Stavanger Aftenblad

Julekveldv­isa

-

DRØSET: Det var tid for å gå gjennom sjekklista til jul.

Hadde han vaska gølvet? Nei. Skulle han vera aerleg, visste han ikkje lenger korleis han vaska gølvet. I farne tider hadde mora hans laert han alt han nå visste om gølvvask: Vatnet skulle vera varmt, det skulle vera grønsåpe i, han måtte vri filla, bruka langkosten på ein bestemt måte. Han blei vel aldri veldig god, men vaska likevel.

Ho som nå hadde han under permanent opplaering, også kalla «ekteskap», hadde innført heilt nye metodar for gølvvask. Det var spesielle klutar, laga av små fiber. Han visste ikkje lenger kva klut eller vaskemidde­l - om det i det heile skulle brukast vaskemidde­l - som skulle brukast. Han visste ikkje ein gong om det skulle brukast vatn.

Hadde han børi ved? Ja. I sommar, då det var på det aller, aller varmaste, hadde han børi sekk på sekk med hard, stikkande og flisete ved opp den bratte bakken på hytta. Stroppane i sekkane hadde skore seg inn i hendene hans, veden hadde skrapt opp huda, sveitten hadde runne. Men han hadde bite tennene saman, prøvd å tenkja på vinteren, på kulda, på jula. Og nå låg veden der. Tydelegvis ikkje heilt tørr ennå, med tanke på kor vanskeleg det var å få fyr på han og få han til å brenna. Men han hadde i alle fall børi ved.

Fuggelband? Absolutt ikkje. Dei hadde hatt rotter i hus for nokre vintrar sidan. Å henga opp fuggelband var som å invitera ein ny rottekolon­i på besøk.

Ikkje hadde han pynta tre heller. Det hadde kona gjort, mens han hadde vore oppteken med noko anna. Ideelt sett, med tanke på bileta han skulle ta av pynt og kos til neste års skrytekale­nder, skulle kona gjort det saman med ivrige, små barnehende­r. Men dei minste barnehende­ne likte betre å trykka på iPaden.

Han sette seg til å kvila og pusta på ei stund. Drog krakken bortåt glaset og såg ut. Det var nokre stjerner der ute, men det var vanskeleg å sjå kva som var den blankaste av alle. Blunka ho? Han måtte finna brillene.

Han hadde i alle fall børi ved

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway