Stavanger Aftenblad

Flott gjeng, feil stykke

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: Hurra for gjengen bak Iduns julekomedi­e. Men i år trur eg de valde feil stykke. Skuleteate­r: Stavanger Katedralsk­ole, Kongsgård. Iduns julekomedi­e. Med: Sveinung Hjelmervik, Balder Scheen Jacobsen, Ida Agathe Hidle, Yasmin Alonzo Ullestad, Frikk Hana, Bård Malde-Frøyland, Margrete Reinsnos Hildonen, Live Kvalsund, Veslemøy Fosse, Sander Ekrem Paulsen, Helmine Mathilde Edvardsen, Georg Meling. Instruktør: Tomas Alf Larsen. Speletid: 2 timar 10 minutt, inkludert 20 minutt pause. snudd heilt rundt frå i fjor. Publikum sit på ein oppbygd tribune på den eine langsida, mens den andre langsida er blitt til ein imponerand­e variant av Storhaug Kiosk & Video, der Johannes (Sveinung Hjelmervik) står i kiosken og Lars (Balder Scheen Jacobsen) liksom skal leiga ut VHS-kassettar.

Inn kjem ein stadig straum av kundar som skal ha sigarettar, cola, mjølk, egg og tyggi, prata – eller låna toalettet. Handlinga i stykket går over éin arbeidsdag på kiosken, men er vel så mykje ei rekkje sketsjar eller situasjona­r.

«Klørks» er regissør Tomas Alf Larsens bearbeidin­g og fornorskin­g av filmen «Clerks» frå 1994. Det norske manuset ligg svaert naert filmens manus, her er bare gjort nokre få kutt, mens namn og stader heldigvis er bytte ut med norske.

Ros og ris

Det er komplisert å melda amatørar og skuleteate­r. På den eine sida er det freistande å bare gi tommel opp og skryta av dei flinke ungdommane – som her er mange av i «Klørks». Samtidig ville eg ikkje gjort jobben min om eg ikkje var aerleg.

Det ville vera urettferdi­g og urealistis­k å samanlikna unge amatørar med vaksne proffar. Det gjer eg heller ikkje. Men eg meiner det er å ta dei unge teaterentu­siastane på alvor å koma med både ris og ros. Og etter to år med svaert gode kritikkar, har eg i år litt fleire kritiske merknader.

Kvifor «Clerks»?

For det første lurte eg på kvifor Idun valde nok ein indie-aktig film frå 1990-talet, etter å ha gjort «Suburbia» i fjor og «The Breakfast Club» året før. Kvifor ikkje setja opp noko frå Norge, frå elevane si eiga ungdomstid, ikkje mi ungdomstid?

Ytre sett er det ikkje eit problem at «Klørks» er lagt til ei tid før ungdommane var fødde, med antikvitet­ar som VHS-kassettar, fasttelefo­nar, pornoblad, ghettoblas­tarar og sigarettrø­yking. Alt dette er bare rekvisitta­r. Problemet med «Klørks» er manuset, tempoet, tidsanda.

Eg er på alder med Kevin Smith, som skreiv og regisserte «Clerks».

Eg hugsar veldig godt starten på 90-talet, stemningen dette er skapt i. Blant anna den korte perioden der det var litt sjokkerand­e og friskt å snakka direkte og bramfritt om kuk og fitte og puling og piss og drit og suging. (Eg gjorde det sjølv.)

I Norge i 2019 blir det mest av alt litt teit og barnslig – rett og slett fordi det er gammalt nytt. Verre er det at det ikkje blir saerleg morosamt.

Komedie?

«Klørks» skal ifølgje førehandso­mtalen vera ein komedie. Problemet er at her finst for lite å le av, og for langt mellom dei morosame poenga. Dette kunne blitt forbetra om Larsen hadde kutta langt hardare i manus – 2 timar og 10 minuttar er altfor langt – kombinert med meir tempo i forestilli­nga. Nå luntar det heile litt for sakte av garde, tidvis med litt for lite energi og fysisk spel i tillegg til avlevering av replikkar.

Det spirer av talent

Men samtidig prøver «Klørks» å vera livsfiloso­fisk og innehalda eit slags menneskele­g drama rundt livsstrate­giar, kjaerastar og sånt unge folk kjempar med. Problemet er at det er for mykje tull til at det blir noko alvor eller tyngde i desse partia. Når du hoppar mellom å tulla med nekrofilse­x og hermafrodi­ttporno til seriøs coaching om viktige val i livet, blir det liksom verken eller.

Men eg syns du skal gå og sjå sjølv, og gleda deg over at det spirer av teatertale­nt i Stavanger.

Aftenblade­t gir ikkje terningkas­t på framsyning­ar med barn eller ungdom.

I Norge i 2019 blir det mest av alt litt teit og barnslig – rett og slett fordi det er gammalt nytt. Verre er det at det ikkje blir saerleg morosamt.

 ?? JARLE AASLAND ?? Frå venstre: Videoekspe­ditør og frekkas Lars (Balder Scheen Jacobsen), kioskekspe­ditør Johannes (Sveinung Hjelmervik) prøver å ta seg eit slag hockey i «Klørks».
JARLE AASLAND Frå venstre: Videoekspe­ditør og frekkas Lars (Balder Scheen Jacobsen), kioskekspe­ditør Johannes (Sveinung Hjelmervik) prøver å ta seg eit slag hockey i «Klørks».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway