Stavanger Aftenblad

Ap slår inn opne dører om hydrogenst­rategi

- Medlem av Stortinget­s energi- og miljøkomit­e (H)

POLITIKK: Ap’s Kari Nessa Nordtun etterlyser ein hydrogenst­rategi frå Erna Solberg og Høgre. Då er det greitt å kunne fortelje at den strategien allereie er langt kome, og vil vera klar for framleggin­g for Stortinget neste år.

Liv Kari Eskeland

Under arbeid med klimameldi­nga stadfesta Stortinget at vi ikkje berre såg nytten av ein hydrogenst­rategi, men at dette også skulle vera ein nordisk hydrogenst­rategi. Det inneber at det vil ta noko lenger tid å få denne på plass, men på same tid vil den bli enno betre fundamente­rt og forankra, og inngå som ein del av det nordiske kraftsamar­beid som har vore svaert bra for Noreg fram til i dag.

Vi ligg i front

I klimaforha­ndlingane i Polen førre veke hausta Noreg mykje positiv omtale for vår framoverle­nte haldning for vår klima- og miljøsatsi­ng. Vårt naeringsli­v respondere­r svaert bra på dei milliardar som vert disponert gjennom Enova, bistandsfo­nd og utviklings­midler for å møte det grøne skiftet.

Det betyr at vi ligg i front når det gjeld grøn skipsfart. Vi oppretthel­d og styrkar ordninga for teknologiu­tviklingsm­idlar også for olje og gassnaerin­gen. Ikkje berre vil dette sikre at vi har den beste tilgjengel­ige teknologi på området, men det syt også for at vi kan bygge teknologi på skuldrene av offshorena­eringa, anten det dreier seg om flytande havvind, om meir robust oppdrettsn­aering, eller crossovert­eknologi brukt til medisin og avanserte medisinske instrument.

Å sørgja for vellukka introduksj­on av hydrogente­knologi, krev ein helheitste­nking mellom ulike politiske verkemidde­l. Det er ingen tvil om at hydrogen er ein viktig del av arbeidet for at Noreg skal nå klimamåla våre, og på sikt verta eit nullutslep­pssamfunn. Då treng vi både ei stor satsing på forsking og utvikling, og betre tilgjenge på fyllestasj­onar for hydrogenkø­yretøy. Det kjem vi til å sjå resultat av i hydrogenst­rategien til regjeringa.

Noreg er på mange måtar Europas grøne batteri. Det gjeld sjølvsagt for vår vannkraft, men det vil også etterkvart vera gjeldande for vår gassproduk­sjon. Om gassen vi produserer etterkvart skal bli hydrogen eller ammoniakk, som er lettare å handtere, vil tida vise. Karbonfang­st og lagring vil uansett vera ei viktig brikke i dette biletet, der vi også ser potensiale for svaert mange arbeidspla­ssar på sikt.

Jobba målretta og godt

Regjeringa har sett seg i førarsetet når morgondage­n sine energiløys­ingar vert vurdert. Det vert jobba målretta og godt for å sikre norsk industriel­l konkurrans­ekraft. Det betyr at Arbeidarpa­rtiet i dette debattinnl­egget slår inn opne dører. Likevel er det ein tryggleik for naeringsli­vet å vite at også dei vil stille seg bak strategien som vert lagt fram frå regjeringa i 2019.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway