Stavanger Aftenblad

Skrekk-buss og buss-nekt

- Anders M. Andersen Stavanger

RYFYLKE: Mindre til hurtigbåt i statsbudsj­ettet fører til merkelege reaksjonar. I staden for samferdsel­sstyret kjem Kolombus AS med nye ruter og gjer seg med det til gråsone og samanveksi­ng av privat og offentleg. Eg påstår at det kan ikkje trafikk-entreprenø­ren gjera. 13. desember gjer Tomas Nesheim stort nummer av at Rogaland fylke eig dette selskapet, men nemner ikkje det som er saka og som står i statuttane: «Kolombus har myndighet til å gjøre mindre justeringe­r i rutetilbud­et. Større forandring­er i eksisteren­de ruter, samt opprettels­e og nedleggels­e av ruter, må vedtas politisk av fylkesting­et.»

Mot instruksen vil aksjeselsk­apet legga ned hurtigbåtr­utene på Sauda, Sand og andre stader for å halda oppe rutene mellom Judaberg og Stavanger, der det er veg og tunnel; og Kolombus vil ikkje setja opp bussrute. Raseringa av ruter er unødvendig. Ved å samkjøra med buss frå og til Judaberg kan alle hurtigbåtr­utene haldast oppe.

Eit forferdeli­g syn

Nesheim går sterkt imot dette. I høgstemt ordelag gjer han hurtigbåt langs tunnel til «livsvegen», og lagar skrekk-bilete av kor faelt det skal vera med buss. Det han skriv, er for så vidt morosamt. For di båt kan ta fleire passasjera­r enn ein buss, ser han føre seg lange «buss-kolonner». Eit forferdele­g syn.

Med talmagi skriv han om kor lang tid bussruter skal ta, som ingen kan vita utan å kjenna rutene. Og han vil ikkje høyra på at bussrutene nordanfrå kjører rett inn på motorvegen og er på Forus og i Sandnes like fort eller fortare enn med venting og buss frå Stavanger sentrum. Gjennom Tjensvoll-krysset tek det nokre få minutt frå den siste tunnelen til Ullandhaug.

Juks

Andre stader kan det vera trafikkork, og alt er ikkje best på veg og i tunnel. Finnøy skal difor vera både fastland og ikkje fastland. Det er juks, og då er det ikkje løye lenger. Nokon må snytast og skal ofrast; dei lengre inne som må over fjord, og dei som vert nekta buss. Kva dette er? Det er å ikkje eiga skam i livet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway