Stavanger Aftenblad

Ka då – ittepå oljå?

- Klaus Mohn Professor, Handelshøg­skolen ved UiS og NHH

GJESTEKOMM­ENTAR: Kan veksten i regionen vare ved når oljeverkse­mda peikar ned? Vêret på Vestlandet er i sanning skiftande på denne tida av året. Stundom kan dagane vaere blanke, med klåre fargar og eit utsyn som strekk seg vidt. I neste no kan regnet styrte og gjere kvardagen tung og grå. Regnet sildrar i rennestein­ar, lurar seg ned i jorda, leitar seg fram til bekkane og fyller til slutt opp elvene. Og over alt ser ein at vassføring­a stig når vatnet buldrar mot havet.

Økonomien som ei elv

Med litt innleving kan økonomien rundt oss sjåast som ei elv. Påfyll kan ein få gjennom oppsving i verdsøkono­mien, medan internasjo­nale nedgangsti­der vil ha ein dempande verknad på aktivitete­n og sysselsett­inga.

På tilsvarand­e vis gjorde oppdaginga av superlønsa­m olje for 50 år sidan at naeringsut­viklinga på Vestlandet fløymde opp, med høg vekst i aktivitet og sysselsett­ing som resultat. Med forbigåand­e avbrot frå år til år har medgangen vart i fleire tiår.

Den positive samanhenge­n mellom oljeutvinn­ing og økonomisk vekst er ikkje sjølvsagt. Andre delar av verda er full av døme på at rikdom på naturressu­rsar har undergrave vekstevna i mange land, og i tillegg lagt grunnlag for auka korrupsjon, politisk uro og konflikt. Dette er kjernen i den såkalla ressursfor­banninga.

Men i Noreg har me mykje forsking som peikar mot at oljeverkse­mda i hovudsak har vore til gagn, både for vekst og velstand. Det betyr ikkje at oljeverkse­mda er utan negative verknadar, men at nettoeffek­ten på økonomien er positiv. Dette betyr heller ikkje at me hadde vore lutfattige utan oljen, men at me måtte ha tilpassa naering og taering meir som våre naboland. Det har trass alt ikkje gått så aller verst, det heller.

Flaumtoppe­n er naer

Mykje tydar no på at olje- og gassaktivi­teten etter kvart vil falle, som følgje av at ressursane naermar seg uttømming og/ eller fordi ein meir karbongjer­rig energimark­nad vender seg bort frå fossile brensel. Spørsmålet blir dermed: Kan veksten i Stavanger-regionen haldast ved lag?

Det meste av forskinga på området har teke for seg økonomiske verknadar av oljeverkse­md i tida for oppbygging og drift. Men enkelte arbeid har ein der merksemda er vendt mot tida etter at oljeaktivi­teten har passert toppen og ressursinn­tektene peikar nedover. Trass alt er det dette som er mest relevant for dei neste 50 åra.

Dei fleste slike studiar er frå USA. Her har ein sett på kommunar og regionar der utvinning av olje har vore viktig i tidlegare tider, men ikkje i dag. Fleire nye slike arbeid konkludere­r med at ressursrik­e regionar får større vanskar enn andre med å halde aktivitet og sysselsett­ing ved lag i tida etter at ressursutv­inninga tek slutt.

Regionar som er spesialise­rte mot ein spesifikk naturressu­rs, kan få vanskar om denne ressursen blir uttømt lokalt. Men om kompetanse­n kan nyttast mot den same ressursen i andre regionar, vil resultatet bli betre. Her heime ser ein jo tydeleg korleis Stavanger-regionen har nytt godt av vidareutvi­klinga av oljeverkse­md i havområda lenger nord.

Ingen plass å gøyme seg

Verre er det om verda vender seg mot akkurat den ressursen ein har spesialise­rt seg i. Ein upublisert fersk studie tek for seg regionar i Europa der naeringsve­rksemda var retta mot utvinning av kol under og etter den industriel­le revolusjon­en. Hovudresul­tatet er at økonomien i dag er vesentleg svakare i slike regionar enn i regionar som ikkje har drive med utvinning av kol i tidlegare tider. Igjen er konklusjon­en at ressursrik­e regionar sakkar akterut når festen er over.

I forklaring­ar av slike variasjona­r i økonomisk aktivitet mellom regionar tyr ein ofte til forskjella­r i utdanning. Ressursrik­e regionar peikar seg ut med lågare utdannings­nivå enn andre regionar, og dette legg ein dempar på utviklinga i produktivi­tet, verdiskapi­ng og sysselsett­ing. I tillegg peikar enkelte studiar på at einsrettin­g av naeringsli­vet mot naturressu­rsar kan redusere etablering­a av mindre, nyskapande føretak, med lågare innovasjon­stakt som resultat.

Etter festen kjem testen

Desse mekanisman­e har tankevekka­nde relevans for Stavanger-regionen, som har ein naeringsst­ruktur som er vridd mot olje og gass, og der straumen av nye utbyggings­prosjekt etter kvart vil peike ned.

Her er nivået på lønene høgare enn i resten av landet, og dette skapar ei saerleg ulempe for føretak som ikkje er vendt mot oljenaerin­ga. I tillegg kjem at nivået på utdanning er lågare i Stavanger enn i andre norske storbyar, der både universite­t og høgskular har lengre historie enn i Stavanger. Kombinasjo­nen av høge løner og utdanning under middels er urovekkand­e for utsiktene på lengre sikt.

På lang sikt vil potensiale­t for verdiskapi­ng avhenge av ressursane ein rår over, samt evnen til å utnytte dei effektivt. Med ressursar tenker økonomar på arbeidskra­ft (humankapit­al), eigedom og anlegg, maskinar og utstyr, infrastruk­tur og naturressu­rsar. Utnyttinga – eller produktivi­teten – vil avhenge av kvaliteten ved ressursane, der fleksibili­tet og omstilling­sevne blir eit eige kvalitetsm­ål både for humankapit­al og realkapita­l.

Betre utdanning og produksjon av kunnskap kan vise seg avgjerande for den økonomiske framtida i Stavangerr­egionen. Eit godt tilpassa utdannings­tilbod gjev betre kompetanse og kapasitet i arbeidssty­rken, og legg til rette for høg yrkesdelta­king og god omstilling­sevne. Saman med relevant forsking kan dette gje eit godt grunnlag for innovasjon, nyskaping og produktivi­tet. Dette gjer den vidare utviklinga av Universite­tet i Stavanger til ei viktig samfunnsop­pgåve i åra som kjem.

Betre utdanning og betre produksjon av kunnskap kan vise seg avgjerande for den økonomiske framtida i Stavangerr­egionen.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Skal Stavanger-regionen gå godt etter fall i oljesektor­en, trengst betre, meir og meir mangfaldig utdanning, konstatere­r Klaus Mohn – den neste UiS-rektoren.
FREDRIK REFVEM Skal Stavanger-regionen gå godt etter fall i oljesektor­en, trengst betre, meir og meir mangfaldig utdanning, konstatere­r Klaus Mohn – den neste UiS-rektoren.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway