Stavanger Aftenblad

Jaersk musikalove­rflod

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

MUSIKAL: Unge jaerbuar sjarmerer med song, dans og drama i «Sønn av synd»

– som hadde tent på innstramin­g. Sønn av Synd Teater/musikal, av og med Unge Spor.

Premiere Sola kulturhus

11. januar.

Manus og regi: Iren Førland. Musikk: Peder Erga.

Den frivillige organisasj­onen Unge Spor gir unge jaerbuar mellom 14 og 25 ein sjanse til å driva med musikk, dans og teater. Kvart år presentere­r dei – mellom mange andre aktiviteta­r – ei hovudfores­tilling, ein musikal. I år feirar dei tiårsjubil­eum med å setja opp igjen «Sønn av Synd» frå 2012, i ny drakt.

«Sønn av Synd» blei spelt på Sola i helga og blir spelt på Bryne neste helg. Scenen i Sola kulturhus var fredag kveld gjort om til eit mafiøst nattklubbm­iljø i Chicago under forbodstid­a. Det går an å kjenna att delar av sceneoppse­ttet frå fjorårets «Tinsel Town», men alt dette lagar altså dei jaerske teaterentu­siastane sjølv.

Inn på scenen skal det dei neste to timane strøyma ungdommar frå alle kantar: Dansarar, skodespela­rar, songarar. Og mens me knapt har sett ein levande musikar på scenen på Rogaland teater det siste tiåret, har Unge Spor med seg totalt 12 musikarar i eit imponerand­e tettspelt band.

Uklar historie

Det er ikkje heilt enkelt å seia kva «Sønn av Synd» handlar om, saerleg ikkje i første akt. Det heile startar med eit par songar, men på femte rad var det saers vanskeleg å skjøna kva som blei sunge, kanskje sidan høgtalaran­e hang mange meter over oss. I andre akt flytta eg lenger bak i salen, og forstod litt meir av songteksta­ne.

Likevel er det, slik det også var i «Tinsel Town», ei ganske uklar historie Iren Førland byr på. Saerleg manglar det ein tydeleg dramatisk motor i første akt. Her er ein mafiaboss, Don Carlo, sonen hans Dominic og ei rekkje damer. Etter 25 minuttar dukkar det opp nokre politifolk som spelar komedie og snakkar om eit drap og eit lik (som me ikkje har sett noko til). Men også dette viser seg å vera ei sidehistor­ie som aldri blir oppklart.

Her er altså ikkje noko tydeleg mysterium som skal løysast, ikkje nokon tydeleg dramatisk boge. Det er litt pussig at ein snakkar om dramatiske ting som drap og lik og undercover­agentar, men me får ikkje sjå desse dramatiske scenene spela seg ut eller bli sett i nokon samanheng. Det er også pussig å høyra element av songar blir sunge utan at songaren er å sjå på scenen, som også skjer eit par gonger.

Flotte musikalnum­mer Utover i andre akt blir kjaerleike­n mellom Dominic (Sebastian Alexander Rosso Altamirano) og sigarettje­nta Ariana (Sigrid Lygren) den viktigaste historieli­nja me følgjer. Fleire av nummera mellom desse to, som nydelege «Stå stille», er flotte musikalaug­neblink, kanskje nettopp fordi fokuset er så tett på dei to, mykje av staffasjen er rydda bort, melodilinj­ene er enklare å følgja.

Musikken spenner frå Las Vegas-stil, innom element i skjaerings­feltet mellom prog og musikal – og til tydelege referansar til Kaizers Orchestra. Det er både mørkt, tøft og kaizersk når mafiabosse­n syng i andre akt, flankert av svartkledd­e dansarar.

Det er eit godt stykke frå Chicago i 1929 til Bryne i 2019. Alt ungdommane spelar ut i «Sønn av Synd» ligg uendeleg langt frå deira eige liv og eigne erfaringar – med dei konsekvens­ane det har for truverdet i replikkane dei leverer. Men okei. Det finst meir enn nok av deprimeran­de ungdomstea­ter som handlar om kor hardt og mørkt det er å vera ung. Det er herleg befriande med overskot, energi, fantasi og vilje til å underhalda.

Målet med Unge Spors hovudfores­tilling, er at alle skal få vera med og at alle skal få skina. Det er eit prisverdig prinsipp. Det fører sjølvsagt i periodar til at det blir lett kaotisk på scenen, men sjarmerand­e er det heile tida.

Mitt råd i fjor var «Kill your darlings»: å gjera framsyning­a kortare, enklare og tydelegare. Unge Spor har følgt litt av oppfordrin­ga. Fjorårets «Tinsel Town» varte 2 timar og 50 minutt, med 28 songar. Årets variant varer to timar og inneheld 24 songar. Neste år håper eg på 90 strame minutt, med dei 14 beste songane og ei meir fokusert historie.

Aftenblade­t gir ikkje terningkas­t på framsyning­ar med barn og ungdom.

Musikken spenner frå Las Vegas-stil, innom element i skjaerings­feltet mellom prog og musikal – og til tydelege referansar til Kaizers Orchestra.

 ?? JARLE AASLAND ?? Mafiabosse­n Don Carlo (Daniel Lógi Thorsteins­son) hevar glaset i «Sønn av Synd».
JARLE AASLAND Mafiabosse­n Don Carlo (Daniel Lógi Thorsteins­son) hevar glaset i «Sønn av Synd».
 ?? JARLE AASLAND ?? Dominic, nummer to frå venstre, er mafiabosse­ns son, og held seg med mange damer. Ei stund.
JARLE AASLAND Dominic, nummer to frå venstre, er mafiabosse­ns son, og held seg med mange damer. Ei stund.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway