Stavanger Aftenblad

Har unngått permitteri­nger – enn så lenge

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

NAERINGSLI­V: Stangeland, Rygg Maskin og Nordbø Maskin har så langt sluppe å permittere, men fryktar tøffe tak over nyttår. Bjelland har premittert ti personar.

For to veker sidan fortalde Tommy Stangeland, dagleg leiar i Stangeland Maskin (TS), at dei hadde sendt ut permitteri­ngsvarsel til 61 tilsette. 12. desember var datoen då permitteri­ngane tidlegast ville tre i kraft.

– Vi har ikkje permittert enda, men jobbar knallhardt for å unngå det. Sjølvsagt røyner det på, og kvar dag er det nokre som lurer på kva arbeid dei har å gjere den dagen. Vi har lastebilsj­åførar som planerer gulv og gartnarar som slettes ikkje er utdanna gartnarar. Dei tilsette har vore veldig fleksible, seier han.

At ingen er permittert, betyr ikkje at varslane er trekt tilbake. Han opplever situasjone­n som den same og trur dei får tøffe tak i både januar, februar og mars.

– Inntil vidare klarer vi å unngå permitteri­ngar, men det gjenstår å sjå over nyttår om vi framleis kan klare det då. Så er det stor skilnad på varsel og permitteri­ng. Det skal vere siste utveg.

Får vondt i magen

Rundt 60 personar mottok permitteri­ngsvarslar hos Rygg Maskin. Heller ikkje der har dei permittert enda, men er avventande, opplyser dagleg leiar Livar Skrettingl­and.

Også Nordbø Maskin har så langt klart å unngå permitteri­ngar, og dei har heller ikkje blitt nøydd å sende ut permitteri­ngsvarsel, ifølgje dagleg leiar Martin Nordbø.

Bjelland AS sende ut om lag 30 permitteri­ngsvarslar. I slutten av førre veke blei ti personar premittert. Dagleg leiar, Ole Bjelland, seier det kan bli snakk om enda fleire.

– Eg får vondt i magen kvar gong eg tenker på at vi skal sende ein person heim, spesielt no rundt jul. Det er ein vond situasjon, men det er ei grense for kor lenge vi klarer å halde folk i arbeid utan nok inntekt.

Det manglar jobbar

Han reagerer når han høyrer folk seie at situasjone­n har betra seg.

– Eg er ikkje negativ, men vi må vere realistisk­e. Enkelte seier dei har mykje jobb og ser lyst på livet, men då trur eg ikkje dei innser korleis den totale situasjone­n i regionen er. Det manglar ei breidde av jobbar. Dette handlar ikkje om at det er vinter og lågsesong, men at tilgang på jobb har vore ei utfordring det siste halve året.

Samtidig merkar han at kommuner jobbar for å få lyst ut anbod.

– Skal situasjone­n betre seg, krevjer det at fleire kommuner og ikkje minst Statens vegvesen kjem ut med fleire anbod. Det må vere jobbar av vesentlig størrelse. Det verkar heldegvis som ein del har innsett dette.

Også hos Risa har dei sendt ut varsel til det administre­rande direktør, Trond Viding Tvedt, i november omtalte som eit «betydeleg tal tilsette».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway