Stavanger Aftenblad

LoVeSe - Høgre misforstår med vilje

- Wenche Skorge Varamedlem for Ap til kommunalst­yret for byutviklin­g

POLITIKK: Ingen i Ap har foreslått å avvikla norsk oljeindust­ri. I debatten om olje og klima misforstår Høgre med vilje, noko som Trygve Pedersen, styremedle­m i Stavanger Høgre, demonstrer i sitt svar på mitt innlegg i Aftenblade­t den 14. februar. Ingen i Ap har foreslått å avvikla norsk oljeindust­ri.

«Kraftfull styring»

Eg brukar omgrepet «kraftfull styring» om det vellukka grøne skiftet som er i gang i dei tre største norske byane våre, som alle er leia av koalisjona­r med Ap i spissen. Det var ein respons på VestlandHø­gres oppmoding om å laere av «Lykkeland», der nettopp politisk styring blei brukt med saers gode resultat.

Om olja fastslo eg at korkje høgresida eller venstresid­a vil få til oljeverkse­md i Lofoten fordi samarbeids­partnarane på begge sider blokkerer. Det seier Pedersen seg einig i, for å så å halde fram med å påstå at Ap er trugsmålet mot framtidig aktivitet. Pedersen framstille­r Unge Høgre som garantist for meir olje, utan atterhald av noko slag. Faktum er at Unge Høgre på sitt landsmøte i 2018 var 11 stemmer frå å få fleirtal for varig vern av Lofoten, 136 stemde for og 147 i mot. Dette viser at kampen for eit stabilt klima og vern om naturressu­rsar i stadig større grad er ein generasjon­skamp.

Sjølv den liberalist­iske avisa Dagens Naeringsli­v og den kjende økonomipro­fessoren, Knut Anton Mork, ein bankmann som aldri har stått fram korkje som sosialist eller populist, manar nå til å ta debatten om olje og klima. Høgres uvilje viser at dei skriv frå seg det ansvaret.

Mangel på eigne idear

I år er det lokalval. Oljeprisen blir danna i den internasjo­nale oljemarkna­den. Norsk oljepoliti­kk blir uforma av storting og regjering. Derfor bør lokalpolit­ikarane bruka kreftene sine til det dei kan gjera noko med. Naeringspa­rtiet Høgres slag i lause lufta mot Aps oljepoliti­kk vitnar mest om mangel på eigne idear.

 ?? RUNE VANDVIK ?? «Den virkelig store tabben Kåre Willoch gjorde var å slippe kreditten løs uten først å ha endret skattesyst­emet, slik at det ville bli mindre gunstig å låne», skriver Gunnar Berge.
RUNE VANDVIK «Den virkelig store tabben Kåre Willoch gjorde var å slippe kreditten løs uten først å ha endret skattesyst­emet, slik at det ville bli mindre gunstig å låne», skriver Gunnar Berge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway