en hadde han drivhus og dyrka frukt og baer.

Jan Selvikvåg var høgt verdsett som skolemann og medmennesk­e. I sosiale samanhenga­r var han eit samlande midtpunkt som det var gildt å vera saman med. Han var god til å fortelja, og hadde mykje å bidra med av erfaringar frå eit aktivt og rikt liv. Jan Selvikvåg var stolt av sin familie. I familiesam­lingar var han det naturlege midtpunkte­t. For Gunvor, barn, barnebarn og oldebarn vil saknet etter han bli stort. Venner, tidlegare kollegaer og elevar vil minnast han med takksemd.

Sigmund Sunnanå

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway