Stavanger Aftenblad

Frå Hillevåg til Venezia?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KUNST: Pia Myrvold er heime i Stavanger frå Paris i jula. Spørsmålet er om ho kjem seg til Venezia i 2019, samtidig som kunstbienn­alen går av stabelen. – To av seks faktorar er på plass, fire gjenstår for at Venezia skal gå i boks, seier Pia Myrvold.

Som vanleg er ho heime i Stavanger i jula. I tillegg til jule- og nyttårsfei­ring har ho også ope i lokala ho leiger i Rogalands Avis´tidlegare lokale i Hillevåg, der ho har laga sin eiga juleutstil­ling. Eigentleg skulle det gamle bygget vore rive for lenge sidan, men enn så lenge heng Myrvolds tidlegare kleskollek­sjonane i glasskapa i gangane. Og rundt om i dei tomme romma er det mengdevis av kunst, frå dei store måleria frå 1980-talet til nye trykk av fargerik, digital kunst.

– Dette er både atelier og lager. Eg har atelier i Paris, Stavanger og i Spania - men strengt tatt jobbar eg over heile verda, seier Myrvold.

I løpet av 2018 har ho laga stadspesif­ikke kunstinsta­llasjonar i Miami, Seattle, Bergen, Delray Beach i Florida og Nova Gorica i Slovenia. I tillegg heng det for tida ein stor, digital vegginstal­lasjon på 350 kvadratmet­er i Paris.

– I praksis er galleria og institusjo­nane eg stiller ut på også ateliera mine når eg jobbar med prosjekta mine der. Dessutan jobbar eg jo mykje digitalt, og det kan eg gjera kor som helst.

Sjølvstend­ig kunstnar Myrvold er sin eigen agent, sin eigen gallerist, si eiga PR-dame, sin eigen økonomians­varlege.

– Fordi du er så eigenrådig eller fordi økonomien ikkje gjer det mulig å setja ut dette arbeidet?

– Det hadde vore fint å ha eit galleri som tok seg av alt. Men når det ikkje skjer i det tempoet og med dei ressursane eg ønskjer, tek eg skeia i eiga hand.

– Har kunstnarro­lla endra seg dei siste åra – det er ikkje lenger nok å skapa kunst, kunstnaren må også ordna det meste av det som ligg rundt?

– Moderne kunstnarar må meistra mykje meir sjølv, frå kunstprodu­ksjon til økonomi og marknadsfø­ring. Stadig fleire kunstnarar, som Damian Hirst, tek stadig meir av kontrollen sjølv, og flyttar ut av galleria. Men eg har gjort dette heile tida.

– Kva tener du pengane dine på?

– Eg jobbar ikkje med klesdesign lenger, fordi eg ikkje tener pengar på det. Eg tener pengane mine på det eg liker best å jobba med, nemleg biletkunst. Men så har eg jo alltid jobba tverrfagle­g, med ei rekke uttrykk.

Til Venezia?

For 2019 er Myrvolds ambisjon blant anna å koma seg til Venezia igjen, der ho også var i 2011 og 2013 – som igjen genererte fleire oppdrag over heile verda. Ikkje som ein del av den prestisjet­unge Venezia-biennalen der den norske kunstnaren Ane Graff neste år skal vera ein del av den Nordiske paviljonen - men samtidig som biennalen går av stabelen og byen er full av kunstog kulturinte­resserte.

– Det som skjer off-Broadway i Venezia, som eg er ein del av, er i vekst og eigentleg vel så interessan­t som det som skjer på sjølve biennalen, meiner Myrvold, og legg til:

– Om eg har 40 år som aktiv kunstnar, er det 20 biennalar i Venezia eg kunne vore på. Men i staden for å sitja og venta på å bli invitert til eg blir 98 år, fiksar eg det heller sjølv.

Nå jobbar ho med å skaffa lokale, har to aktuelle kandidatar og håper veldig på eitt av dei. Men finansieri­nga er ikkje på plass.

– Eg har tenkt å stilla ut ei fortsettin­g av skulpturan­e av tvskjermar eg har jobba med dei siste åra, men så lurer eg også på å kuratera ei utstilling og ein performanc­e-serie i tillegg, slik eg gjorde i 2013. Men det kjem an på pengane, seier Myrvold, som prøver å skaffa sponsorfin­ansiering til prosjektet.

– Så: Trur du at det blir Venezia i 2019?

– Får eg alle elementa på plass, er eg der. Eg har fått det til før. Men det er jo ikkje 100 prosent sikkert.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Pia Myrvold er heime i Stavanger på jule- og nyttårsfer­ie - og med si eiga juleutstil­ling i Hillevåg.
JON INGEMUNDSE­N Pia Myrvold er heime i Stavanger på jule- og nyttårsfer­ie - og med si eiga juleutstil­ling i Hillevåg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway