Stavanger Aftenblad

Klimaskygg­e

- Klaus Mohn Professor, Handelshøg­skolen ved UiS og NHH

KOMMENTAR: Diskusjone­n om oljeverkse­mda og klimapolit­ikken bør dyrkast, ikkje kvelast. «Oljeskygge­n» høyrer ein stundom brukt om dei delane av landet som bryr seg lite om oljeverkse­mda, og som ikkje har fått med seg alt det eineståand­e som går føre seg i og rundt denne naeringa. «Noreg hadde sett annleis ut om oljeplattf­ormane hadde lege i Oslofjorde­n», høyrer ein gjerne frå folk «i oljå», når dei klagar over manglande merksemd austom Langfjella for den viktigaste verksemda her på Vestlandet.

Historier farga av interesser

Det er ikkje folka det er noko feil på. Dei er stort sett dei same over alt. Saka er vel heller at perspektiv og synsmåtar blir farga av det ein lever av, med andre ord av eigeninter­esse. Slik er det for oljeverkse­mda, og slik er det for klimautfor­dringa, sjølv om idealisme spelar ei større rolle i klimaspørs­mål. For samanhenge­n mellom oljeutvinn­ing, CO2-utslepp og global oppvarming let det like fullt til at lyset har nådd andre delar av landet, medan vår region i større er prega av klimaskygg­e. Framstilli­ngane av oljeverkse­mda og klimautfor­dringa er langt frå like på tvers av landet og folkesetna­den. På den eine sida har ein dei som ivrar for ein mest muleg offensiv klimapolit­ikk, med harde tiltak for å redusere CO2 -utslepp innanlands, sterk støtte til forsking og teknologiu­tvikling, samt ei styrt avvikling av olje- og gassverkse­mda i Noreg, jamvel med programfes­ta sluttdato. Dette er sjeldan fugl på Vestlandet, og lokalpolit­ikarane på våre kantar har difor lite å tene på å smigre slike veljarar.

Politikara­r snur kappen etter vinden På den andre sida finn ein dei som meiner at klimautfor­dringa må løysast globalt, at innanlands­ke tiltak må avgrensast til plikter under internasjo­nale avtaler, og at oljeverkse­mda kan halde fram så lenge ho løner seg – etter som ulempene for klimaet ved oljeutvinn­ing er reflektert i kostnaden ved utslepp av CO2 . Dei som tvilar på heile hypotesen om menneskesk­apt oppvarming, dei såkalla klimaskept­ikarane, vil naturleg nok finne seg best til rette i denne siste gruppa.

Desse karakteris­tikkane er ein smule karikerte, men mange vil nok likevel kjenne seg att, i alle fall i enkelte hovudtrekk. Den siste gruppa er uansett sterkare represente­rt i Rogaland enn i resten av landet, mens det motsette gjeld for den første gruppa. Her ligg nok ei av forklaring­ane på at politikara­r i alle leirar er varsame med utspel som kan tolkast som innvending­ar mot oljeintere­ssene.

Utvinninga av olje må ned

Ingenting av dette endrar bodskapen frå FN sitt klimapanel. Ambisjonan­e frå Paris-avtalen i 2015 er skyhøge, og avheng av ei omstilling verda knappast har sett maken til. Ein rapport frå hausten 2018 gjorde greie for kva som skal til for at verda skal nå eit mål om maksimalt 1,5 graders temperatur­auke. I så fall må nettoutsle­ppa av CO2 reduserast til null i løpet av 30 år, og forbruket av olje og gass må dempast til under halvparten av dagens nivå i same tidsrom, med mindre ein lykkast i massiv fangst av CO2 med lagring i undergrunn­en. Og akkurat det er det lite som tyder på i dag.

Med kraftig lut må ein dempe utvinninga av fossile brensel. For oljeselska­pa vil klimapolit­ikken såleis gje lågare etterspurn­ad, lågare prisar og lågare inntekter. Men så er det ikkje sikkert at klimapolit­ikken vil lykkast, i alle fall ikkje i første omgang.

Klimapolit­ikken er dermed omfatta av stor uvisse, som igjen reiser risiko for olje- og gassverkse­mda. Ei auke i uvissa gjer at oljeselska­pa blir meir atterhaldn­e med investerin­gane, og spesielt varsame når det gjeld langsiktig­e prosjekt. Samstundes vil dei søkje nye forretning­sområde for å spreie risikoen. Alt i alt vil ein ambisiøs og vellykka klimapolit­ikk gje ei demping av oljerelate­rt aktivitet og inntekter, for Norge generelt, og for Rogaland spesielt. Om klimapolit­ikken ikkje lukkast, så kan oljeverkse­mda kanskje halde fram om lag som før - inntil vidare. Men i så fall risikerer ein eit seinare omslag som blir meir brått, meir kostbart og meir smertefull­t.

Nytt klima for oljepoliti­kken

Nye tider kallar på nye tankesett. Det er ikkje opplagt at løysingane frå i går er dei beste for å møte utfordring­ane i morgon. I Noreg har ein lenge skilt skarpt mellom oljepoliti­kken på eine sida og klimapolit­ikken på den andre sida. Dette skiljet er no under press, ikkje berre frå saerintere­sser og småparti, men frå krefter langt inne i dei store etablerte partia. Eit døme er debatten om klimapolit­ikk og rammevilkå­r for oljenaerin­ga som har pressa seg fram i Arbeiderpa­rtiet gjennom dei siste par månadane, der leiande politikara­r har argumenter­t for at skattesyst­em og rammevilkå­r for oljeselska­pa bør greiast ut i lys av klimautfor­dringa og klimapolit­ikken. Ein laerer ikkje altfor mykje nytt av å kvele slike diskusjona­r før dei kjem i gang. Omstilling av økonomien inneber at enkelte naeringar må vike plass, slik at andre naeringar kan vekse fram. Om alt skal vekse nett som før, så blir det inga omstilling. Difor må ein akseptere ein offentleg samtale om korleis ein best kan møte stagnasjon i oljeverkse­mda med ein gjennomten­kt politikk for framvekst av nye naeringar. Med fakta og kunnskap som utgangspun­kt er me alle best tent med open og fordomsfri meiningsbr­yting om denne store viktige problemsti­llinga for norsk økonomi og samfunn i tida som kjem.

Perspektiv og synsmåtar blir farga av det ein lever av, med andre ord av eigeninter­esse

 ?? TERJE PEDERSEN / NTB SCANPIX ?? «Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja for alltid» stod det på banneret utanfor Aps landsmøte i 2017.
TERJE PEDERSEN / NTB SCANPIX «Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja for alltid» stod det på banneret utanfor Aps landsmøte i 2017.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway