Stavanger Aftenblad

Juleevange­liet i fleire versjonar skaper mange spørsmål

- Magnar Kartveit Professor, VID Misjonshøg­skolen

KRONIKK: Juleevange­liet er fullt av spørsmål. Det krev historisk forsking. Det første spørsmålet er tidspunkte­t for Jesu fødsel. Kanskje det skulle vera enkelt? Jesus er fødd i år 0, ikkje sant? Nei, år 0 har aldri eksistert.

Då Dionysos Exiguus i 525 fekk i oppdrag å laga ein kalender som kyrkja kunne bruka, rekna han Kristi fødsel til år 753 etter grunnleggi­nga av Roma. Dermed fekk ein tidsreknin­ga før og etter Kristi fødsel. Det vart eitt år før Kristi fødsel, eller eitt år etter Kristi fødsel. År 0 rekna Dionysos ikkje med. Og bra er det, for det ville ha vore veldig upraktisk.

Så Jesus vart kanskje fødd i sekundet mellom år minus 1 og pluss 1? Nei, så enkelt er det heller ikkje. Dionysos bomma på fødselsåre­t.

Lukas sin versjon

Lukasevang­eliet brukar fleire tidfesting­ar for Jesu fødsel: Augustus var keisar, Kvirinius var landshøvdi­ng, og det var ei folketelji­ng. Dette ser ut som eit godt materiale for krysspeili­ng, men det er ikkje så enkelt.

La oss ta Augustus først. Han overtok leiinga av Romarriket etter slaget ved Actium i Vest-Hellas 31 f. Kr., og han regjerte til 14 e.Kr. Kvirinus hadde embete i Syria i fleire periodar mellom år 10 før Kristus (f.Kr.) og år 7 etter Kristus (e.Kr.). Det administra­tive området Syria dekka også Israel. Herodes den store styrte i Jerusalem, men var avhengig av romersk godkjennin­g.

Folketelji­ngar vart gjort kvart 14. år, og var den første del av skatteoppk­revjinga. Personar og eigedomar vart registrert­e. Den andre delen var den faktiske skattleggj­inga. Lukas brukar eit uttrykk for den første delen av skattesyst­emet, folketelji­nga. Så kva for ei folketelji­ng dreier det seg om i juleevange­liet? Ei gravinnskr­ift for ein offiser i Syria gir han aera for å ha gjennomfør­t ei folketelji­ng der, «etter påbod frå Kvirinius». Ei slik folketelji­ng skjedde i 9–6 f.Kr.

Dermed naermar me oss eit tidspunkt for Jesu fødsel. 9–6 f.Kr. ligg innanfor regjerings­tida for Augustus og Kvirinius. Lukas har oppgitt data som stemmer overeins, men som ikkje endar med eit enkelt årstal. Kan me finna det?

Matteus sin versjon

Matteuseva­ngeliet gjer dette enklare – og meir komplisert. Der blir Jesus fødd under Herodes den store si tid, og han regjerte 37–4 f.Kr. Det stemmer med ei folketelji­ng dei siste åra av hans tid. Men Matteus fortel også at Josef, Maria og Jesus flykta til Egypt, og då dei kom tilbake, var Herodes død. Sonen Arkelaos styrte då i Judea og Samaria, og Josef drog difor til Galilea med familien, til Nasaret.

Dette betyr at Jesus vart fødd like før 4 f.Kr. Eller nokre år tidlegare. Somme vil halda på 4 f.Kr., andre på 7 f.Kr. I begge tilfelle vart Jesus fødd nokre år før Kristi fødsel. Han var før si tid.

Matteus er ei hjelp, men også eit problem. Lukas fortel at Jesus vart omskoren i templet i Jerusalem åtte dagar gammal. Deretter vendte familien tilbake til heimbyen Nasaret. Denne harmoniske tilstanden mellom Jesus og Jerusalem finn me ikkje i Matteuseva­ngeliet. Der er det full konflikt. I Jerusalem herskar nemleg Herodes den store. Når han får høyra om ein kongsson i Betlehem, massakrere­r han alle gutebarn under to år der. Josef og familien har då flykta til Egypt. Sjølv etter at Herodes den store er død, stolar dei ikkje på sonen Arkelaos.

Matteus og Lukas er enige om at Jesus vart fødd i Betlehem og vaks opp i Nasaret. Matteus ordlegg seg slik at rekkjefølg­ja er Betlehem først, så Nasaret. Lukas, derimot, startar familiehis­toria i Nasaret, så fødsel i Betlehem, og deretter tilbakeven­ding til heimbyen.

Dette kan verka forvirrand­e, men viser ein enkel ting: Desse forteljing­ane er ikkje mytar og legender. Dersom Matteus og Lukas hadde presentert same historia, kunne me ha all grunn til mistanke. Det kunne dreia seg om ei fødselsfor­teljing som var skapt kunstig, og som var utan basis i historia.

Kva forskjella­ne fortel oss

Men er ikkje nettopp forskjella­ne i framstilli­ng eit teikn på at stoffet ikkje er historisk? Nei, så enkelt er det ikkje.

Matteus framstille­r Jesus som ein ny Moses. Jesus kjem frå Egypt, held seks talar, han nytolkar Moselova, akkurat som Moses.

Lukas har eit anna prosjekt: Jesus er motsetning­a til den romerske keisaren. Han har eit rike som ikkje er verdsleg forstått. Dette får Lukas fram ved å nemna Augustus og den romerske statthalda­ren Kvirinius som bakgrunn for Jesu fødsel. Augustus heitte eigentleg Octavian, men fekk namnet «den aerverdige», «augustus» på latin og «sebastos» på gresk. Han rekna seg for starten på ei ny tid. Jesus blir av englane kalla «Messias», «Kristus», «frelsaren for alle folk», – som ei motsetning til Augustus. Han skulle bli starten på ei ny tid.

Og folketelji­nga og skattleggj­inga er statlege aktiviteta­r, som er annleis enn Jesu forkynning om Guds rike. Ved å nemna desse faktuma som innleiing til juleevange­liet, får Lukas fram det han har på hjarta om Jesus.

Med desse to framstilli­ngane seier Matteus og Lukas at dei har visse faktum felles, men fyller ut med nytt stoff der andre kjelder mangla dette. Ikkje nødvendigv­is uhistorisk stoff.

Juleevange­liet skaper mange spørsmål. Lukas var merksam på desse, – og lèt dei vera undertekst­en i teksten.

Dei ulike versjonane av juleevange­liet, med til dels motstridan­de opplysinga­r, viser at det ikkje er ein myte eller ei legende.

 ?? NTB SCANPIX ?? Jesus vart ikkje fødd i år 0, for det finst ikkje. Og han vart fødd fleire år før Kristus – altså før seg sjølv – viser forskinga. Og juleevange­liet finst i ulike versjonar, noko som styrkjer truverdet.
NTB SCANPIX Jesus vart ikkje fødd i år 0, for det finst ikkje. Og han vart fødd fleire år før Kristus – altså før seg sjølv – viser forskinga. Og juleevange­liet finst i ulike versjonar, noko som styrkjer truverdet.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway