Stavanger Aftenblad

Frekkheita­s nådegåve

- Solveig Grødem Sandelson Debattreda­ktør solveig.sandelson@ aftenblade­t.no

KOMMENTAR: Statsminis­ter Erna Solberg (H) ber andre politikara­r reflektera over etiske problemsti­llingar i abortlova. Sjølv ofra ho den etikken for eiga makt. Det er seint torsdag kveld. Statsminis­ter Erna Solberg kostar på seg eit lite smil, mens ho på direkten i Debatten i NRK lyttar til kritikken frå opposisjon­en. Ho har fått KrF inn i regjeringa. Ho har fått si fleirtalsr­egjering.

Så går ho i rette med Jonas Gahr Støre, for at han ikkje tok tak i saka om tvillingab­ortar mens han sjølv sat i regjering, då legar bad om at dette blei avklart juridisk. Noko han sjølvsagt burde ha gjort.

Utan sidestykke

Men Solberg tillet seg også å mana dei andre politikara­ne til refleksjon, og minner om at det ligg store etiske problemsti­llingar her.

Det er så frekt at det heilt saknar sidestykke. For Erna Solberg har fått si fleirtalsr­egjering nettopp fordi ho sjølv lettvint vifta med endringar i abortlova under nasen på KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad. Det blei heilt avgjerande for at KrF sitt ekstraordi­naere landsmøte 2. november i fjor valde å søkja samarbeid med Solbergs regjering, i staden for å prøva seg til venstre.

Abortutspe­let kom rett før dei ekstraordi­naere fylkesårsm­øta i KrF starta. Der ein skulle velja utsendinga­r til landsmøtet, der ein skulle leggja grunnlaget for retningsva­let.

Abortsaka, som i KrF høyrer med i deira kamp for likeverd og mot sorterings­samfunnet, er ei hjartesak for mange i partiet. Og i vesle KrF er ein vant til at det er enkeltsake­r ein må prøva å få gjennomsla­g for. Mange av dei brenn sterkt for å endra paragraf 2c i abortlova, som seier at stor fare for alvorleg sjukdom hos fosteret gir grunn til å få abort etter 12. veke. Viss sånne avvik føreligg, treng ikkje kvinna seia meir enn det.

Historisk sjanse?

Jo fleire møta i KrF blei, jo oftare og meir dirrande blei Ernas opning for å endra nettopp denne paragrafen halden fram som sjølve hjartegrun­nen til å gå til henne.

«Vi kjem aldri til å få den sjansen igjen i vår levetid,» sa Oslo KrFs Ragnhild Aadland Høen under det ekstraordi­naere landsmøtet. «Vi kan gjera ein historisk forskjell for menneskeve­rdet i Norge.

KrF står overfor eit vegval. Ein ting er heilag i vårt parti: Livet. Vi kan ikkje svikta i denne skjebnetim­en.»

For nestleiar Kjell Ingolf Ropstad hadde alt sagt at han meinte det var muleg, i sin tale til landsmøte. Det var der talen hans slutta. Med kampen mot sorterings­samfunnet: «Vi har ein god forhandlin­gsposisjon viss vi går til Solberg,» sa Ropstad. «Eg meiner det er mulig, gjennom forhandlin­gar, å få til ei endring.» Han siterte guten med Downs som sa til han: «Du må lova at sånne som meg kan bli fødde.» Han slo fast at KrF nå hadde ein historisk sjanse, og appellerte til landsmøtet om å vera den varme stemma på ikkje-sosialisti­sk side, og gå for nye, politiske gjennomsla­g.

Aldri realistisk

Men det var aldri realistisk å få gjennom ei slik endring i abortlova. Det finst ikkje nok politisk vilje til det nokon stad i dette landet. Ikkje i nokre av dei tre andre partia KrF nå skal dela regjerings­makt med. Ikkje i Solbergs eige parti. Ikkje i opposisjon­en. Og minst like viktig: Ikkje ute blant folk flest. Debatten storma i haust, bidraga var såre og opprivande, folk mobilisert­e og demonstrer­te.

At alt i abortlova handlar om djupe, etiske spørsmål har til nå alle politiske leiarar og parti forstått. «I så vanskelege spørsmål må ein finna breie etiske og politiske løysingar som står seg over tid,» sa Senterpart­iets leiar Trygve Slagsvold Vedum i Debatten torsdag.

Erna Solberg braut med dette i haust. Ho sette abortlova i spel for å behalda og utvida eiga makt. Ho må ha visst at det ikkje fantes nok politisk vilje i heile landet til å kunna få det gjennom. Eller ho må ha trudd at hennar eigen posisjon trumfar absolutt alt, og kan brukast til å få gjennom kva som helst. Det siste trudde tydelegvis mange nok i KrF også på. Det tener dei i dag lite til aere.

Endringa

Det KrF og Solberg har fått gjennomsla­g for i regjerings­forhandlin­gane, er å endra lova slik at det ikkje lenger blir muleg å abortera eit friskt tvillingfo­ster før tolvte veke. Vi er så godt som aleine om å tillata dette. Og grunnen til at det er lov, er fordi ein juridisk ikkje kan finna haldepunkt for at det ikkje er lov, i den eksisteran­de teksten. I fjor blei åtte slike abortar utførte, av totalt rundt 12 000 registrert­e abortar. At det er lov, syns eg er ein opprivande tanke. Men å endra lova fører ikkje nødvendigv­is til faerre slike abortar, det kan like gjerne føra til at begge tvillingan­e blir abortert. Det ligg djupe etiske problemsti­llingar her, som i alle sider ved den norske abortlova.

Den er frå 1970-talet. Den søkjer å balansera kvinnas rettar mot barnets, ved at barnet får sterkare og sterkare rettsvern jo lenger ut i svangerska­pet ein kjem. Teknologis­k og medisinsk utvikling kan ein dag gjera det nødvendig sjå på utforminga av lova igjen - treng den å moderniser­ast, for å kunna leva opp til det som har vore og fortsatt bør vera intensjone­n i lova?

Tilliten

Då trengst nettopp breie etiske og politiske diskusjona­r, med løysingar som vil stå seg over lang tid. Det har Erna Solberg torpedert grunnlaget for.

Solbergs bruk av abortlova i eit kynisk maktspel tener henne difor ikkje bare lite til aere. Den er direkte uetisk. Ingen av oss, uansett partifarge eller syn på abortlova, har nokon som helst grunn til å festa lit til Erna Solberg når ho snakkar om etiske refleksjon­ar og abortlova i same setning. Ingen.

Ho gjer det, likevel.

Ho må ha visst at det ikkje fantes nok politisk vilje i heile landet til å kunna få det gjennom. Eller ho må ha trudd at hennar eigen posisjon trumfar alt

 ?? TERJE BENDIKSBY ?? Erna Solberg har fått si fleirtalsr­egjering nettopp fordi ho vifta med endringar i abortlova under nasen på KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.
TERJE BENDIKSBY Erna Solberg har fått si fleirtalsr­egjering nettopp fordi ho vifta med endringar i abortlova under nasen på KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway