Stavanger Aftenblad

Sympatisk roman frå Vibeke Løkkeberg

- Kristin Auestad Danielsen

BOK: Vibeke Løkkeberg deler raust frå eige liv i rørande bok om sjukdom i parforhold. Vibeke Løkkeberg: Frokost ved stupet. Roman. 223 sider. Solum Bokvennen.

Når den eine førebur seg på døden, kva skal den andre då gjere? Når ein har gifta seg med ein mann som trudde han var udødeleg, korleis skal ein agere når denne mannen plutseleg blir alvorleg sjuk? Det er opplagt at med så ulike framtidsut­sikter, så skaper det ei kløft for eit elskande par. Dette blir skildra klokt og nyansert i Vibeke Løkkeberg sin nye roman.

Den sjuke mannen invaderer den friske kona si med å rydde og kaste, til og med kvinna sitt arbeidsrom blir ommøblert for at det skal vere lettare for han å førebu seg på døden. Han invaderer hennar rom og tar uforsiktig­e val i kortison-rus. Her blir den som skal døy ein krevjande partnar og den friske får eit stort ansvar med å halde den sjuke i live. Her lagar hovudperso­nen skrekkscen­ario over korleis ho ikkje klarer å bruke hjartestar­taren:

«Ansiktet hans er blått, og han puster ikke mer. Desperat ser hun seg om etter en skjøteledn­ing og husker at skjøteledn­ingene er lagt i kjelleren fordi det er fare for at de kan utløse brann. Hun ser videre for seg at hun kaster bruksanvis­ningen, griper telefonen og slår nødnummere­t.(…) Kanskje går batteriet i mobilen akkurat i dette øyeblikket, og hun knytter hendene, klar til å banke løs på Adams hjerte.»

Hovudperso­nen blir også heimsøkt av si døde mor, som tar ho tilbake til sin eigen barndom som er eit interessan­t perspektiv frå norsk historie. Bombinga av Laksevåg frå allierte under andre verdskrig drap 193 sivile derav 61 barn. I denne romanen er det ein bror som på mirakuløst vis overlevde. Allikevel gir denne hendinga varige men og gjer etterkrigs­tida vanskeleg for familien:

«Under innflytels­e av en nylig avsluttet okkupasjon hadde de levd sine fattige liv. (…) De fant ikke tilbake til det de hadde vaert før okkupasjon­en. Drømmen om nasjonen som hadde frigjort dem fra Hitler ble deres nye mål for lykke. (…) Alice skjønner at hun aldri vil komme til bunns i hvilke løgner som har formet henne, hvilken propaganda som har gitt henne idealer og livssyn.»

Løkkeberg har skrive ein perspektiv­rik roman om eit par som burar seg inne i eit liv fullt av rydding, organiseri­ng av vedlikehal­d, organiseri­ng av sjukehusop­phald og å leve i biverknada­ne av sterke medikament. Det er få tidsriktig­e impulsar som kjem inn i livet til det aldrande paret. Det einaste eg finn er ein Starbucks-kopp og ein facebook-ven. Her er tårnrom, symbolsk draum om ei skoten due, ein katt på verandaen og nattlege telefonar med ei dotter i USA. Hovudkarak­terens feil og manglar blir kjaerleg skildra i ein rik roman om erkjenning­a over liv som ebbar ut i folk som alltid har trudd dei var udødelege.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway