Stavanger Aftenblad

På utstilling?

- Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Det finst nok hinder der ute ennå, for kvinner som helst vil susa rundt for eigen maskin. Hopp over. Og sett for alt i verda ikkje opp nye sjølv. Det finst dagar der gardinblaf­ringa inn i rommet er så mild at du forstår at nå har det skjedd. At du berre kan smetta på deg to plagg eller kanskje tre, at sokkar skal få fred og taerne fri, så sjølv dei tre i midten som ikkje ein gong har namn i vaksen alder kan få kjenna på ein slags eigen vilje, strekkja seg akkurat nok til å få vera litt for seg sjølv, nok til å klemma bittelitt på eit grasstrå og tru at dei gjorde det heilt aleine.

Og du kan la morgonlyse solstråler treffa deg, kjenna kroppen din svara med liv og nyvakna glede, kjenna lufta stryka kinn og armar og legger når du syklar ut i dagen og det er deg og sommaren og ingenting i mellom.

I alle fall til du møter andres blikk.

Å hekta seg fast

Kanskje ser du det same der. Gleda over å vera i sommaren, eit blunk av at eg ser vi er glade, eg og du. Eller kanskje ser du blikket som glir bort frå ditt, nedover deg og opp igjen, og nå møter ditt med forundring. Med eit spørsmål du ikkje heilt får tak på. Men det skjer igjen. Igjen og igjen og igjen. Det er mange slike blikk. Og du forstår. Ialle fall trur du at du forstår. Blikka ser at du har lite klede på. Og dei trur det er fordi du har noko å visa fram. Noko du vil dei skal sjå. Så dei såg etter. Og syntes kanskje ikkje det dei såg var så fint at du hadde grunn til å visa det fram.

Kanskje blir du lei deg. Skamfull, til og med. For det var jo ikkje framvisnin­g du dreiv med. Du ville berre kjenna sommaren. Kjenna lufta og lyset og livet stryka og varma og gleda. Det vil du jo ennå. Så du slår blikket ned. Eller festar det stivt langt borte i horisonten ein stad. Og passar på at lyset i det ikkje treff andre lenger.

Du blir oppteken av å passera, koma forbi, koma vidare, koma vekk. Av å dra i kjolen, av å gøyma deg sjølv litt lenger inne enn før. Neste gong, for det kjem jo fleire slike dagar, hugsar du tightsen og dei mørke solbrillen­e. Hugsar som i ein liten skugge ved den eine tinninga at det er jo sommaren du vil kjenna, ikkje blikka. Så du kler litt meir på deg, gjer det tydeleg at nei, du er ikkje ute for å bli sett, litt sjølvinnsi­kt har du jo.

Eller vent, kanskje var du blant dei som fekk applaus i blikka denne første dagen. Kanskje blei du glad, kanskje gjorde det sommaren heilt ekstra fin å vera i. Men det er ikkje sikkert. Kanskje ville du også berre møta lyset av gjenkjenni­ng i dei andre sitt blikk eit så-godt-det-er-med-sommar-blikk. Eit eg-ser-at-du-også-er-glad-og-det-erfint-blikk. Ikkje eit så-fint-at-du-har-liteklede-på-blikk.

Ein kan mista sommaren av slikt.

Litt og litt. Ein kan mista den sjølvsagte gleda over berre å vera. Berre å driva med sitt. Ein kan enda med å gøyma lyset i blikket, ikkje la det treffa andre lenger, berre prøva å vera god nok på det der med å bli sett. Det er trist. Og det er veldig, veldig kjedeleg. For ein møter ikkje folk lenger då. Ein berre speglar seg sjølv i dei, der ein går rundt og er bankande opptatt av korleis ein sjølv ser ut og framstår og ikkje kan tru det er godt nok før ein trur det står å lesa i andres blikk at det er det. I tomlar opp og likes og delingar og kompliment på snap og insta og face.

Hopp over

Det er ei ganske lammande greie. Ein kan enda med å setja opp fleire og fleire slike hinder. For seg sjølv. Viss ein heile tida må passa på, så ingenting ved deg sjølv distrahere­r. At ingenting er feil. Og ikkje berre i det ytre, ein må kanskje også vita at ein verkeleg, verkeleg, verkeleg har gjort seg fortent til den plassen ein er i ferd med å ta, og helst at det er innlysande for alle. Så kan ein finna på å seia nei til sjansar og ufordringa­r, fordi ein ikkje er heilt, heilt sikker på at det ikkje finst andre som kanskje kan gjera det bittelitt betre. Som veit litt meir. Som det kostar litt mindre å gjera det.

Så er ironien sjølvsagt at jo meir oppteken ein er av å forsikra seg på alle kantar at ingenting ved deg er feil eller distrahera­nde eller mindre enn unikt på rette måten, sånn at ingen blir forundra viss du tar litt plass nå, jo mindre plass gir du deg sjølv. Og du treng plass, plass til å ta rennefart og hoppa over slike lammande hinder. Plass til å bruka kreftene på noko anna. Noko å vera i, noko å stå for. Noko som kan få lyset fram i blikket ditt. Det treng ikkje vera spektakula­ert for å vera viktig. Det finst ei heil verd som treng å reddast. Det finst folk som treng hjelp, det finst plastikk å fjerna, jordbaer å plukka og politikk å endra. Det finst somrar å vera i, stormar å stå i og hemmande sokkar å kvitta seg med.

Ein treng ikkje vera den som sparkar hardast frå. Det held å strekkja seg langt nok ut og opp til at ein kjenner at ein tar plass. Som ei av dei der tre taerne i midten. Når dei først har fått sokken av og kome seg ut.

Det held å strekkja seg langt nok ut og opp til at ein kjenner ein tar plass.

 ?? FRANK MAY / PICTURE ALLIANCE ?? «Det finst somrar å vera i, stormar å stå i og hemmande sokkar å kvitta seg med,» skriv Solveig G. Sandelson
FRANK MAY / PICTURE ALLIANCE «Det finst somrar å vera i, stormar å stå i og hemmande sokkar å kvitta seg med,» skriv Solveig G. Sandelson
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway