Stavanger Aftenblad

Julemørket

-

DRØS: Kor gjekk eigentleg grensa mellom kos og svaksynt?

Ho hadde pynta til jul. Ikkje av sur plikt, men av pur glede. Ho elska førjulstid­a, å gå på loftet og finna fram all julepynten, putla, dandera og dryssa jul over heile huset.

Alle som var innom skrytte over kor fint dei hadde pynta. Han kremta og sa noko sjølvironi­sk om at han hadde gjort seg ekstra føre i år. Dei som var innom lo høfleg, fann nok ein stall, nok ei kule, nok eit stykke pynt å bli begeistra over.

Han likte at ho likte så godt å pynta. Han likte at huset nesten såg ut som innsida av ein katolsk katedral, med alle sine levande lys, duse lyslenker og alt som glitra.

Det einaste problemet, var at han ikkje såg noko.

Sjølv på kvardagane, tende dei levande lys på frukostbor­det. Det glitra så fint i gullfarga, flate reinsdyr, i ein nisse inni ein lysande kiosk med glitter i. Problemet var bare at det var uråd å sjå forskjell på gulosten og brunosten i tussmørkre­t.

På toalettet var det også pynta til jul. Dei hadde ei lampe dei hadde kjøpt i Spania ein sommarferi­e, ein fargerik, flott sak. Problemet var bare at lampa var så forseggjor­t av nordafrika­nske, farga perler at det knapt slapp lys ut av kuppelen. Og når det attpåtil var desembermø­rkt og pynta til jul med lyskjelder som heller ikkje slapp ut lys, blei han denne månaden nøydd til å sitja og tissa, sidan det var uråd å sjå kor stråla trefte med kose- og minimumsbe­lysninga dei satsa på til jul.

Det var ikkje fritt for at han kunne undra seg over at «koseleg» på død og liv måtte bety «mørkt», at det ikkje skulle vera mulig å kombinera kos med faktisk å sjå noko. Men der han følte seg fram gjennom den julepynta gangen med armane langs veggane, innsåg han at dette sannsynleg­vis ikkje var tankar han burde dela med ho som pynta til jul.

Han sette seg til bords. Prøvde å smila koseleg til familien – sjølv om ingen såg han i kosemørket. Tok ein bit av brødskiva med gulost. Skjøna med éin gong at han hadde blingsa. Brunost.

Han likte at ho likte så godt å pynta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway