Stavanger Aftenblad

I gode og vonde dagar

- Jan Askelund

BOK: Edvard Hoem hentar framleis personar og stoff i eigen familie. Om ein jordmorpio­ner denne gongen. Edvard Hoem: Jordmor på jorda.

Huset under Blåhammare­n. Roman. 349 sider. Oktober.

Edvard Hoem (1949, debut 1969) er ein driven og dyktig forteljar. Nå har han lenge halde seg med stoff frå si eiga aett gjennom eit par hundre år. Om han ikkje alltid rådde over detaljkunn­skapar om alle personane, og kjeldemate­rialet inniblant kunne vera heller spinkelt, er han så mykje til dikter at han maktar å leggja kjøt på kroppane og liv til dagane deira. Han lukkast så godt som han gjer, fordi han rår over eit svaert forteljete­knisk apparat.

Hoem hadde stor suksess med med foreldras, «Mors og fars historie», i 2005, som han turnerte land og strand med. Etter 2704 sider i fire mursteinsb­and om Bjørnstjer­ne Bjørnson (2009-13), skapte han med dei digre «Slåttekar i himmelen», «Bror din på praerien», «Land ingen har sett» og «Liv andre har levd» i romanform si eiga slektskrøn­ike frå Romsdal, USA og Canada. Den har fått eit stort publikum og blitt mykje fagna.

Med haustens «Jordmor på jorda. Huset under Blåhammare­n» tar han i omvølt og utvida form opp igjen stoffet frå boka si, «Jordmor på jorda» frå 2008, om den eine tippoldemo­ra, Marta Kristine Nesje. Den dekker nå livet hennar frå vogge og oppvekst gjennom eit langt arbeidsliv og til grav - og endå ei tid frametter - på det utfattige Nordvestla­ndet, frå siste tiåret av 1700-talet til vel over midten av 1800-talet, med ei innlagd, skilsetjan­de reise til Christiani­a der ho fekk utdanning til jordmor. Den reisa gjorde ho elles på sine eigne to bein, tur/ retur.

Husmannsdo­tterera Marta Kristine var like ukueleg og arbeidsam som ho var stolt og einvis. Hoem syner henne som faglaert jordmorpio­ner, og skildrar slitet hennar med sin eigen veksande ungeflokk og ein ektemann invalidise­rt av tungsinn til han døyr, armod og tvangsauks­jon over det ynkeleg litle ho til dess har rådd over. Slik blir romanen både ei historie om den første framvekste­n av eit regulert jordmorste­ll (under sterk motstand) og ei person-, tids- og familiehis­torie.

Det er ein roman som har «alt» for lesarar som vil ha ei traust oppbygd forteljing. Det er trygt og godt (kanskje vel omstendele­g i detaljen), men også spenstig slik Hoem nyttar ein vitande tredjepers­onsynsvink­el, samstundes som han opererer med ein forteljar som inniblant vender seg direkte til lesaren, kjem med faktasnutt­ar og frampeik, og tillet seg det umulege når han veit kva ein person – og godtfolk med – tenkjer.

 ??  ?? – Det er trygt og godt (kanskje vel omstendele­g i detaljen), men også spenstig, skriv Aftenblade­ts meldar om Edvard Hoems «Jordmor på jorda».
– Det er trygt og godt (kanskje vel omstendele­g i detaljen), men også spenstig, skriv Aftenblade­ts meldar om Edvard Hoems «Jordmor på jorda».
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway