Stavanger Aftenblad

Vil ha Leif Larsengate

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: Christian Wedler (Frp) meiner tidlegare Arbeiderpa­rtietordfø­rar Leif Larsen har fått for lite av aera for at Stavanger blei oljehovuds­tad. – Vi politikara­r bestemmer ikkje over historiebø­kene, men noko kan vi likevel kan gjere for å løfte Leif Larsen fram, seier Christian Wedler (Frp). Han meiner den tidlegare Arbeiderpa­rti-ordføraren har hamna i skuggen av etterfølga­ren Arne Rettedal (Høgre). Larsen var ordførar frå 1968 til 1971.

–Eg meiner det bør vere ei sentral gate, til dømes ved Rådhuskvar­talet, men dette må sjølvsagt diskuteras­t politisk.

I neste møte i Kommunalut­valet vil han be ordførar Christine Sagen Helgø ta saka vidare til gatenamnut­valet som tar stilling til gatenamn.

Det var serien «Lykkeland» som fekk Wedler til å innsjå at Larsen kanskje burde fått ein større plass i historiebø­kene. Her er det ofte Rettedal som får ting til å skje, medan Larsen har ei mindre sentral rolle.

– Eg er veldig interesser­t i oljehistor­ia til byen og har følgt med på serien med stor glede. Serien fekk meg til å lese meir om byens historie og eg innsåg då kor stor rolle Leif Larsen og Arbeiderpa­rtiet har hatt i desse kritiske åra. Som Frp-ar har eg ingen problem med å seie dette høgt, seier Wedler.

– Larsen blei etterfulgt av ein mann som er kjent for si handlekraf­t. Dette er nok grunnen til at folk ikkje er like kjent med kor stor rolle Larsen hadde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway