Stavanger Aftenblad

– Eg er meir som surdeig enn ei kanelbolle

- Jan Zahl journalist jan.zahl@ aftenblade­t.no Pål Christense­n fotograf paal.christense­n@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET: Forfattar og dramatikar Kristin Auestad Danielsen er Årets stavangerk­unstnar i 2019. Det tok 14 år som hardcore kunstnar å koma dit. – Eg er nok ikkje den beste på mingling eller pitching av idear. Eg er sikkert ikkje den beste på førsteinnt­rykk. Det er sikkert derfor det har teke 14 år å koma hit, seier Kristin Auestad Danielsen.

På Stavanger kommunes tradisjone­lle nyttårsmot­taking på Ledaal 1. januar blei Auestad Danielsens navn ropt opp. Ho gjekk fram til Christine Sagen Helgø, der ho stod og smilte med sitt store ordførarkj­ede. Så fekk Auestad Danielsen eit grafisk blad og ein sjekk på 50.000 kroner. Og ikkje minst ein eksklusiv status. Ho blei utropt til kommunens offisielle kunstnar gjennom 2019, utpeikt som eit talent byen ho bur i vil hjelpa vidare.

Dikt og drama

Samtidig veit neppe den jamne innbyggjar­en i Stavanger kommune kven Auestad Danielsen er eller kva ho har gjort. Dramatikar­en og forfattare­n har sidan debuten som lyrikar i 2005 jobba med nokre av dei eldste og mest tradisjons­rike kunstsjang­rane som finst, nemleg poesi og drama. Men det er ikkje dikt og dramatikk som skaper dei store overskrift­ene i avisene eller dei mest populaere hashtagane på Instagram.

– Eg har vore van med å vera smal og marginal. Eg har skrive dikt og teater – attpåtil på nynorsk. Men nettopp derfor var det så stas å oppleva det som skjedde i fjor haust: At eg kunne fortelja noko som trefte breiare, og ikkje bare ein marginal flokk, seier Auestad Danielsen.

I fjor haust gav ho ut sin første roman, «Vår vesle». Boka handlar om ein 30-åring som flyttar heim, om ei vaksen kvinne som nesten blir som eit barn igjen, etter å ha mislukkast med utdanning og karriere. Men vel så viktig: «Vår vesle» blei også sett opp som teater, på Det norske teatret i Oslo. Og der kom publikum i tal Auestad Danielsen ikkje har vore van med tidlegare.

– Eg har blitt meir mainstream. Tidlegare har eg jobba med friteaterg­rupper, i mindre byar, for faerre publikumma­rar. Dette handlar ikkje bare om kva eg har hatt lyst til, men også om kor du får innpass. Det handlar om flaks og tilfeldigh­eiter. Sjølv trivs eg både med det breie og det smale, seier ho.

Hardcore kunstnar

Sidan debuten er det blitt fire diktsamlin­gar, fire teaterstyk­ke og éin roman. I 2013 fekk ho Tanums kvinnestip­end.

Auestad Danielsen er også litteratur­kritikar og spaltist i Aftenblade­t. Her i avisa har ho både skrive at ho heile tida har vore ein hardcore kunstnar – og om kor vanskeleg det er, ikkje minst økonomisk.

– Kva betyr det å vera hardcore kunstnar?

– At eg har klamra meg til dette yrket, at eg nesten aldri har hatt nokon annan jobb. Som igjen betyr at eg kan tena 500.000 kroner det eine året og 50.000 kroner det neste. Men nå begynner eg å bli så gammal (37 år, red.merk.) at det bare er dette eg kan.

– Har du aldri tvilt på om du skulle vera kunstnar?

– Økonomisk har eg tvilt rett som det er, sidan det er så vanskeleg å få det til å gå rundt. Eg er del av ein sosial klasse utan økonomisk eller sosial tryggleik, som heile tida må yta noko for å få. Det blir mykje tvil og slit.

– Kvifor blei du kunstnar?

– Eg hadde ein idé om å bli utanriksko­rresponden­t. Derfor flytta eg til Tromsø for å studera russisk på universite­tet. Men underbevis­st visste eg jo også at det fanst eit forfattars­tudium der – og det var skriving eg likte best å halda på med.

Meir som Stalin

Dermed blei det med eit nesten fullført grunnfag i russisk. Auestad Danielsen kan det kyriliske alfabetet, men ikkje så mykje meir. Og så blei det forfattars­tudium i staden, og sidan dramatikar­utdanning frå Aarhus teater i Danmark. På 30-årsdagen flytta ho heim til foreldra på Lima i Gjesdal, ho har sjølv kjent på nederlagsk­jensla hovudkarak­teren i «Vår vesle» opplever.

– Tenkte du over kor vanskeleg det ville bli å leva som kunstnar mens du studerte?

– Eg burde nok gjort det, og det var mange som sa det til meg. Men eg har aldri vore god på langtidste­nking og planleggin­g. Sjølv om eg trur eg har begynt å tenkja litt meir som Stalin nå, og leggja femårsplan­ar og litt meir baerekraft­ige strategiar.

Så kvifor skriv Auestad Danielsen dikt, dramatikk og romanar – når det er så komplisert å leva av det? Fordi det framfor alt har vore ei glede og eit privilegiu­m å få halda på med det ho har aller mest lyst til.

– Sjølv om det er utfordrand­e, med barn og familie og kvardagsli­vets krav, har eg folk rundt meg som støttar meg, som har tru på det eg gjer. Det er saers viktig.

Kunstnaren­s rolle

Kva skal me eigentleg med (stavanger)kunstnarar? Har dei ei saerlig innsikt, eit spesielt oversyn, ei eiga evne til å tolka oss og tida me lever i?

– Kunstnaren har som jobb å sjå, lesa og analysera kva som foregår. Kunstnaren er ein forteljar, gjennom mange ulike uttrykk. På ein scene eller ein skjerm, gjennom biletkunst, gjennom litteratur­en. Den rolla er ikkje mindre viktig i vår algoritmes­tyrte verd. Behovet for forteljing­ar er like stort nå som før, seier Auestad Danielsen.

Samtidig har tilbodet av forteljing­ar aldri vore større. Det har aldri kome ut fleire bøker, det har aldri blitt laga fleire tvseriar eller filmar, det er ingen grenser for kor mange som vil fortelja det dei meiner er gode og viktige historier i diverse format. I sum blir det beinhard kamp om folks tid, boksalet går ned, folk les mindre. Auestad Danielsen har aldri vore på noko bestseljar­liste, der bare nokre få forfattara­r hamnar.

– Forlagsbra­nsjen slit nok med å konkurrera med Facebook, Netflix og scrollinga. Eg veit ikkje korleis det eventuelt skulle løysast, men folk vil kanskje ha historiene fortalt på andre måtar enn gjennom å lesa sjølv? Dei vil høyra podkastar, sjå tv-seriar eller gå i teatret.

Dramatikar­en Auestad Danielsen har stor tru på teatret, og meiner det vil bli viktigare og viktigare framover.

Kunstnarro­lla er ikkje mindre viktig i vår algoritmes­tyrte verd. Behovet for forteljing­ar er like stort nå som før.

Kristin Auestad Danielsen, årets stavangerk­unstnar

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway