Stavanger Aftenblad

Trendanaly­tikaren

-

DRØSET: Det fanst dagar då han følte han burde hengja betre med i tida.

I periodar hadde han prøvd å hengja med. Då ballongbuk­ser var in, hadde han hatt ballongbuk­ser. Då buksene skulle vera strame, hadde han hatt strame bukser. I dei månadene motebeltet hadde vore på moten, hadde han hatt motebelte.

Då han blei student, hadde han studenthår og gjekk i farens gamle skinnjakke frå studietida ein generasjon tilbake. Då han hadde studert ferdig, klypte han håret og fekk seg ein jobb.

Sidan hadde det gått nedover. Han visste ikkje nøyaktig når trendar og tendensar hadde begynt å passera utan at han la merke til dei. I starten kunne han bli bekymra, tenkja at han burde skjerpa seg, hengja på, følgja betre med. Han hadde prøvd å lytta til album og songar som blei kåra til årets beste av kritikarar og forståsegp­åarar. Han hadde aldri høyrt om verken artisten eller plata - og aerleg talt tykte han det mest av det han høyrde var drit. Hans eiga musikkinte­resse hadde stoppa i 1994, sånn cirka.

Nå kjøpte han klaer bare fordi han måtte. Han hadde utvikla ein smak han håpa var så nøytral og umulig å få auge på at han kunne passa inn i dei fleste tider. Han prøvde å unngå alle markørar av mote og trend, alle fargar, alle blikkfang. Kona sa han var kjedeleg. Han tok det som eit kompliment.

Interiør hadde han aldri interesser­t seg for, verken då han hadde ein viss kontakt med tidsanda eller sidan. Han hadde blafra gjennom D2 nokre gonger, kjent seg så framandgjo­rt at han nesten ikkje visste kva han heitte eller kven han var. Han hadde kjent at her var så underleg.

Men så dukka tidvis tanken opp. Om at han burde kopla seg meir på, ikkje bare halda fram ferda si ut av solsysteme­t, som ein fortapt sattelitt.

Dagsrevyen naerma seg sporten. (Ingen såg Dagsrevyen lenger – men han såg Dagsrevyen.) Det var tid for den litt mjuke saka. Ei dame fortalde at nå skulle bøkene stå feil veg i bokhylla. At det var den nye trenden.

Han gav opp.

Sidan hadde det gått nedover.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway