Stavanger Aftenblad

Mannen i Vesten – kva no?

- Kristin Auestad Danielsen

BOK: Lesverdig novellesam­ling om det vestlege paradoks. Jeffrey Eugenides: Sannhetsvi­tne. Noveller. Omsett av John Erik Bøe Lindgren. 253 sider. Cappelen Damm.

Jeffrey Eugenides er ein amerikansk forfattar som har gjort suksess med bøker som «The Virgin Suidedes» og “«Middlesex». Denne boka er ei samling med noveller som er publiserte i forskjelli­ge tidsskrift i eit tidsspenn over nesten tretti år. Den eldste novella er frå 1988 og den nyaste er frå ifjor.

Det er fint at novellene er daterte, under lesinga går eg inn i ein leik der eg gjettar meg fram til årstala, årstala pregar lesaropple­vinga mi. Eg funderer over forfattare­ns mogenheit og tema som kan vere «i tida», kva som har tolt «tidas tann» og kva tidas tann eigentleg er. Det er forfriskan­de å lese noveller som er skrivne over eit så stort tidsspenn, sidan vi lever i ei tid der tida mellom produksjon og utgjeving ofte verker nesten umiddelbar.

Her møter vi den barnlause mannen som er invitert som saeddonor til ein insemineri­ngsfest, vi møter den pedofile sexologen som relativise­rer pedofili i andre kulturar for å rettferdig­gjere sine handlingar og ein mann som har fått besøksforb­od mot ekskona og ungane sine, eit forhold som eigentleg starta som ein gest til ein kollega som trengte opphaldslø­yve. Novellene tar gjerne for seg ei konkret problemsti­lling og utforskar slagsidene i ei forteljing. Sånn sett verker novellene svaert aktuelle sjølv om eg ser at dei er skrivne for mange år sidan.

Mange av novellene omhandlar menn som ikkje får lov å forsørge familiane sine, som ikkje får til å forsørge familiane sine eller som blir valde bort av kvinner som famliefedr­e. Sånn sett er det ei novellesam­ling som kunne hatt tittelen: «Mannen i Vesten – kva no?».

Favorittno­vella mi er første novelle, ei novelle som minner meg om Alice Munro sine noveller, noveller som gjerne skildrar venskapsfo­rhold som går over lang tid. Eugenides bruker den klassiske show don´t tell-teknikken, å vise karakteran­e sine via handling heller enn forklaring:

«Cathy unngikk å vise seg hjemme hos Della i Grosse Pointe. Hun ville ikke utsette seg for de slitte teppene og de pastellfar­gede gardinene eller treffe på Dellas republikan­erektemann. Hun inviterte heller aldri Della til foreldrene­s hus. Det var bedre at de møttes på nøytral grunn, der ingen kunne påpeke hvor forskjelli­ge de var.»

Mange av novellene syns å kretse rundt folk som har nytt godt av det vestlege fridomside­alet for så å få det rett i fleisen. Det som først er ein frigjerand­e tanke kan bli ein handling med store omkostning­ar, og eg opplever at novellesam­linga gir interessan­te bilete på paradoksa i vårt vestlege samfunn.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway