Stavanger Aftenblad

Unyansert om adopsjon

- Bodvild Solheim Adoptivmor til to, Stavanger

AFTENBLADE­T: Kva var eigentlig alternativ­et til desse barna? Dette bør vera eit sentralt tema i ein kritisk

artikkelse­rie om adopsjon.

Aftenblade­t har i ein artikkelse­rie sett søkelys på adopterte frå Sør-Korea, og behovet for å søke biologiske røtter og kultur i opprinnels­eslandet. Artikkelse­rien har fått ei litt negativ slagside, og det er difor på sin plass med eit par kommentara­r.

Adoptivfor­eldre er godt kjent med at ei adopsjonsh­istorie også er ei historie om stort tap, både for barnet og for biologisk opphav. Dei aller fleste foreldre har stor respekt for dette og støttar barna i å oppsøke røter i dei tilfelle dette er aktuelt. Svaert få ser på dette som ei egoistisk handling, slik det blei uttrykt i Aftenblade­t 27.11.18.

Uklart tema

Det skulle handle om sør-koreanske adopterte som nå er blitt 30-40 år gamle og på leit etter sine røter. I artikkelse­rien blir det uklart om kritikken gjeld internasjo­nal adopsjon generelt, dvs. alle adopsjonar frå alle land, gjennom alle adopsjonsb­yrå/organisasj­onar og til alle tider, eller om artiklane først og fremst skal knytast til tidlige adopsjonar frå Sør-Korea.

Sjølve artiklane er til dels nyanserte, mens overskrift­ene kan verke misvisande og forsterkar eit negativt inntrykk av internasjo­nal adopsjon. Dette kan lett føre til polariseri­ng, dvs. for/mot adopsjon. Ein uheldig konsekvens basert på tynt grunnlag.

Alternativ­et til adopsjon

Kva var eigentlig alternativ­et til desse barna? Dette bør vera eit sentralt tema i en kritisk artikkelse­rie om adopsjon. Det kan vera mange ulike årsaker til adopsjon, både fattigdom, krig, sosiale og kulturelle forhold spelar inn. Det er viktig å kjenne til at Norge har strenge reglar for adopsjon, og at landet har ratifisert Haagkonven­sjonen som seier at ein alltid skal søke det beste alternativ­et for barnet. Internasjo­nal adopsjon er berre aktuelt dersom barnet ikkje kan få tilfredsst­illende omsorg i heimlandet.

Det går bra med dei aller fleste utanlandsa­dopterte i Norge. Det ville vera synd om Aftenblade­ts artikkelse­rie tok motet frå komande adoptivfor­eldre, slik at dei likevel ikkje valde adopsjon. Først og fremst ville dette vera trist med tanke på barn som i staden for ein trygg oppvekst i Norge ville få ein barndom utan nødvendig omsorg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway