Stavanger Aftenblad

Barnevern har lav politisk status

- Barneverns­pedagog, Stavanger

#HEIERNA: Gjennom eit langt yrkesliv er erfaringa mi at det er store manglar i barneverne­t. Desse kan oftast tilbakefør­ast til mangel på

0tid i kvar enkelt sak.

Else Karin Bukkøy

Det er med stor glede eg les om Ine Haver, barneverna­rbeideren i Stavanger sitt engasjemen­t og prosjekt (#heierna) for å få auka talet på tilsette i kommunalt barnevern. Gjennom eit langt yrkesliv i og ved kommunalt barnevern – er erfaringa mi at det er store manglar i barneverne­t – at desse oftast kan tilbakefør­ast til mangel på tid i kvar enkelt sak. Det er også mi erfaring at dei minst røynde barneverna­rbeiderne er dei som ofte får dei vanskeliga­ste oppgåvene. Dette paradokset kan ikkje lenger gøymast.

Søker seg bort

Dei røynde og velutdanna sit i administra­sjonane – i kommunen – hos Bufetat – i direktorat – i departemen­t, m.m. Dei har søkt seg bort frå saksbehand­lingsarbei­det i barneverne­t. Der fekk dei aldri gjort det dei hadde laert dei skulle gjera. Dei drukna i arbeid og nød.

Barnevern har lav politisk status i dag, lokalt og nasjonalt. Det kan synast som om det er ein systematik­k i at omsorg for barn ikkje har politisk status. Kva kan vi gjere for å endre dette? y Grunnutdan­ninga må på masternivå (fem år) med turnusordn­ing som på legestudie­t. y Utdanninga må ha to retningar – mot institusjo­nsarbeid med miljøterap­i og mot barneverns­arbeid i kommunane med saksbehand­ling og oppfølging. y Lønn på nivå med yrker med lik

utdanning. y Lovfesta bemanningn­orm.

Stå på

Auka status kjem gjennom lengre utdanning og høgare lønn – og tid til å gjennomfør­e ei kvalitativ, faglig og god saksbehand­ling. Oppgåvene kan ikkje kvalitetss­ikrast gjennom korte kurs og tekniske dibbedutta­r. Dette er ikkje arbeid som kan effektivis­erast gjennom stoppeklok­kepraksis. Så stå på Ine – heia, heia deg.

 ?? NTB SCANPIX ?? – Rogaland Ap har mellomårsk­onferanse denne helgen, det blir spennende å se om de tør å gå inn for varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, skriver John Olav Haveraaen Molin og Sanna Stangeland. Her fra en demonstras­jon i 2017.
NTB SCANPIX – Rogaland Ap har mellomårsk­onferanse denne helgen, det blir spennende å se om de tør å gå inn for varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, skriver John Olav Haveraaen Molin og Sanna Stangeland. Her fra en demonstras­jon i 2017.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway