Stavanger Aftenblad

Dei hekkans laerarane!

- Norsklaera­r og sensor

ANONYM RETTING: Når ein samanlikna­r standpunkt vurderinga­r med eksamens vurderinga­r, så går den sistnemnde oftare ned enn opp.

Bjørg Odland

Her har poden skrive ein tekst som iallfall står til fem, kanskje seks, og så vurderer laeraren teksten til tre pluss! Både mor, far og tante Erna ser klart at denne teksten fortener betre! Han har svart på alt dei spør om, retteprogr­ammet har reinska teksten for feil, og det finst ikkje ein gong ein kommafeil! Dessutan fekk kjaerasten fem, og tekstane var jo mest identiske, var jo både like lange og tok føre seg same temaene.

Middagssam­talane i mange heimar Nei, den laeraren har nok bestemt seg for å halda poden nede – det er heilt usmakeleg at laerarane kan halda elevane nede på den måten! Slik går nok middagssam­talane i mange heimar. For tida får dei ekstra vatn på mølla av at politikara­ne fortel at dei har rett. Laerarane er ikkje i stand til å vera nøytrale, dei bestemmer seg alt i åttande klasse for at den eleven ser ut som han er ein treerelev, mens kameraten kanskje kan klara tre pluss. Dessutan er jo jentene stort sett mykje flinkare, så dei ligg nok både ein og to karakter over gutane uansett prestasjon. Og har ein hamna på eit nivå, så får ein ver så god halda seg der, og det gjeld sjølvsagt både opp og ned i skalaen.

Eg har vore norsklaera­r i over 30 år og retta og rettleia over 1500 elevar fram til eksamen. Eg har også sensurert grunnskule­eksamen i 25 år, seinast nå sist vår, og vore oppmann (leia sensuren) i fem av dei.

Når ein samanlikna­r standpunkt­vurderinga­r med eksamensvu­rderingar, så går den sistnemnde oftare ned enn opp. Dette fordi sensorane ikkje har ein personleg relasjon til den personen som står bak oppgåva, og fordi det er ei sluttvurde­ring av bare eitt produkt.

Når ein som laerar vurderer det elevane har gjort, tek ein omsyn til kva område kvar enkelt må forbetra seg på, og premierer dette. Det viktigaste for laeraren er å rettleia dei til å bli betre, ikkje å halda dei nede.

Feil bruk av ressursar

Det Høgre og Frp nå driv med, er ei kraftig devaluerin­g av laerarane. Anonym retting vart prøvd ut mellom 2013 og 2015, då også med Høgre i førarsetet. Det mest påfallande er at ein ser bort frå årsakene til at slik retting den gongen vart trekt tilbake.

I ei tid med stort fokus på opplaering i vurderings­kriterier, vart det vurdert som feil bruk av ressursar å bruka sårt tiltrengte timeløner til ekstra/anonyme laerarvurd­eringar.

Standpunkt­vurderinga må uansett vera ei heilskapsv­urdering av alt det eleven presterer gjennom året, og då må ein kjenna eleven og kunna gi rettleiing slik at kunnskapen aukar. Og til eksamen er jo vurderinga anonym uansett?

Er det desse kjepphesta­ne me enno ein gong skal bruka ressursane på i skulen? Når politikara­ne nå kjører omkamp på temaet – er det for å vinna veljarar?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway