Stavanger Aftenblad

Noreg må vise veg i klimaspørs­målet

- Mikkjel Lønning Skribent

KRONIKK: Me er nøydde til å kutte i klimagassu­tsleppa. Og det finst gode alternativ som ikkje alltid er framme i debatten.

Her kan Noreg gå føre som vegvisar.

Det kan vise seg viktigare enn dei norske kutta i seg sjølv. Nyleg gjekk klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen (V) ut og sa at me ikkje kjem til å nå klimamåla for 2020. Elvestuen meiner dei naudsynte kutta vil måtte føre til industridø­d – noko som neppe er korrekt. Det finst andre løysingar. Slik arroganse er frustreran­de å vitne for oss i den yngre garde, for det er trass alt vår framtid politikara­ne gamblar med.

Regjeringa kviler på vår forventnin­g om at desse måla ikkje går gjennom. For er det eigentleg nokon her som trudde at dei ville bli oppfylte? Er det nokon som ventar at me når måla for 2030? Eg trur ikkje det. Politikara­ne har ein tendens til å flytte ansvaret over på den neste som tar over i klimasaker, og me, folket, har forstått at det er slik det fungerer. Dette har me ikkje råd eller tid til lenger.

Store pengar i å kutte

I haust har det vore skarpt fokus på klima i media. Spesialrap­porten til FNs klimapanel (IPCC) melder at menneska må gjere endringar me aldri har sett maken til. Dei kallar det siste sjanse for å redde verda frå ein klimakatas­trofe.

Etter spesialrap­porten har Verdsbanke­n meldt at dei vil doble satsinga på klimatilta­k. Bankfolket har gått over tala og ser at det er store pengar å tene på å kutte i utslepp. Det same meiner Verdens helseorgan­isasjon (WHO), som seier me vil kunne spare ufattelege summar på å investere i klima. Kvar krone investert vil gi to tilbake. Ein treng ikkje vere økonom for å skjøne at det er god forretning.

Alvorlege konsekvens­ar

Me blir bombardert­e av dårlege nyhende på klimafront­en for tida, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor mange kjenner på apati. Men dette er ikkje tida for slikt. Utarming av matjord, døyande korallrev, drastiske reduksjona­r i artsmangfa­ld – dette er ikkje ting me kan skyve under teppet.

Det er heller ikkje til å kome unna at klimaendri­ngane truleg vil føre til ei enorm flyktningk­rise som vil få debattane me har no til å verke meiningsla­use i forhold. Seniordire­ktør i Verdsbanke­n, John Roome, åtvarar om at me bør vente over 130 millionar klimaflykt­ningar innan få tiår. Så kvar er den politiske viljen til å ta tak i dette?

Det er dyrt å kutte utslepp i Noreg. Ingen tvil. Vasskraft og CO2-skatt gjer det kostbart med tradisjone­lle kutt, men det er òg noko som har gjort at andre land har sett til Noreg. Her har me ei viktig rolle å spele. Det er godt mogleg at vårt arbeid med å kutte CO2 her på berget ikkje vil ha så mykje verknad på det internasjo­nale CO2-nivået, men det kan samstundes ha ein enorm verknad på haldningan­e til andre land. Noreg har alltid vore gode til å tråkke opp løypene. Me må berre finne løysingane for å få dei andre til å halde følgje.

Det finst gode verktøy

Elvestuen meiner dei ikkje har verktøya til å takle utsleppsku­tta, men samstundes gjer han og regjerings­fellene hans lite for å finne desse verktøya. Det trengs store investerin­gar i forsking. Me forstår at olje- og gassverkse­md vanskeleg kan leggast ned over natta, men politikara­ne må vise vilje til å finne alternativ. Det må forskast, utgreiast.

For det finst mange lovande løysingar der ute. Det er berre for oss å opne augo – og lommeboka. I staden for å kaste vekk milliardar på skattekutt til dei som ikkje treng det, kan me heller løyve midlar til saker som kjem til å bli vitale for framtida til jorda.

Til dømes kan landbruksm­etodar som regenerati­vt landbruk, agroskogbr­uk og biokol vere billege svar på problema me står ovanfor. Dette er òg noko som kan løftast nedanfrå, frå oss. Det er ting me kan gjere sjølve. Legg press på lokal- og regionalpo­litikarane til å satse på slike metodar i park- og grøntområd­e. Dyrk på tak. Løyv monaleg fleire midlar til forsking på omstilling til fornybar energi. Sett i gang haldningsk­ampanjar på forbruk, på bruk av raudt kjøt, på samferdsel. Me veit at kampanjar på resirkuler­ing og trafikktry­ggleik har fungert. Gjer det same her.

Ikkje minst må bistandslø­yvingane opp. Eit av dei mest effektive klimatilta­ka er satsing på å utdanne kvinner, og familiepla­nlegging for å redusere overbefolk­ning. Dette kjem berre viss me maktar å gjere meir for å redusere fattigdom.

Rolla som vegvisar

I ei verd der globaliser­ing viskar ut grensene, er det ikkje lengre rom for berre å tenke på seg sjølv. Klimaendri­ngane er noko som kjem til å bite oss alle bak før eller seinare, sjølv om den tredje verda kjenner det først. Me har ikkje tid til å vente og flytte ansvaret over på neste generasjon. Det er no eller aldri – før det er for seint.

I skrivande stund har det blitt presentert nye utsleppsta­l, som viser at utsleppa i Europa berre er ned 0,7 prosent det siste året. Det er ikkje i naerleiken av å vere nok. Klimakrisa er kanskje det verste uttrykket for allmenning­ens tragedie i vår tid, og nokon må vere den første til å bryte ut av grava som me grev for oss sjølv. Det bør vere Noreg. Utviklings­landa argumenter­er for at dei treng rom for å vekse, noko som vil føre til at utsleppa går i taket. Då må me vere motvekta. Me har råd til å ta tak. Råd til å vise vegen framover, til å skine lys på løysingar som kan redde verda.

Noreg har råd til å ta tak. Råd til å vise vegen framover, til å skine lys på løysingar som kan redde verda.

 ?? MONIKA SKOLIMOWSK­A, DPA/NTB SCANPIX ?? Klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen, her under klimatoppm­øtet i Katowice, tek feil. – Noreg har ei rekkje verkemidde­l me kan ta i bruk for å kutte i utsleppa for å nå klimamåla våre. Og me må utvikle nye, skriv Mikkjel Lønning..
MONIKA SKOLIMOWSK­A, DPA/NTB SCANPIX Klima- og miljøminis­ter Ola Elvestuen, her under klimatoppm­øtet i Katowice, tek feil. – Noreg har ei rekkje verkemidde­l me kan ta i bruk for å kutte i utsleppa for å nå klimamåla våre. Og me må utvikle nye, skriv Mikkjel Lønning..
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway