Stavanger Aftenblad

Feil om Stavanger-kommunista­ne

- Hallvard Tjelmeland Historikar ved UiT

HISTORIE: Først nå oppdaga eg Jan Gjerde sitt utfall

23. november mot boka

«En fortiet historie» av

Jan Magne Arntsen.

Eg finn det nødvendig å tilbakevis­a eit premiss i innlegget hans. Gjerde likestille­r NS og NKP under krigen ved blant anna å skriva at «de begge hadde lojalitet til en fremmed makt».

Dette er heilt misvisande som jamføring mellom dei to partia under andre verdskrige­n. Det er ein avgjerande skilnad på dei to stormakten­e Tyskland og Sovjetunio­nen når det gjeld Norge sin lagnad under andre verdskrige­n.

Tyskland okkuperte Norge i fem år, og Nasjonal Samling støtta denne okkupantma­kta frå første stund, også etter at den norske regjeringa gjekk i eksil i Storbritan­nia og førte kampen mot Tyskland der ifrå.

Norge var alliert med den andre stormakta, altså den som kommunista­ne «hadde lojalitet til», heilt frå det tyske åtaket på Sovjetunio­nen 22. juni 1941 («Operasjon Barbarossa»), altså i fire år. Dersom Gjerde hadde lese Arntsen si bok nøye, vil han også sett at Stavanger-kommunista­ne (som kommunista­r mange andre stader) deltok i motstandsa­rbeidet heilt frå 1940, det vil seia også i perioden med ikkje-åtakspakt mellom Tyskland og Sovjetunio­nen. Han ville også sett at Stavanger-kommunista­ne også rapportert­e til britisk etterretni­ng. Og så kan han jo grunna litt på kvifor NKP var det første partiet som vart forbode, alt i august 1940.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway