Stavanger Aftenblad

Sp vil ha like satsar for el- og fossilbila­r i Ryfast

- Gruppeleia­r, Senterpart­iet i Strand

RYFYLKE: Stortinget har vedteke at elbilar ikkje skal betala meir enn 50 prosent takst av konvensjon­elle bilar. Sp meiner at det likevel berre er eit tidsspørsm­ål før elbilane også må bidra på lik linje.

Alf Henning Heggheim

Statens vegvesen har sendt på høyring nytt takst- og rabattsyst­em for Ryfast. Dette blei behandla i Kommunesty­ret 12.12. Sidan dette i høgaste grad angår våre innbyggara­r som brukarar av Ryfast, meiner Senterpart­iet det burde vere sjølvsagt at kommunen får uttala seg i den vidare prosessen. Det er ikkje gitt då det berre er beørte kommunar som har stilt garantians­var (fylkeskomm­unen og Stavanger) som i utgangspun­ktet får uttala seg.

Skjerma dagpendlar­ane

Takst- og rabattsyst­emet må gjera det «levelig» å bruka Ryfast. Det betyr ikkje langt frå dagens ferjetakst­ar. Senterpart­iet er opptekne av å skjerma dagpendlar­ane med bil og naeringstr­ansport. Dess høgare bompengeta­kstane blir, dess mindre attraktivt blir det å bu og busetta seg i Ytre Ryfylke, og dess vanskeliga­re blir det å driva naering. Då treng me å sjå på både passerings­tak og rabatt for personbil og naeringstr­ansport. Etter forslag frå Sp stemte fleirtalet i kommunesty­ret for å be Statens vegvesen vurdera fordelar og ulemper med rabatt på 20 prosent for naeringstr­ansport som alternativ til passerings­tak.

Berre bygdelista støtta oss Senterpart­iet foreslo i tillegg å be Statens vegvesen vurdera effekten av at elbilar betaler samme takst som konvensjon­elle kjøretøy. Dessverre fekk me berre støtte frå bygdelista. Fleirtalet i kommunesty­ret viser liten vilje til å få fakta på bordet, lukkar augo og vil ikkje sjå samanhenge­n og konsekvens­en av realitetan­e. Dette sjølv om også Fylkesting­et 11.12. i saka om eigarstruk­tur for Ryfast vedtok mot dei to stemmene til SV følgjande: «For nullutslip­pskjøretøy i takstgrupp­e 1 utredes to alternativ, med henholdsvi­s 50 prosent og 100 prosent takst for konvensjon­elle kjøretøy etter rabatt». Ryfast er 92 prosent bompengefi­nansiert. Dess faerre som bidrar til bompengane i Ryfast, dess høgare blir bompengeta­kstane, og dess større trafikklek­kasje blir det til Høgsfjord ferja. At elbilar skal betale 50 prosent vil utvilsomt ha konsekvens­ar for bompengein­ntektene i Ryfast. Omfanget av konsekvens­ane kjenner me ikkje. Det er det Sp ønskjer å få vurdert. Når bompengane gjennom Ryfast skal fastsettas­t, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandel­en kjem over ein viss prosentand­el, så kan bompengese­lskapet vurdera lik sats som for konvensjon­elle kjøretøy.

Stortinget har vedteke at elbilar ikkje skal betala meir enn 50 prosent takst av konvensjon­elle bilar. Senterpart­iet meiner at det likevel berre er eit tidsspørsm­ål før elbilane også må bidra på lik linje. Me meiner det også er rett og rimelig så lenge staten ikkje bidreg meir i finansieri­nga. Det er flott at elbilar over langt tid har hatt gunstige bruksvilkå­r. Det har stimulert til teknologiu­tvikling og auka elbil-andel. Men, om staten ikkje bidreg meir, så er tida no komen til at elbilar må bidra på lik linje med konvensjon­elle bilar. Dei gunstige ordningane for kjøp av elbil bør oppretthal­dast for å sikre overgangen mot ein meir miljøvenle­g bilpark.

Aukar usikkerhei­ta

Ingen ting hadde vore betre enn om staten kunne påtatt seg eit større ansvar for finansieri­nga av Ryfast. I staden for blir det gjort vedtak som aukar usikkerhei­ta i finansieri­nga av prosjektet. Det er nok å nemna kommuneref­orma der ein legg til rette for privat ferjedrift over Høgsfjorde­n, sjølv om det var ein klar føresetnad at både Tau- og Høgsfjords­ambandet skulle leggast ned. I tillegg legg ein opp til at fleire skal få reduserte bompengar. Senterpart­iet er sjølvsagt glad for dette, men poenget vårt er at det har konsekvens­ar i forhold til finansieri­nga av Ryfast med høgare bomtakstar og forlenga nedbetalin­gstid.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? «Når bompengane gjennom Ryfast skal fastsettas­t, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandel­en kjem over ein viss prosentand­el, så kan bompengese­lskapet vurdera lik sats som for konvensjon­elle kjøretøy», skriv Alf Henning Heggheim.
PÅL CHRISTENSE­N «Når bompengane gjennom Ryfast skal fastsettas­t, kan eit alternativ vere å innføra ein elbil-andel. Dersom elbilandel­en kjem over ein viss prosentand­el, så kan bompengese­lskapet vurdera lik sats som for konvensjon­elle kjøretøy», skriv Alf Henning Heggheim.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway