Stavanger Aftenblad

Det vaksne veit

- Solveig Grødem Sandelson debattreda­ktør solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Det er ikkje mørket i deg sjølv eller i andre du skal dyrka.

Jan Gunnar Øveraas har mista dotter si. Anette tok sitt eige liv, 15 år gammal. Ho hadde slite, ho hadde eit halvt års tid gått til samtalar i barne- og ungdomspsy­kiatrien – BUP. Men det gjekk betre, trudde dei rundt henne. Ho hadde fått seg sommarjobb, skulle kjøpa seg motorsykke­l for pengane, ho gledde seg til å begynna på elektronik­klinja på vidaregåan­de, og hadde planar om å bli flymekanik­ar. Ho hadde vener. Ho var frå Brønnøysun­d.

Berre ei veke tidlegare hadde venninna hennar tatt livet av seg. I vekene etterpå prøvde eit tjuetal ungdommar det same, ifølgje Barne- og ungdomspsy­kiatrisk poliklinik­k i Brønnøysun­d. Eitt år seinare tok ei då 16 år gammal jente ein annan stad i landet livet sitt. Ho kjende jentene i Brønnøysun­d.

Bekymringa­ne

Alarmen gjekk blant dei vaksne i Brønnøysun­d denne første sommaren. Dei var alt bekymra for dette ungdomskul­let. Ei undersøkin­g i skulen hadde vist at veldig mange sleit, veldig mange var einsame.

Nå såg dei at ungdommane samla seg i sorg, dei hadde minnemarke­ring på minnemarke­ring, utan vaksne. Kommunen oppretta krisesente­r og hjelpetele­fon, men ingen kom, og ingen ringte. På eit tidspunkt bad folk i kommunen kyrkja om å stengja dørene. Dei var redde ungdommane romantiser­te sjølvmorda. Men minnemarke­ringane blei bare flytta utandørs.

To år seinare seier ungdommane ennå at dei er redde når dei legg seg om kvelden. For å mista fleire. Og dei syns ikkje det har blitt lettare å snakka med vaksne. Dei meiner dei vaksne er meir opptekne av at Brønnøysun­d ikkje skal få eit dårleg rykte på seg, enn av å ta tak i unges psykiske helseprobl­em.

Det vanskelega­ste av alt

Det er NRK som har fortalt denne historia. Dette er det vanskelega­ste av alt vi skriv om i pressa, eller tenkjer å skriva om. Det er så skjørt. Det er smerte, sorg og tap. Det er respekt for dei som er borte og for familiane deira, for sjukdom vi ikkje veit noko saerleg om, det er faren for å leggja steinar til alt blytunge bører. Og det er faren for å koma til å skriva på ein måte som for ein einaste lesar kan få dette til å sjå ut som ei løysing.

Men far til Anette ber foreldre passa på at dei ser ungane sine. Han trudde han gjorde det. Og han ber ungdommane halda seg borte frå mørke kammer på nettet.

For på mobilen til Anette fann han ei mørk, depressiv verd han ikkje ante eksisterte. Ein lukka profil på Instagram. Ho hadde 106 følgjarar. Dei delte depressive tankar, delte bilde av sjølvskadi­ng og av kor mange sting dei hadde sydd, dei leika med tanken på sjølvmord. Og reglane var strenge – ingen hadde lov til å dela noko som helst av det som blei sagt der inne med nokon. Det var bare unge der, som støtta kvarandre, og samtidig drog kvarandre ned i avgrunnen. For det var det depressive dei gjenkjente, anerkjente og støtta hos kvarandre.

Ingen veit

Anette delte aldri dette med nokon vaksne. Ikkje med familien, ikkje med hjelpeappa­ratet. BUP kjende ikkje til profilen hennar på Instagram. NRK har funne hundrevis av liknande, mørke profilar der ute. Innhaldet er for sterkt og for mørkt til at dei vil gjengi noko av det. Sjølv om dei bare har vore inne på opne profilar.

Ingen veit sikkert kvifor desse jentene tok livet sitt. Det skal vi også la liggja.

Men faren sin inderlege appell skal vi ta med. For indre smerte, følelsen av å vera annleis og aleine, frykt for ikkje å klara kvardagen eller for ikkje å høyra til i andres kvardag, den er ganske vanleg. I alle nyansar. Innimellom blir vi overvelda av livet, sette ut av det. For det første fordi livet faktisk kan vera ei skikkeleg bølle som tar lite omsyn til kva folk er klar for å få i fanget, eller om dei alt har fanget fullt. For det andre fordi ein kan kjenna seg så heilt aleine. Skjør. Det er ein av dei grunnleggj­ande erfaringan­e med å vera menneske.

Gå vekk frå kanten

Men vi dunkar jo ikkje unge folk i hovudet med alt som kan gå galt i livet. Vi vil ikkje knusa draumar, vi vil ikkje ta motet frå nokon. Og vi vil ikkje gi det mørkaste i livet for stor plass. Det er også eit nedarva medvit, frå generasjon til generasjon, kultur til kultur, livssyn til livssyn: Gå vekk frå kanten! For det finst ein avgrunn. Kanskje noko ein bare anar, kanskje noko ein slit med å halda seg oppe frå. Om ein har aldri så lyst sinn, så veit dei fleste vaksne at det finst mørke krokar der. Ein veit om dei, og ein veit at ein ikkje bør bli verande i dei. Og saman med denne nedarva erfaringa kjem måtar å takla det på. Som å dela det med nokon. Få stadfesta at det kanskje ikkje er så rart å ha det sånn, at du kanskje ikkje er den einaste som kan tenkja slik.

Songar, salmar, bøker og biblar er fulle av det – det er Styggen på Ryggen og Alltid Freidig og Santa Lucia, det er folk til alle tider som forbannar mørket, og som manar motet og lyset fram.

Det er ikkje all smerte vi klarer lindra eller forstå. Men den heilt eksistensi­elle erfaringa i alltid å prøva å gå ut i lyset igjen, må vi få vidare til neste generasjon:

Hald fast! Det er ikkje mørket i deg sjølv eller i andre du skal dyrka. Det er ikkje honning der. Berre smerte.

Det er Styggen på Ryggen og Alltid Freidig og

Santa Lucia, det er folk til alle tider som forbannar mørket, og som manar motet og lyset fram.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway