Stavanger Aftenblad

Fann bilen full av skader etter luftgevaer-kuler

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: I Gamle Stavanger er dei uroa etter at fleire bilar har blitt skote på med luftgevaer. Den same natta fekk politiet meldingar om luftgevaer­skyting fleire stader i byen.

– Måndag morgon fann eg bilen med to knuste ruter, i tillegg til frontruta som hadde sju tydelege skotmerker som ikkje har blitt til skikkelege hol. Eg har talt mellom 20 og 30 spor etter kuler på bilen, seier Rune Osen.

Han bur i Gamle Stavanger og hadde natt til måndag parkert arbeidsbil­en sin i Haugvaldst­ad gate, like ved Møbelgalle­riet og Shell-stasjonen.

– Naboar seier dei høyrde nokon som skaut med luftgevaer om natta. Enkelte seier dei først trudde det var fyrverkeri. Sjølv bur eg for langt vekke til at eg høyrde dette. Eg fekk overraskin­ga på morgonen.

Vakna av skot

– Eg kan bekrefte at politiet mottok melding om at det blei knust ruter i området ved Shell-stasjonen ved Møbelgalle­riet, seier Joar Halvorsen, politifagl­eg etterforsk­ningsleiar i Felles Etterforsk­ningsenhet.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 05.18 natt til måndag. Ei politipatr­ulje reiste då ut. I tillegg til Rune Osen sin bil, stod der ein annan bil som hadde skader etter det som såg ut til å kunne kome frå luftgevaer­kuler.

I tillegg såg dei knust glas frå det dei trur kan ha vore ein tredje bil. Eit vindauge var knust i eit bygg like ved.

Anne Hermanns, som kontakta politiet, seier ho vakna klokka 03.50.

– Eg høyrde først skyting av det eg tenkte måtte vere luftgevaer. Det varte i om lag ein halvtime. Etter dette sovna eg, men vakna igjen i fem-tida av nye skot og lyden av noko som knuste.

Fleire episoder same natt Politiet har valt å legge vekk Osen si sak.

– Vi har ingen spor eller mistenkte. Saka er henlagt ettersom vi ikkje har opplysning­ar om gjerningsp­erson, seier Halvorsen.

Ifølgje etterforsk­ningsleiar­en er det også meldt om liknande forhold same natt, både i Tanke Svilands gate som ikkje ligg så langt frå parkerings­plassen i Haugvaldst­adgate, og i Møllegata.

Anne Hermanns har høyrt liknande lydar før, men då har det vore i mykje mindre skala.

– Denne natta vakna eg og tenkte at «dette har eg høyrt før», men tidlegare har det vore så lite at eg gjerne har tenkt at det er vel ingen som går rundt og skyt i gatene. Mange naboar seier dei har lagt merke til slike lydar.

Ho har soveromsvi­ndauget vendt mot parkerings­plassen.

– No merkar eg at eg er skikkeleg på vakt når eg ligg og søv. Eg jobbar skift og går ofte på jobb i 3–4-tida. Då synest eg det er ekkelt å kunne møte på dei som gjer dette.

– Eg har aldri ringt politiet før, tenker gjerne at ein ikkje skal plage dei, men frå no av kjem vi til å ringe med ein gong. Det er eit område med ein del bråk. Eg håper politiet vil patruljere der oftare framover.

Dagleg leiar ved Møbelgalle­riet AS, Terje Johnsen, seier dei ikkje kjenner til episoden. Dei kjenner heller ikkje til at det har hendt liknande der før.

 ?? ANDERS MINGE ?? Rune Osen har telt meir enn 20 spor etter kuler på bilen. To av rutene er knuste.
ANDERS MINGE Rune Osen har telt meir enn 20 spor etter kuler på bilen. To av rutene er knuste.
 ?? ANDERS MINGE ?? Rune Osen har telt meir enn 20 spor etter kuler på bilen. To av rutene er knuste.
ANDERS MINGE Rune Osen har telt meir enn 20 spor etter kuler på bilen. To av rutene er knuste.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway