Stavanger Aftenblad

Julerappor­t frå sofaen

- Solveig Grødem Sandelson solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Sygt travel ennå? Ikkje hatt tid til å sitja i sofaen eit sekund? Her er eit lite julefilmno­tat, i tilfelle du ikkje har nådd å sjå slikt sjølv. Det finst folk som ikkje har det så sygt travelt. Folk som får god tid til å sjå julefilmar heile desember, både på TV6 og Netflix og Altibox og ein del andre nokså kjende, men kanskje ikkje alltid så anerkjende stader.

Så til alle de som heilt til nå har hatt det sygt travelt på kjøpesente­ret, på jobb, på juleavslut­ningar og på heilt sygt mange hyggelege og trendy og tradisjons­rike sy-di-eiga-julepølse-i-godt-lag-kveldar, her er eit lite julefilmsa­mandrag frå oss andre. Og her kunne eg vel skrive noko litt fint om vi som valde vekk stresset og tok oss tid til å setja oss ned i sofaen. Men det er eigentleg frå oss som ikkje hadde noko betre å ta oss til. Eller frå meg, då.

Første del

Du, som akkurat nå blei gjort til hovudperso­nen i dette samandrage­t over alle amerikansk­e julefilmar vist på ein skjerm i heimen desember, må aller først kunna visa djup motvilje mot å reisa til ein eller annan svaert, svaert liten stad.

Ein sånn stad der alle kjenner alle, alle hugsar kven som har reist derfrå, alle meiner noko om kvifor dei gjorde det, og alle veit kva dei heller burde ha gjort. I tillegg veit dei sjølvsagt kven som er gift med kven – altså av dei som har blitt verande – kvifor dei er det, og kven dei heller ville ha vore gifte med. Denne vesle staden heiter noko som sluttar på Springs, Falls, eller bare -field. Det er pub, diner, skule, eit arbeidsfor­midlingsko­ntor og snart jul der. Sikkert kyrkjer også, men dei er ikkje så viktige for julestemni­nga.

Du er forresten dame. Du er sjølvsagt ei pen dame, for vi snakkar jo filmroller her. Viss du er veldig sånn Jennifer Lopezeller Mariah Carey-pen, med stort og ofte litt fortapt blikk, har du heilt sikkert vunne lokale missekonku­rransar der ein gong for lenge sidan. Vore balldronni­ng eller noko. Viss du er i denne kategorien, er denne vesle staden heimplasse­n din. Som du reiste frå. Grunnen til at du kjem tilbake, er veldig ofte at du rota deg borti ein mann som anten drakk, slo eller døydde. Gjerne minst to av tre. Jo penare blikk, jo verre mann. Difor må du flytta heim til mor eller far. Sjeldan begge to. Far har du krangla med før du drog. Mor ville du aldri bli som. Det veit mor.

Det kan godt vera du er ganske kunstnaris­k også, i tillegg til pen. For eksempel at du er veldig flink til å syngja, eller dansa, eller kan setja opp teater eller sy kostymer til julespel på eit nivå som ingen andre på denne vesle staden nokon gong har vore i naerleiken av.

Andre del

Sjølv om dei andre damene, dei som ikkje drog, blir frykteleg misunneleg­e på deg, får du via ein eller annan bakveg lov til å vera med litt på det der julespelet. Du smyg deg blygt og stille inn, og alle barna elskar deg umiddelbar­t. Du må hugsa at du er jo pen, litt kua av han der faele mannen, veldig talentfull med julespel, og med eit blikk stort nok til at alle barn kan spegla seg i det. Du har eit barn sjølv også. Eit einsamt, stille eit.

Så finst der ein mann. Eller, det finst mange, men det finst alltid ein som er penare enn alle dei andre. Som kan meir. Som driv for seg sjølv. Som alltid har sett deg. Sjølv om du nok ikkje la merke til han den gongen du var balldronni­ng. Eller i alle fall ikkje forstod at det var han som var mannen.

Du bruker litt tid på å forstå det nå også, for ein sånn film skal jo helst vara i minst halvannan time. Litt uti får du noko du før – og her snakkar vi om eit veldig nyleg før, kanskje bare dagar - ville sett på som draumetilb­odet. Draumejobb­en i storbyen, kanskje.

Tredje del

Du reiser. Sånn at du kan innsjå at alt du vil ha, alt du kan drøyma om i livet, faktisk finst på den vesle staden som sluttar på Falls. Det er der dei har forstått sjølve livet. Det er der dei held saman, det er der dei hjelper kvarandre, og det er der mannen som forstår barnet ditt er. Han, som ein einsam, men veldig sosialt intelligen­t mann, snikrar møblane sine i fred og alltid har elska berre deg.

Sånn. Då er det bare for deg å pitla deg tilbake til Spring Falls. Sånn at det kan bli jul på skikkeleg. I bakgrunnen skoiar ein elskeleg bestefar. Som har vore gift med bestemor i femti år, og visste i det han såg henne at det var henne for alltid, og det hadde han heilt rett i. Difor har han jo rett i mykje anna også, og kan koma med små visdomsord om livet og sånt i det han går forbi med juletreet under armen. Og ja, møbelmanne­n har i mellomtida på sitt stille vis hjelpt barnet ditt og gitt henne nytt mot. Sjølv forstår du plutseleg kvifor mor di valde som ho gjorde.

Alternativ­a

Det finst forresten ei anna type dame også, i sånne julefilmar. Ei veldig flink og pliktoppfy­llande karrierekv­inne. Ho er pen på ein så uangripele­g måte at det fort blir usympatisk. Ho har også motvilje mot å koma til Spring Falls. Ho kjem anten for å bli sjef på fabrikken og få den så effektiv at den ikkje trengst lenger, eller for å vera med kjaerasten sin heim. Noko ho må, for å følgja planen dei to har lagt om eit vellykka liv.

Ho treffer møbelsnikk­aren, ho også. Og så går det som det går. Det blir jul.

Sånn. Det var vel alt. Når du bare oppsøkjer noko du har skikkeleg dårlege vibbar for, skikkeleg kjipe grunnar til å gjera, og folk du har behandla skikkeleg dårleg, finn du både kjaerleike­n og julestemni­nga.

Men det kan jo vera det er enklare bare å ta seg ein liten tur ut av huset eller hybelen din. Stå utanfor og kikk inn. Kan vera det er julestemni­ng der nå.

Du reiser. Sånn at du kan innsjå at alt du vil ha, alt du kan drøyma om i livet, faktisk finst på den vesle staden som sluttar på Falls.

 ?? JARLE AASLAND ?? «Viss du er veldig sånn Jennifer Lopez- eller Mariah Carey-pen, med stort og ofte litt fortapt blikk, har du heilt sikkert vunne lokale missekonku­rransar der ein gong for lenge sidan.»
JARLE AASLAND «Viss du er veldig sånn Jennifer Lopez- eller Mariah Carey-pen, med stort og ofte litt fortapt blikk, har du heilt sikkert vunne lokale missekonku­rransar der ein gong for lenge sidan.»
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway