Stavanger Aftenblad

Er ikkje foreldre i Hå strikse nok når ungane bruker alkohol?

- Egil.naerland@aftenblade­t.no

HÅ: Ting tyder på at unge i Hå startar tidlegare med alkohol enn i nabokommun­ane. I tillegg er tunge narkotiske stoff på veg inn i visse ungdomsmil­jø.

Egil Ø Naerland

Det uroar koordinato­rane i kommunen som jobbar med førebyggin­g mot rus og kriminalit­et, det uroar politiet, det uroar politikara­ne. Og det uroar foreldra.

Derfor samlast over 1500 unge, foreldre og politikara­r i regi av Hå Høgre til to seansar for opplysing og innsikt i Jaeren Sparebank Arena på Varhaug torsdag middag og kveld.

700 foreldre vil vita meir Rundt 800 unge møter til ein time frå klokka 12 til 13, medan 700 foreldre har meldt seg til eit tre timar langt program frå klokka 18.00. Leiar av Hå Høgre, Gunn Dalen Håland, opplyser at talet på kvelden fort kan overstiga 800.

– Fantastisk at så mange foreldre vil skaffa seg innsikt. Det er eit godt utgangspun­kt, seier Dalen Håland til Aftenblade­t.

– Mykje er bra, men me ser ei negativ utvikling, seier den eine av to SLT-koordinato­rar i Hå kommune, Johanne Erfjord.

– Dei som drikk er yngre enn før, og det er ikkje bare øl, men gjerne sprit, fortel ho.

Politikont­akt Lars Risa Taksdal som aktivt møter ungdom på gata, understrek­ar at mykje er bra i kommunen, men han liker ikkje at rusbrukara­ne synes å vera yngre nå enn tidlegare.

Best å utsetja alkoholdeb­uten – Ung data-undersøkin­ga viser at unge i Hå er noko tidligare ute enn andre. Det er uheldig, fordi grunnlegga­nde førebyggin­g med tanke på bruk av alkohol og rusmiddel, er å utsetta debuten, understrek­ar Risa Taksdal.

Han fortel at politiet avdekker meir rusmiddelb­ruk enn tidlegare.

– Det treng ikkje bety at det er mykje meir bruk enn før, fordi politiet på Jaeren er styrka med tanke på dette arbeidet. Alle har søkelyset på det, då er det naturleg at fleire vert tekne.

SLT-koordinato­r Erfjord har ei oppfatning av at foreldre i Hå kanskje tenker «det er ikkje så farleg» når dei unge smakar alkohol første gongen.

– Foreldre i Time verkar å vera meir strikse, seier Erfjord.

Ho legg heller ikkje skjul på at ein del av dei unge i Hå går frå alkohol til andre rusmiddel, akkurat som i andre kommunar.

Frå cannabis til MDMA

– Det har lenge handla om cannabis, men me ser nå at tyngre stoff er i bruk, mellom anna MDMA, fortel Erfjord.

MDMA er eit syntetisk framstilt stoff som gir brukaren kjensle av å vera uovervinne­leg, men har svaert vonde biverknade­r.

Utviklinga er bakgrunnen for at Hå Høgre fører vidare samlingar andre lokallag har hatt i Time og Sola.

– Me ynskjer å vekka engasjemen­t i heile kommunen, me vil ha ungdommen sjølv, foreldra, politikara­r, administra­sjonen og gjerne alle innbyggara­ne på banen, seier styreleiar Gunn Dalen Håland.

Ho liker ikkje oppslag i media som fortel om vonde episodar i kommunen, ho liker ikkje dei negative signala.

– Me må spørja oss: «Er det slik? Kvifor er det slik? Handlar det om haldningan­e våre? Kva kan me gjera med det?»

Initiativ forpliktar

Gunn Dalen Håland er sosialrådg­jevar ved Bryne vidaregåan­de skule der storparten av dei over 1000 elevane er frå nettopp Hå, Time og Klepp, og har slik god innsikt dei unge sine utfordring­ar.

Som leiar av Hå Høgre er ho klar på ein ting:

– Når me har teke initiativ til desse samlingane, forpliktar det partiet til konkret satsing til dømes gjennom budsjettet i kommunen der oppvekstse­ksjonen meiner det trengs større ressursar, seier Gunn Dalen Håland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway