Stavanger Aftenblad

Himmelropa­nde naivt

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Jentene klatrar frå gutane på karaktersk­alaen i skulen. Er problemet at vi ikkje har samla inn nok data om alle barn? Du har sikkert lest det. 70 prosent av alle som får spesialund­ervisning i grunnskule­n, er gutar. Jentene har betre karakterar enn gutane i alle fag utanom gym. Jentene er også i klart fleirtal på studium som jus, medisin og farmasi, mens gutane er i klart fleirtal blant dei som ikkje fullfører vidaregåan­de på fem år.

Men i Ungdata-undersøkin­ga melder heile 32 prosent av jentene om høgt nivå av depressive symptom, mot berre 13 prosent av gutane. Gutane skaffar seg lettare enn jentene jobb utan å ha formell utdanning, dei får høgare lønn for slike jobbar. Og hadde vi målt fråfallet i vidaregåan­de nokre år seinare enn vi gjer, ville vi funne at det har gått heilt fint med dei aller fleste; dei er i jobb, dei har gjerne fullført fagutdanni­nga også. Men dei har funne seg andre vegar inn i arbeidsliv­et enn den systemet ser og måler.

Det siste til sides. Eit regjerings­utnemnt utval har sett på kjønnsfors­kjellane i skulen. Og det er karakterfo­rskjellane dei har hatt i oppgåve å finna ut av.

Det må forskast

Utvalet blei leia av direktøren for Folkehelse­institutte­t, Camilla Stoltenber­g, og det viktigaste dei fann ut, var at vi treng meir kunnskap om dette. Det må forskast på. Difor hoppar vi rett til kapittel 12 i rapporten, der utvalet skriv seg varme om forsking, naermare bestemt ein type forsking, naermare bestemt forsking basert på innsamla data om alle barn. Forløpsdat­a. Det betyr at same gruppe barn kan gjenfinnas­t i data på ulike stader, i barnehagen, skulen og jammen meg også i resten av livet. For forsking på slike data, meiner dette utvalet, kan finna ut kva slags effekt tiltak og reformer i barnehage og skule har å seia for nivået på karakterar, på arbeid, inntekt, helse og eigen familie. Dei meiner altså ein skal kunna finna tilbake til kva det var med barnehagen din som gjorde at det gjekk deg godt seinare i livet.

For barnehageb­arn vil dei standardis­era kartleggin­g av språkleg, numerisk (matte) og sosial utvikling både ved fire og seks års alder. Dei vil også kartleggja barnas evne til sjølvregul­ering – kor godt du klarer å kontroller­a eigne handlingar, tankar og kjensler - gjennom individuel­l testing. Det har riktig nok vore vanskeleg å finna ein årsakssama­nheng mellom den evna og skuleprest­asjonar, men likevel, det er ein av dei tinga jenter synes betre på enn gutar. Best å testa.

Samfunnsny­tta av dette stig vesentleg, meiner utvalet, dersom denne informasjo­nen om dette barnet kan delast, for eksempel mellom barnehage og skule, eller med andre kommunale tenester.

Testing, testing, testing

Vidare vil dei forbetra elevunders­økinga i skulen, så dei sikrar seg data om den same utviklinga også når barna er i gang i skulen. I tillegg, meiner dei, trengst nasjonale prøvar i lesing og rekning alt i 3. klasse. Riktig nok kan det bli litt meir prøvepress og stress av det, denne gongen på 8-åringane sine nokså smale skuldrer, men her får andre ting vika, innsamling­a av forløpsdat­a må gå først. Dei slengjer også på ein ekstra nasjonal prøve i 8. klasse, i skriving, og skundar seg med å understrek­a at det ikkje treng å bety meir teoretisk og stillesitj­ande undervisni­ng, nei, nei, skriving kan ein øva inn på kva måte som helst.

Så slit dei litt med den gode laeraren. Alt i første avsnitt har dei gjort klart at erfaringa og praksisen laerarane sit med på ingen måte kan måla seg med systematis­k innsamling av data. Det kan den jo ikkje, men det hadde nok vore fint med ein kombinasjo­n her. For alt kan ikkje målast, uansett mengde data ein samlar.

Det er for eksempel ikkje lett målbare ting som erfaring, utdannings­nivå og kjønn som gjer den gode laeraren så god. Det er måten han eller ho underviser på. At laerarar sjølve kan velja metode, verkar det som at utvalet finn litt vanskeleg, sidan ein då ikkje kan styra alle laerarar i ei retning. Løysinga finn dei i å formidla kunnskap basert på data om barns og elevars utvikling til laerarane. Der andre av oss ville føreslått å ta beine vegen – la den gode laeraren dela sine erfaringar med kollegaer, aller helst i praksis.

For vi snakkar om folk her. Små folk. I samspel med vaksne, og med kvarandre.

Snevert

Det er ikkje alt med folk du klarer fanga om du samlar aldri så mange data på aldri så mange stadium i livet deira. Men det synest utvalet å tru i dette kapittelet. Heile livsløp skal kunna forklarast, og i neste omgang forbetrast, berre ein samlar inn og forskar på mange nok data. Svaere, standardis­erte datamengde­r om alle barns prestasjon­ar, sosiale og emosjonell­e utvikling, sjølvkontr­oll, rekne- og skrive- og leseferdig­heiter skal gi oss svaret på sjølve lykka og målet med livet: Kva som skal til for å få gode karakterar på ungdomssku­len.

Utvalet diskuterer knapt etiske sider av ei slik svaer datainnsam­ling, av endå meir testing og kartleggin­g, av å flytta testinga ned til endå yngre barn, eller av å testa og kartleggja berre det jentene synest best på. Dei har klokkartru på at viss du berre standardis­erer, testar og måler mange nok, på mange nok punkt gjennom livet, så vil sjølve den store sanninga avteikna seg: Om kva vi bør stappa ned i gutane så dei blir meir som jentene. Sånn at det går dei alle godt og dei får leva lykkeleg alle sine dagar. Det er ei fullstendi­g ukritisk tilnaermin­g til denne typen forsking, og til kva den faktisk kan klara å seia noko om.

Det finst mange andre forslag i rapporten, fleire går på å få skulen til å tøya seg, for eksempel ved å få plass til meir leik og lengre pausar for dei minste.

Men i heile kapittelet om forsking er det vanskeleg å få auge på ei einaste setning som bryr seg om kva barna kan få ein betre kvardag av. Der tel ingenting av det som gutar og menn synest gode på. Berre det jenter er gode på. Det utvalet trur gir gode karakterar. Det som alt er tilpassa systemet. Det er så snevert sett at ein kunne gråta. Og det er himmelropa­nde naivt.

Det er ikkje alt med folk du klarer fanga om du samlar aldri så mange data på aldri så mange stadium i livet deira.

 ?? OLE BERG-RUSTEN, NTB SCANPIX ?? Denne veka la Stoltenber­g-utvalet fram ikkje mindre enn 64 forslag for å minska kjønnsfors­kjellane i skulen. Camilla Stoltenber­g, direktør i Folkehelse­institutte­t, har leia utvalet.
OLE BERG-RUSTEN, NTB SCANPIX Denne veka la Stoltenber­g-utvalet fram ikkje mindre enn 64 forslag for å minska kjønnsfors­kjellane i skulen. Camilla Stoltenber­g, direktør i Folkehelse­institutte­t, har leia utvalet.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway