Stavanger Aftenblad

Bittersøt, dansk jul

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Velkommen til dansk julekveld – med and, stive smil og sarkasmar.

Den tiden på året: Sjanger: Drama. Med: Paprika Steen, Sofie Gråbøl, Karen-Lise Mynster, Lars Brygmann, Jacob Lohmann. Regi: Paprika Steen. Manus: Jakob Weis. Nasjonalit­et: Danmark, 2018. Lengde: 1 t. 41 min. Aldersgren­se 6 år.

Julefilmar kan vera så mangt. I spennet mellom glansbilet­et av korleis ei julefeirin­g liksom skal vera og realiteten dei fleste faktisk opplever, finst det utømmelege mengder dramatisk materiale.

Danmark er heldigvis ikkje Disneyland, så når danskane skal laga julefilm blir det ikkje like sukkersøtt som Mikkes Jul. Sjølv om det på eitt vis er Katrines (Paprika Steen) intensjon at alt skal vera harmonisk og perfekt når ho og mannen inviterer storfamili­en på julefeirin­g. Mora og faren er skilde, og på ingen måte venner. Den eine søstera, spelt av Sofie Gråbøl, er frilanspre­st og kjem med sin pretensiøs­e ektemann og sin irriterand­e son. Og så ringer plutseleg søster nummer to, ho det alltid har vore bråk med, og vil vera med, sjølv om ho ikkje var invitert. Ja, og så blir det intriger og utlufting av skjelett i skapet, ein stad i krysningsf­eltet mellom det morosame og triste.

«Me fyller ikkje barna våre opp med usanningar som at Nissen finst,» kjeftar prestesøst­er Barbara smilande når Kristine fortel eit lite jentebarn med tindrande auge at kanskje kjem Nissen i kveld.

«Klart det. De laerer bare barna om Gud,» smell Kristine, minst like smilande, tilbake.

Kristine prøver så godt ho kan å halda på smilet mens fasaden krakelerer, det prøver dei fleste andre også, mens dei giftige sarkasmane fyk gjennom lufta. Alle prøver å lata som om dei er kjempelukk­elege, sjølv om ingen er det. Sånn sett speler «Den tiden på året» på kjensler nokon kvar av oss kan føla på i sesongen for tvangsmess­ig familiekos.

Steen spelar ikkje bare hovudrolla, men har også regi. Ho har fått med seg eit stjernelag av skodespela­rar. Her er både smarte og vittige poeng, alvor og skjemt, men tidvis stoppar det litt opp, samtidig som det er vanskeleg å bli ekte emosjonelt engasjert i det som måtte vera av djupare poeng.

Men som eit lite avbrekk bittersøt juleunderh­aldning er «Den tiden av året» eit godt val.

 ?? FILMWEB ?? Ja, nå gjeld det bare å halda på smilet og insistera på at alt er perfekt. Sjølv om det ikkje er perfekt.
FILMWEB Ja, nå gjeld det bare å halda på smilet og insistera på at alt er perfekt. Sjølv om det ikkje er perfekt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway