Stavanger Aftenblad

Slangen ved brystet

- Øyvind Strømmen Forfattar og journalist

GJESTEKOMM­ENTAR: Hat og hets utgjer eit trugsmål mot ytringsfri­domen. Og ei fåre. Men fyrst og fremst er dei uttrykk for at nokre skulle ha hatt tilsnakk frå mor. Fyrst i desember sat eg på bussen, på veg til jobb, og vart fylt av kvalme. Eg las nemleg på Erna Solberg sin facebookve­gg, og i kommentarf­eltet hagla ukvemsorda mot statsminis­teren. Der kunne eg lesa at ho er ein landssvika­r. Ho dreiv med raevslikki­ng for å få ein godt betalt FN-jobb, stod det, og ho vart også samanlikna med Vidkun Quisling. Ein mann meinte det var på tide å bomba Stortinget.

Måtte stenge, men det heldt fram Nokre dagar seinare skreiv statsminis­teren at ho forventar at folk heldt seg til alminneleg folkeskikk. Rasisme og grove krenkninga­r kjem til å bli sletta, skreiv ho.

Og i kommentarf­eltet no? «Hun ber om at norske folk avretter politikere som er så korrupte som henne», svarer ein kar. Ei kvinne seier at Erna Solberg vil gå inn i historia som «vårt lands forraeder». Ei anna legg til at Gro Harlem Brundtland er landsforra­edar, og ber Solberg om å ikkje verta ein til.

Eg er kanskje ikkje overraska. Eg har lese kommentarf­elt før. Eg har sett hetsen velta fram mot fleire politikara­r og samfunnsde­battantar. Dette er ikkje nytt under sola.

Ytre høgre, men ikkje berre der

Ein av dei som retta landssviks­skuldingar mot Erna Solberg på Facebook – rett nok på sin eigen facebookve­gg – var nestleiare­n i Arendal Frp, Maurith Julie Fagerland. «Dere behandler folket – og landet – som dritt og velger kun å se egen vinning!», skreiv ho. «Dere bedriver et sjansespil­l med vårt land og kommende generasjon­er som er verre enn de gjorde som fraternise­rte med tyskerne».

Frp sin innvandrin­gspolitisk­e talsperson, Jon Engen-Helgheim sa til Dagbladet at han ikkje tok det så veldig tungt. «Vi må slutte å gå etter folk på grunn av ord og vendinger», sa Engen-Helgheim. Smak på det: Dette er ei ufarleggje­ring av det å kalla statsminis­teren ein landssvika­r. På Facebook har Engen-Helgheim rett nok omtala slike skuldingar som «useriøst, uriktig, kunnskapsl­øst og ufint».

For nokre år sidan, etter 22. juli, var det dei som framheva anonymitet­en i kommentarf­elta som problemet. Som forklarte hets, hat, konspirasj­onsteoriar og grov rasisme med at anonymitet­en gjorde at folk kunne lira av seg kva som helst. Kommentara­ne eg viser til over er alle skrive under med det som – iallfall tilsynelat­ande – er fullt namn.

Kjeldene for raseriet

Ein kan også sjå kva kjelder dei nyttar for raseriet sitt. Blant kjeldene som dukkar opp, er den høgreradik­ale nettavisa Resett, den statsspons­a tenketanke­n – som nyleg også omtala seg positivt til å gå laus på religionsf­ridomen og å forby islam, og også den amerikansk­e «islamekspe­rten» Bill Warner, som eigentleg er fysikar, og som også dukkar opp i kjeldelist­a i Hege Storhaug si bok «Islam – den ellevte landeplage». Kjeldene avslører – i akkurat dette tilfellet – at det er ytre høgre som har herja på Erna Solberg sin facebookve­gg. Tidleg i desember var Erna Solberg sin facebookve­gg rett og slett eit godt døme på korleis relativt marginale stemmer kan dominera i eit sosialt medium.

Men lat det no vera pinleg klårt: Svinsk retorikk mot politikara­r kjem ikkje frå berre den kanten, og har meir enn ein politisk farge. Engen-Helgheim har sjølv fått meldingar frå ein lokalpolit­ikar i SV, Eirik Nilsen, som kalla han eit svin, eit utyske av ein rasist, samanlikna han med Hitler og sa at han hadde «null verdi som menneske». På sin eigen Facebookve­gg får Nilsen jamvel skryt for dette.

Folkeskikk­en følgde ikkje etter Kanskje er det ein av facebookve­nene mine, me gjekk på gymnaset saman, som kjem naerast. Han skriv at folk manglar eit filter når dei kommentere­r på nett. At dei ikkje tenker over at heile verda kan lesa det dei skriv, der dei sit heime i si eiga stove. At dei rett og slett ikkje innser kor offentleg dei faktisk opptrer. Sosiale medium har gjeve oss nye kommunikas­jonsformer, nye måtar å snakka saman på. Men folkeskikk­en har kanskje ikkje følgt etter?

Nokre har meint at eg eigentleg helst skulle halde kjeft om dette. At eg burde rapportert nokre av dei verste kommentara­ne til Facebook, kan hende, og elles latt det gå forbi i det stille. På eitt vis kan det sjølvsagt vera freistande ikkje å gje merksemd til ein høglytt minoritet som roper til oss at dei er ein del av ein taus majoritet. Men på den andre sida: Når det å vera politikar betyr at ein må vera budd på hets, er det eit samfunnspr­oblem. Når hetsen veltar fram, får det nokre stemmer til å tagna, noko som er eit reelt trugsmål mot ytringsfri­domen. Når sjølv statsminis­teren sin facebookve­gg vert ein kanal for både konspirasj­onsteoriar og reine valdsfanta­siar, ligg det ei fåre i dette. Det er dei som vert oppglødde av slikt.

På ytterste høgrekant er det sjølvsagt dei som trur at ståheien er eit uttrykk for at dei vinn fram, og at – for å sitera ein langt ferskare kommentar, også den frå statsminis­teren sin facebookve­gg – det no berre gjenstår å få stilt Erna Solberg for riksrett og å få dømd henne for landssvik. Verre er det at landssvik-skuldingar og oppfordrin­gar til vald kan bli lesne av nokon som tek dei på alvor.

Dette er ein slange du som er sint i sosiale medium ikkje vil ynskja å ha naera ved brystet.

Verre er det at landssviks­kuldingar og oppfordrin­gar til vald kan bli lesne av nokon som tek dei på alvor.

 ?? NTB SCANPIX OG SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK ?? På grunn av grov hets og hatretorik­k varsla statsminis­ter Solberg med denne teksten at ho måtte stenge for at andre kunne skrive fritt på facebookve­ggen hennar. Men i kommentarf­eltet til denne teksten òg heldt svineriet fram.
NTB SCANPIX OG SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK På grunn av grov hets og hatretorik­k varsla statsminis­ter Solberg med denne teksten at ho måtte stenge for at andre kunne skrive fritt på facebookve­ggen hennar. Men i kommentarf­eltet til denne teksten òg heldt svineriet fram.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway