Stavanger Aftenblad

Mor Bettina Lindgren får behalde pleiepenga­r for sine sjuke barn

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

PLEIEPENGA­R: Måndag blei det fleirtal i Stortinget for ei endring som får mykje å seie for Bettina Lindgren. Ho er mor til tre alvorleg sjuke barn.

For eit år sidan kom ei regelendri­ng som gjorde at foreldre som er heime og pleier alvorleg sjuke barn, får mindre økonomisk støtte.

Blant anna blei det innført ei tidsgrense som seier at ein ikkje får pleiepenga­r for meir enn 1300 dagar per barn, altså i underkant av fire år.

Måndag gjekk KrF, Ap, SV og Senterpart­iet i Stortinget saman om å fjerne tidsgrensa.

– Usikre på huset

– Eg er glad eg slepp å tenke på tidsgrensa og veldig nøgd med at dette blir fjerna. Men det har litt bismak. Vi skulle gjerne sett at det var meir som blei gjort om på, seier Bettina Lindgren frå Tananger.

Ho er mor til tre alvorleg sjuke barn og er ein av mødrene i Pleiepenge­aksjonen. I tillegg til tidsgrensa, jobbar dei for ei endring i graderings­regelen. Den seier at dersom ungen kan vere i barnehage eller skule, så blir pleiepenga­ne kutta for desse timane. Dette valde fleirtalet i Stortinget å halde på.

– Eg får dagleg melding frå foreldre som er usikre på om dei må selge hus, som må ta søsken ut frå fritidsakt­ivitetar eller som må ta opp forbrukslå­n for å berge økonomien. Graderings­regelen har mykje å seie for desse.

– Det er sjukt å seie det, men eg er på ein måte «heldig» som har tre sjuke born fordi det gjer at eg samla mottar hundre prosent pleiepenga­r. Men for mange har graderings-reglane store konsekvens­ar.

Eirik Faret Sakariasse­n (SV) meiner ein med dagens system lager ei fattigdoms­felle.

– Enkelte foreldre kan kanskje gå ut i jobb desse timane, men mange klarer ikkje dette. Dei er utslitne fordi dei har vore oppe heile natta med sjuke barn. Straffar vi dei for dette, lagar vi ei fattigdoms­felle.

Dobbelt så mange får

Då Aftenblade­t skreiv om innføring av gradering og tidsgrense for eit år sidan, argumenter­te helse- og omsorgsmin­ister Bent Høie (H) med at endringa fører til at nesten dobbelt så mange vil få rett på denne økonomiske støtta.

– Før var det mange familier som ikkje fekk pleiepenga­r, eller som gjekk inn og ut av ordninga på grunn av dei strenge reglene. No vil mange fleire familier få rett til pleiepenga­r, sa han.

Han meinte vidare at ein må sjå ordninga i samanheng med andre stønader frå folketrygd­a og kommunale tilbod, til dømes omsorgsløn.

– Pleiepenga­r er ein midlertidi­g inntektser­statning for yrkesaktiv­e som er borte frå arbeidet for å pleie sjuke barn. Det er med andre ord ikkje ei betaling for foreldre for å utføre pleieoppgå­ver.

Eg er glad eg slepp å tenke på tidsgrensa og veldig nøgd med at dette blir fjerna.

Bettina Lindgren, mor til tre alvorleg sjuke barn

 ?? ANDERS MINGE ?? Bettina Lindgren gir mattil Max gjennom ein «knapp» på magen. Veslesløst­er Heli følger med.
ANDERS MINGE Bettina Lindgren gir mattil Max gjennom ein «knapp» på magen. Veslesløst­er Heli følger med.
 ?? ANDERS MINGE ?? Max må gjennom heile dagen bruke ein oksygen-inhalator.
ANDERS MINGE Max må gjennom heile dagen bruke ein oksygen-inhalator.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway