Stavanger Aftenblad

Slik snakkar elevane om laeraren

-

DOKTORGRAD: Narve Dolve, bildet, disputerer ved Universite­tet i Stavanger 7. mars.

I avhandling­a «Eleven sine talehandli­ngar og laeraren sitt omdømme» har han intervjua 14 informanta­r på det 10. klassetrin­net i grunnskule­n. Han har sett på måten elevane karakteris­erer laerarane sine på i samtalar seg imellom, på skulen eller i fritida.

Det er viktig for elevane å kunne le saman med laeraren og at laerarane snakkar med dei som jamstilte. Dette er ein av konklusjon­ane i doktorgrad­savhandlin­ga til Narve Dolve.

Alle laerarar veit dei vert omtala i heimane og andre samanhenga­r. Doktorgrad­sarbeidet til Dolve gir eit blikk inn i korleis dei vert omtala, og korleis elevane ser på laeraren.

Dolve fann at elevane har utprega kritisk sans. Dei baserer seg ikkje berre på rykte og omtale frå andre, sjølv om forventnin­gar kan vera bygde opp. Dei vil sjå og høyre personen før dei gjer seg opp meiningar. Difor kan omdømmet til laeraren endre seg over tid.

Laerarar som har opparbeidd seg eit dårleg omdømme, er utsette for risiko.

For det fyrste kan elevane ta til å tale stygt om eller til laeraren. For det andre kan det vere vanskeleg å halde disiplin, og då hjelper det ikkje for laeraren å vere streng. Det styrkjer berre det negative omdømmet og tyder for elevane på veikskap.

Samstundes viser Dolve korleis samspelet mellom laerar og elev kan betre seg når laeraren vert meir trygg på seg sjølv, eller reagerer på måtar elevane respektere­r og forstår betre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway