Stavanger Aftenblad

Der Kim er gud og kristne blir drepne

- Johannes Morken Redaktør i Stefanusal­liansen

KRONIKK: I Nord-Korea praktisere­r

Kim Jong-un med hard hand sitt første bod: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg eller bestefaren min.

To 70-åringar blir feira i år. 10. desember var det jubileum for Verdserkla­eringa om menneskere­ttar, vedteken i 1948. I mai same året oppretta Kim Il-sung Den demokratis­ke folkerepub­likken Korea – eller det diktatoris­ke skrekkveld­et Nord-Korea. Dette er landet naerast utan menneskere­ttar.

Når FN feirar menneskere­ttane, slår generalfor­samlinga samstundes endå ein gong fast at Nord-Korea står for «langvarige, systematis­ke, omfattande og grove brot på menneskere­ttane».

Resolusjon­sforslaget har utløyst nordkorean­sk sinne, melder The Washington Post. Kim Jong-un er rasande fordi FN – med støtte frå USA – midt oppe i møte om atomnedrus­ting kjem med krav om menneskere­ttar. Nord-Korea hevdar det vert fabrikkert historier om overgrep.

Men vi kjem ikkje utanom konfrontas­jonen. Rapportane om overgrep er overveldan­de. Naudropa frå fangeleiar­ar og torturkamm­er gjev ein alvorleg bismak i bursdagska­ka for Verdserkla­eringa.

Eller for å sitera Michael Kirby, leiaren for FN-kommisjone­n som i 2014 la fram ein rapport som fjerna all tvil om Nord-Korea: Regimet er, sa Kirby til Reuters, «ansvarleg for å ha gitt ordre til systematis­k tortur, svolt og drap på line med brutalitet­en frå nazi-tida».

Forfølgjer kristne

Heilt frå starten i 1948 har regimet grovt undertrykt alle truande. Religiøse leiarar som ikkje retta seg etter diktaturet, vart straffa. Regimet skremmer til lojalt knefall og undertrykk­er alle som bidreg med politiske eller ideologisk­e idear som regimet ikkje tolererer. FN-rapporten frå 2014 nemnde saerskilt kristne og folk som smuglar film eller følgjer utanlandsk­e TV.

I Nord-Korea er Kim Il-sung, som grunnla landet, gud. Kristne som ikkje bøyer kne for Kim-dynastiet, i dag styrt av sonesonen Kim Jong-un, er fiendar av staten.

Regimet prøver å gøyme den brutale undertrykk­inga av kristne ved å visa fram nokre svaert små, statskontr­ollerte og totalt overvaka kyrkjer. Rapporten slo fast at kristne i kyrkjer regimet ikkje har godkjent, vert utsette for så harde overgrep at det klassifise­rer til «brotsverk mot menneskesl­ekta». I alvorlege tilfelle er menneske avretta – regelrett myrda, som FN-rapporten slår fast.

Undergrunn­en

Kristne som vil leva ut eit gudsliv utan statleg nakketak, har altså – med fare for livet – etablert undergrunn­skyrkjer. Organisasj­onen Helping Hands Korea, (HHK) i Seoul i Sør-Korea, støttar undergrunn­skyrkjer i nord mellom anna med å smugla inn frø som blir til mat. Dei hjelper flyktninga­r som kjem seg unna skrekkregi­met gjennom Kina – ferske tal viser at dei har hjelpt i overkant av 420 berre dei siste fire åra. Organisasj­onen, som er leia av Tim A. Peters, har vore partnar med oss i Stefanusal­liansen i mange år. HHK gav viktige bidrag til FN-rapporten ved å overlevera store mengder grufulle augevitnes­kildringar og vitnemål frå flyktninga­r og avhopparar.

Straffene for å formidla tru til barn, er – fortel Peters – så harde at mange foreldre ikkje tek sjansen på å fortelja barna kva dei tru på. Dei vil unngå katastrofe­n – at heile familien blir send i arbeidslei­r. Mange kristne familiar har hamna i leirane. Det finst døme på kristne som er drepne der.

Men brutalitet­en rammar også på andre måtar Human Rights Watch dokumenter­er i ein fersk rapport at kvinner blir seksuelt trakassert­e og misbrukte av regimets menn. Den seksuelle valden skjer på marknadane regimet har opna for, i fangeleira­r og i fengsel. «Seksuell vald mot kvinner er ein utbreidd og tolerert løyndom», uttalar Human Rights Watch.

Vår partnar Tim A. Peters har også fått slike historier frå flyktninga­r som Helping Hands Korea har hjelpt. Han høyrer dessutan mange historier om overgrep mot flyktningk­vinner i Kina.

70 prosent av flyktninga­ne frå Nord-Korea er kvinner. I Kina, som er einaste veg ut, hamnar flyktande kvinner i grenseprov­insar med kvinneunde­rskot. Underskote­t skuldast eittbarns-politikken og at mange arbeidspla­ssar i der, som er Kinas «rustbelte», er flytta til andre stader.

Når nordkorean­ske kvinner passerer grensa, risikerer dei å bli selde til menn for å bli slavar i hus og seng. Tim Peters fortel om ei mor som vart seld to gonger. Redninga for henne og andre blei kristne som tek stor risiko ved å gøyma nordkorean­ske flyktninga­r for politiet, til dei desperate kan koma inn i undergrunn­strafikken til Helping Hands Korea.

Peters har vore på førstesida av Asia-utgåva av Time Magazine. Redningsak­sjonar er filmatiser­te av engelske Channel 4. Han har vore kjelde for mange internasjo­nale medieoppsl­ag. Laurdag 15. desember kjem Peters til Sandnes.

Det er viktig å få Kim Jong-un til å slutta å truga med atomknappe­n. Men vi må også få mennene hans til å slutta å forfølgja kristne og bruka kvinner som leiketøy.

Dersom Kim Jong-un verkeleg vil visa at historiene om overgrep er fabrikkert­e, får han opna grensene, fengsla og fangeleira­ne for internasjo­nal inspeksjon. Så kan vi snakka etterpå.

y Stefanusal­liansen har laga ein ny dokumentar­film om aksjonane for å redde nordkorean­ske flyktninge­r. Filmen skal visast på eit seminar i regi av Bymenighet­en Sandnes laurdag 15. desember. Red.mrk.

 ?? KCNA/REUTERS/NTB SCANPIX ?? Både menneskere­tterklaeri­nga og Nord-Korea fyller 70 år i år. I knapt noko land er menneskere­ttane så lite akta som i Nord-Korea under Kim Jong-un. Hans regime forfølgjer og drep kristne.
KCNA/REUTERS/NTB SCANPIX Både menneskere­tterklaeri­nga og Nord-Korea fyller 70 år i år. I knapt noko land er menneskere­ttane så lite akta som i Nord-Korea under Kim Jong-un. Hans regime forfølgjer og drep kristne.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway