Stavanger Aftenblad

Årsoppgjer­et

-

DRØSET: Siste dag i året. Tid for årsoppgjer.

Hadde han hatt noko forsett for 2018? Han hugsa ikkje. Ein av fordelane med å bli eldre, var å gi opp alle forsøk på å bli ein heilt annan enn han var. Det var basert på mange års erfaring og stigande – eventuelt manglande - sjølvinnsi­kt.

Dermed var det berre å innsjå at han gjekk ut av 2018 minst like feit som han gjekk inn i året. Trass i eventuelle forsett om å bli tynn og veltrent – slik han hadde hatt ambisjonar om mang ein nyttårskve­ld, mens skjorta sprengde og sjampanjen bobla.

Men etter ei ulukksalig måling i 2018, lurte han på om han faktisk gjekk ut av året litt kortare enn han gjekk inn i det. I passet hadde det alltid stått at han var 185 centimeter, men då han målte seg sjølv mot veggen ungane fekk rissa inn stadig veksande strekar på, kom han ikkje lenger enn til 183 centimeter. Det hjelpte ikkje same kor mange gonger han målte. Han hadde tydelegvis begynt å krympa.

Han måtte nok også innsjå at han gjekk ut av 2018 med omtrent like mange feil og lyter som han gjekk inn i året med. Og det var ikkje få. Det fanst dagar då han og kanskje saerleg folk rundt han skulle ønska at han var annleis enn slik han faktisk var. Men feilfri kom han aldri til å bli, trass i all verdas nyttårsfor­sett.

Han gjekk også ut av 2018 med omtrent den same kona, dei same ungane og den same hunden som han hadde gått inn i året med.

Han kunne ikkje erindra noko nyttårsfor­sett om at det skulle vore på ein annan måte.

Han gjekk heller ikkje ut av året rikare, meir berømt, meir vellukka eller med noko karriereku­rve som peikte nokon stad. Også dette var sannsynleg­vis heilt i tråd med hans manglande forsett og ambisjonar.

Så: Burde han skaffa seg nyttårsfor­sett for 2019? Burde han bli eit betre menneske? Eit tynnare menneske? Eit menneske på 1,85? Eit karriereme­nneske?

Nei. Ambisjonen for 2019 fekk bli å vera eit slags menneske. Det var ambisiøst nok.

Han hadde tydelegvis begynt å krympa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway