Stavanger Aftenblad

Høgre meiner det hastar med tiltak for fastlegar

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Kåre Reiten (Høgre) meiner det hastar å få på bordet ei sak om fastlegema­ngelen. Julie Olimstad Kvia måtte kutte pasientlis­ta for å klare å kombinere det med fritid og familie.

3000 pasientar i Stavanger risikerer å måtte reise til andre kommuner for å gå til lege neste år. Fastlege Ivar Thomsen uttalte at han trur heile fastlegeor­dninga kan kollapse på grunn av det store arbeidspre­sset.

– Rådmannen bør vere rask Arbeiderpa­rtiet vil be rådmannen legge fram ei sak som blant anna vurderer om kommunen kan kjøpe fastlegehe­imlar som ikkje blir fylt på den vanlege måten, det vil seie der kommunen rekruttere­r, men der legane er sjølvstend­ig naeringsdr­ivande.

– Rådmannen bør legge fram ei sak raskt. Fastlegeor­dninga er avhengig av at vi gjer noko, men ein del av dette må løysast på statleg nivå, seier Kåre Reiten, fastlege og leiar i kommunalst­yret for levekår (H).

Forslaget frå Stavanger Ap blir lagt fram i kommunalst­yret 18. desember. Ap ber om at ein reduserer pasientlis­tene og ønsker rentefrie lån til legar som skal etablere seg.

– Eg meiner det må kome støtte til kursaktivi­tet. Å vere borte på kurs inneber at der er ein haug med arbeid som må takast att når du kjem tilbake, i tillegg til at ein må betale dyrt for kurs, seier Reiten.

Fastlegekr­isa rammar kommuner over heile Norge. Regjeringa og Legeforeni­ngen har sett ned ei arbeidsgru­ppe for å kartlegge omfanget av oppgåver som ikkje tidlegare er kompensert. Arbeidsgru­ppa har frist til mars.

– Sjukmeldin­g er skrekken

– Akkurat no er det ein del ting som ikkje er med på å rekruttere til yrket. Blant anna burde vi fått betre ordningar med sjukefråvê­r. Ein kan tene mykje som fastlege, men det er utrygt. Langtidssj­ukmelding er det eg er aller mest redd for, seier Julie Olimstad Kvia (32), fastlege i Sola kommune.

Ho såg det var vanskeleg å kombinere 1400 pasientar med å vere småbarnsmo­r for ei jente på snart to år. I dag har ho difor 1100 pasientar. Helsedirek­toratet definerer eit årsverk til 1500 pasientar.

– I utgangspun­ktet er det relativt familieven­leg ettersom det er ein 8 til 16-jobb. Eg tåler dårleg nattevakte­r og mannen min har ein jobb der han er vekke ei veke om gongen. Men så er problemet at arbeidsmen­gda er så stor at det er vanskeleg å berre jobbe til klokka 16.

Ein stadig større andel av nyutdanna legar er kvinner. Kåre Reiten trur dette er litt av forklaring­a på at rekrutteri­nga til stillingan­e som fastlege er så dårleg.

– Når ein startar opp som fastlege må ein jobbe veldig mykje meir enn ein ønsker for å få ein brukbar økonomi. Mi erfaring er at kvinnelege legar kvir seg enda meir enn mannlege for å gå inn i ein jobb med så mykje arbeid, så lite fritid og så få rettar.

Lars Peter Christerss­on, leiar i Allmennleg­eforeninge­n, trur ikkje dette stemmer.

– Utfordring­ane er like for alle unge legar. Arbeidsbel­astninga er for stor, og det blir for vanskeleg å kombinere ønsket om å gjere godt pasientarb­eid av god kvalitet med eit liv som familiemor­eller far med dagens rammevilkå­r. Det gjeld også for menn.

– Privatdriv­e er meir effektivt – Det vi skisserer er eit strakstilt­ak, men vi er opne for å vurdere kommunale fastlegehe­imlar også permanent, seier ArntHeikki Steinbakk (Ap).

Også helsesjef Tord Haaland trur kommunen stiller sterkare dersom ein har fleire driftsmode­llar å spele på. Det er Høgre skeptisk til.

– Det er mykje meir effektivt å ha ei form for stykkpris der legane får betalt etter kva dei gjer. Men så kan det kanskje vere fornuftig å teste ei løysing der nyoppstart­a legar får fastløn medan dei går i utdanning i spesialise­ring, seier Reiten.

Dette blir i dag testa ut i Sogn og Fjordane, Hordaland og Nord-Norge. Helsesjefe­n meiner prosjektet allmennleg­er i praksis (ALIS) burde blitt ei nasjonal ordning.

– Fastløna fastlegehe­imlar er attraktive for unge legar i etablering­sfasen, og har stor søknad. I Stavanger har vi hatt ein variant av prosjektet, der yngre kolleger kan drive praksis i inntil to år i velorganis­ert legesenter. Her får ein sjansen til å prøve ut fastlege-arbeid utan at ein må investere store summar i eigen praksis. Det er ein modell med mange fordelar, og vi skulle gjerne sett at den vart eitt av alternativ­a i ein framtidig nasjonal ALISordnin­g, seier Haaland.

 ?? JAN INGE HAGA ?? Kåre Reiten, Høgre-mann og fastlege, meiner fastlegane må få kompensasj­on når dei er borte på obligatori­sk kursing. Han støtter Ap som ber rådmannen legge fram sak om fastlegema­ngelen i Stavanger.
JAN INGE HAGA Kåre Reiten, Høgre-mann og fastlege, meiner fastlegane må få kompensasj­on når dei er borte på obligatori­sk kursing. Han støtter Ap som ber rådmannen legge fram sak om fastlegema­ngelen i Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway