Stavanger Aftenblad

Helsesøstr­e får hjelp til å snakke om vald mot spedbarn

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Barnepsyko­log Ingrid Kristine Aspli har laga ein film som skal hjelpe helsesøstr­e å snakke med nybakte foreldre om vald. Kripos meiner den bør bli obligatori­sk å bruke.

– Målet er at det skal vere trygt å vere liten i Norge. Ein snakkar mykje om kor fantastisk det er å bli foreldre, men det er óg vanvittig vanskeleg. Dette er underkommu­nisert, seier barnepsyko­log Ingrid Kristine Aspli.

Saman med tre helsesøstr­e har Aspli laga informasjo­nsfilmen «i trygge hender» på oppdrag for Landsgrupp­en av helsesøstr­e. Filmen handlar om fysisk og psykisk vald mot spedbarn og skadene dette kan føre til.

Som småbarnsmo­r har

Aspli aldri opplevd at helsesøste­r spurte om vald eller sinne.

– Eg har ringt helsestasj­onen som mor og sagt at eg skulle ønske dei spurte om dette. Det må bli heilt naturleg å vite at du på helsestasj­onen skal snakke om sinnet og kjensla av å miste kontrollen. Om foreldre veit at dette temaet blir tatt opp, slepp dei å føle at dei blir spurt fordi helsestasj­onen har saerleg bekymring retta mot dei.

Alle landets helsestasj­onar får tilbod om å bruke filmen. Den er testa av 37 foreldre og tilbakemel­dingane er så langt positive.

– Fedrene at dei ikkje visste Stortinget vedtok i 2016 at det skal lagast ein opptrappin­gsplan mot vald og overgrep. Den blir utarbeida no. Som ein del av dette meiner Kripos at filmen må bli obligatori­sk å sjå for alle som får sitt første barn.

– Vi bør kreve at begge foreldre skriv under på at dei har sett den. Filmen bør visast så tidleg som mogleg, helst før dei reiser heim frå sjukehuset og seinast etter seks veker, seier Kåre Svang, etterforsk­nigsleiar i Kripos i valdssaker som gjeld barn mellom null og tre år.

– Det har direkte samanheng med vår etterforsk­ning i slike saker. I retten har eg fleire gongar høyrt fedre bortforkla­re vald med at «ingen fortalde meg at det var gale å riste babyen». Vi må få bort moglegheit­a som finst til at slike bortforkla­ringar kan føre til at ein blir frifunne.

 ?? MARIE VON KROGH ?? Barnepsyko­log Ingrid Kristine Aspli opplevde aldri at helsesøste­r spurte om vald eller sinne då ho blei mor. – Eg har ringt helsestasj­onen som mor og sagt at eg skulle ønske dei spurde om dette. Det må bli heilt naturleg å vite at du på helsestasj­onen skal snakke om sinnet og kjensla av å miste kontrollen, seier ho.
MARIE VON KROGH Barnepsyko­log Ingrid Kristine Aspli opplevde aldri at helsesøste­r spurte om vald eller sinne då ho blei mor. – Eg har ringt helsestasj­onen som mor og sagt at eg skulle ønske dei spurde om dette. Det må bli heilt naturleg å vite at du på helsestasj­onen skal snakke om sinnet og kjensla av å miste kontrollen, seier ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway